Grace Koshu Kayagatake 2017

Det første sniffet
snø ligg over pæretreet
rein som soloppgang

Strågul med rosa skjær
 fruktig aroma møter nase
delikat sitrusblome

Japansk vin er ikkje kvardagskost i Noreg – men på heimebane har det vore kommersiell vinproduksjon sidan seint 1800-tal. På siste sleppet lanserte Vinmonopolet to kvite, med ei for meg ukjend drue.

Koshu er kvitvinsdrua som Marco Polo hadde med seg austover – i alle fall er det slik ho er mytologisert. I røynda tyder mykje på at drua ein hybrid av ei europeisk vindrue – som rett nok har følgd Silkevegen –  og ei eller fleire asiatiske drueslag. Namnet er tidlegare brukt om Yamanashi, området ein halvannan times biltur vest for Tokyo, der Koshu-drua i hovudsak vert dyrka. Varme dagar og kalde netter gjev ein lang vekstsesong i vulkansk jord.  

 Grace Koshu Kayagatake 2017

100% Koshu, fermentert og lagra på ståltank

Lime, sitron og «vulkan» frå nyopna flaske – blindt hadde eg mest sannsynleg gått til sør-Italia eller Sicilia. Får kvikt inn søtare tonar av rosevatn, pære, kvit pepar og nyslått gras. Lågmælt duftbilete, behageleg, men er litt all over the place

Friskt anslag, midparti med mykje sitrus, litt grapefruktbittert og akvatisk saltpreg undervegs. Grei lengde med sitron og grapefrukt som konkurrerer om å gjera avslutninga syrleg eller bitter. Drar på seg meir fylde med lufting, får fin smak av sylta sitron.

Lettdrikkeleg og smålåten vin som fungerte fint til steamed buns med reker. Fine og reine smakar, men eg saknar meir konsentrasjon.

Trevor Horn – Reimagines: The Eighties (Feat. The Sarm Orchestra)

Mannen som meir eller mindre definerte lyden på åttitalet har byrja å røra på seg igjen. Sjølv hadde Trevor Horn ein hit med «Video Killed The Radio Star» og eit kort opphald som vokalist i Yes, før han heller satsa på produsentrolla. Lista er lang: Art of Noise, Frankie Goes To Hollywood, Pet Shop Boys, Seal og comebacket til Yes (der han måtte veksla mellom å trua med og trygla om at dei måtte ta med «Owner of A Lonely Heart» på plata) er berre dei mest kjende.

No er han blitt så gamal at han ikkje treng å bry seg kva andre meiner, har plukka ut gamle favorittar, fått med seg små og store vokalstjerner, og arrangert alt heilt på nytt. Med blanda resultat…

Mykje er tøft, og berre eit val er heilt krise. Å la Gabrielle Aplin gjera «Dancing in the Dark» er ei fantastisk beslutning – det senka tempoet framhevar det tekstlege og gjev ei låt eg har høyrd ein million gongar før heilt ny meining for meg. Å la Tony Hadley (Spandeau Ballet) gjera det same med «What’s Love Got To Do With It» har noko av den same effekten. Simple Minds går keltisk med «Brothers in Arms» og det er vel ikkje å koma i frå at Jim Kerr er ein betre vokalist enn …vel… dei fleste er ein betre vokalist enn Mark Knopfler…

 Trevor Horn syng sjølv ein herleg ironisk symfonisk jazzswing-variant av «Owner of a Lonely Heart» medan han ikkje treff heilt med «Take On Me» i balladedrakt, mykje fordi a-ha sjølv gjorde det  betre på Summer Solstice. Seal med «Ashes to Ashes» og Rumer med «Slave to the Rythm» fungerer heilt greit. Den einaste varianten som er heilt katastrofal er «The Power of Love». Matt Cardle er milevis frå den sjølvutslettande kjærleikserklæringa i FGTH-originalen, og tilfører ingenting av meirverdi.

Morosam egotripp – signert cd kan kjøpast direkte frå heimesida til Horn.

Kjelder:
www.grace-wine.com
www.koshuofjapan.com
www.trevorhorn.com

3 tankar på “Grace Koshu Kayagatake 2017

Leave a Reply