Påskenøtter

Nattverdens fargerike påskenøtter

Sit du der i hytteveggen med sår hals medan resten av familien er på topptur? Manglar de spar fem og ruter knekt i kortstokken? Var bag-in-boks-vinen du tok med oksidert?

Då kan du prøve å få opp humøret med litt påskenøtter. Ein fargerik quiz for dei små grå. Det er jo lett å vite om vinen i glaset er raud eller kvit. Men kva om du har bind for augo eller berre ser eit namn? Veit du då kva farge det skal vere?

Test deg sjølv, bli best og kom tilbake på kontoret etter ferien med auka sjølvkjensle! Eller ikkje..

Vil du ha meir? Jan Tore hadde ein quiz i mars, som du kanskje gjekk glipp av. Treng du meir kunnskap for å hevde deg? Les gjennom arkivet på sida, eller meld deg på Master of Wine.

Leave a Reply