2. kondisjonalis

Vi vindrikkarar prøver så godt vi kan å vere i presens når vi sit der med noko smakfullt i glaset. Men når så flaska er tom, kanskje var det den einaste du hadde av sorten, kjem vi fort over i 2. kondisjonalis. No heiter det visst preteritum futurum perfektum, seier norsklæraren og kona mi. Uansett, det er noko vi angrar på. “Hadde eg visst/hadde eg hatt meir pengar, så skulle eg ha kjøpt fleire flasker av den vinen.” Eg tippar du òg har formulert denne setninga i verbtida 2. kondisjonalis mange gonger. 

Hadde eg visst at Burgund skulle bli så dyrt, hadde eg kjøpt meir før. Hadde eg visst at den vinen skulle stige så mykje i pris, skulle eg ha kjøpt nokre flasker tidlegare. Hadde eg visst at lagra Champagne var så godt, skulle eg ha kjøpt meir medan eg var ung. Slike setningar viser at vi har kome til ei erkjenning, at vi har lært noko gjennom alle dei flaskene vi har smakt og konsumert.

Men vi må ikkje gløyme at om vi hadde kunne reise attende i tid for å “rette opp” desse erkjenningane vi har kome til, så ville vi mista noko anna. Vilkåret for: “hadde eg kjøpt dei kassane med Chambolle-Musigny og Vosne-Romanée 2005/2010 den gongen,” er jo: “då ville eg ikkje hatt råd til å smake på X, Y, Z etc seinare.” Jau, kanskje hadde eg kunne sitje med noko gode flasker raud Burgund eller utvikla Champagne, men kanskje hadde eg ikkje lært kor godt det kan vere med arinto av høg kvalitet, med sangiovese frå høgtliggjande vinmarker, eller med savagnin utan flor i fatet.

Eg ser på meg sjølv som ganske open for å prøve nye vinar og stilar. Men når eg blar gjennom notatboka og ser på kva eg har smakt av kvitvin det siste året, er det svært mykje riesling og chardonnay og lite andre druer. Det er vel slik at hadde eg ikkje brukt tida på desse vinane, ville eg ha oppdaga noko nytt. Når eg ser på lista over klassiske og populære kvitvinsdruer, er eg kanskje ikkje så open likevel. Det er sjeldan eg kjenner behov for ein gewürztraminer eller muscat. Viognier frå gode adresser i Rhône kunne eg ha prøvd, men dei er litt dyre. Pinot gris, pinot blanc, sylvaner eller trebbiano får det ikkje til å krible. Ei heller sauvignon blanc, albarinho eller fiano. Men chenin blanc, furmint og carricante kan eg nok prøve meir av.

Ei drue som eg tykkjer er litt for nøytral i enkle vinar er grüner veltliner. Men når vinmarka er bra og vinen har konsentrasjon vert det intense og høgrøysta vinar. Og det passar til grüner. Dessutan finst det vinar som ikkje blir utselde med ein gong. Difor treng du ikkje formulere ei setning i 2. kondisjonalis, men gå rett til presens med tastetrykk og bankkort. 

Eventuelt blir det til at du må formulere denne setninga i preteritum futurum perfektum: “Dersom eg berre hadde gjort som Håvard skreiv om, skulle eg ha kjøpt denne vinen.”

Vinmarka Käferberg med Langenlois nedanfor. ©Weingut Bründlmayer

Enno finst det to digre og gode grüner veltliner frå vinmarka Käferberg i Langenlois i Kamptal. Begge er frå 2018, ein varm og rik årgang som gav høg mogning i druene og tørre vinar med pondus. Det kan av og til fungere, i allefall med grüner. Det er altså frå dei to gode adressene Bründlmayer og Loimer, og eg smakte vinen i 2020. No har dei fått eit par år til på seg, og er kanskje endå betre. Ganske forskjellige, men gode på kvar sin måte.

Bründlmayer Ried Käferberg Grüner Veltliner 1ÖTW 2018

Strågul. Ah! Ei slegge av ein vin slår inn i nasen. Rund og intens lukt med mogne eple, pære og litt pepar. Heilstøypt og og innbydande. Fyldig, smooth og lekker tekstur. Tilstrekkeleg syre. Smakar av eple, steinfrukt og kvit pepar. Tilgjengeleg og digg vin. Treng det lagrast? 14,5 % alkohol. Kosta i 2020 kr 420, medan no er prisen 469,00. Skulle ha…

Druene blei hausta 27.-29. september. Vinen gjærar i 300-liters fat av austerriksk eik. Sidan mognar vinen i store brukte fat på 2500 liter. Tapping var i august 2019. Variert jordsmonn med både glimmerskifer, gneiss, mergel og sand. Käferberg har sør-søraust eksponering og ligg 304-364 moh. Bründlmayer har vore økologisk sertifisert sidan 2018. Lagar vin frå 75 hektar.

Om du blar deg nedover i denne fine artikkelen frå Morten, finn du at han smakte vinen i 2019.

Loimer Ried Käferberg Grüner Veltliner 1ÖTW 2018

Strågul +, klar og fin. Middels intensitet på lukt. Her trengs det meir luft og jobbing med glaset enn Bründlmayer. Fruktig og med eit tydeleg peparpreg. Steinete, nesten syrleg-metallisk lukt. Viss Bründlmayer var som ein Bjørn Eidsvåg, er Loimer meir som.. tja, Thomas Dybdahl. Cheesy, men betre på dei lyse tonane. Glatt, fyldig og ganske feit vin med eit fenolisk grep i munnen. Mogen frukt. Steinfrukt og eple dominerer. Kjølig og sober. Her er ikkje noko tydeleg syre, men vinen heng då pent saman allikevel. Godt laga vin. 13 % alkohol. Kosta 399,90 då som no. 

Druene vart hausta i midten av september. Fyrst vert druene knust og så ligg mosten med skalkontakt i 24 timar. Gjæring i stück og doppelstück. Mogning i elleve månader i eik og sidan ni månader i ståltank. Tappa i juli 2020. Loimer har arbeidd biodynamisk sidan 2006. Huset lagar vin frå ca 65 hektar.

Jan Tore har òg skrive positive formuleringar om grüner frå Langenlois.

Ein tanke på “2. kondisjonalis

Leave a Reply