2 x Cornas

Smått og godt

Det 145 hektar vesle vindistriktet Cornas opplever auka interesse. Om det er fordi vinen frå storebrørne Côte-Rôtie og Hermitage er blitt for dyre for mange, veit eg ikkje. Det kan også vere at generasjonsskifter og litt dynamikk har vore utslagsgjevande. Småskala bønder som lagar vin i tradisjonell og litt rustikk stil, overdreg vinmarker til unge og svoltne gutar og jenter som har vore ute i verda og fått andre impulsar. Kanskje ikkje akkurat korleis dei skal lage Cornas, men korleis bli synleg, og treffe nye marknader.

Granitt is the shit

Cornas ligg tilbaketrekt frå dalen, og det gjer at druene mognar lettare her enn meir vindutsette vinmarker i Tournon og Mauves i appellasjonen St.-Joseph, rett nord for Cornas. Det er den kalde vinden la bise som kjem frå Sveits, og vert kanalisert ned Rhônedalen. Mange av vinmarkene i appellasjonen har også ei eksponering mot sør, noko som bidreg til at druene i Cornas mognar tidlegare enn i Hermitage og Côte-Rôtie.

Varmt og tørt vêr på hausten gjer at det er mogleg å drive økologisk. Men det verkar ikkje å vere så utbreidd. Det kan kome av at det er mange små domainer som har eller har hatt vindyrking som biinntekt, og at det er framleis er mange som er av den gamle garde. Desse har ikkje så lett for å skifte meining om slike radikale grep, dersom det ikkje er ein yngre generasjon som står klar til å overta. Cornas er definert av granitten i Massif Central, og vinstokkane veks på både massiv granitt, og ein meir oppsmuldra type som går under namnet gore. Det er varierande tjukkelse på toppjorda, og nokre stader er det også lag sand og leire, med innhald av kalk.

Nyplanting og ny giv

Prisane og interessa for Cornas har aldri vore i nærleiken av Côte-Rôtie eller Hermitage. Til og med Crozes-Hermitage oppnådde høgare pris tilbake på 1800-talet. Etter andre verdskrig var det vel så mykje pengar i fruktdyrking, og vinmarksarealet var berre 53 hektar i 1971. Georges Bessenay var fyrst ute med å tappe på flaske sjølv, i 1952. Sidan følgde Auguste Clape frå 1955 og Joseph Michel året etter. I starten av 80-talet var det framleis berre 20 av 60 vinbønder som tappa sin eigen vin. Mange selde til kooperativ, negociantar eller fat til kaféar og restaurantar.

På nittitalet vart det litt auke i prisane. Inn kom den brautande”modernisten” Jean-Luc Colombo som med nye metodar og sleivete kommentarar, skapte litt merksemd til søvnige Cornas. I 2005 var det 102 ha i drift medan ferske tal fortel om 145 hektar. Det har altså vore mykje nyplanting i det siste. Og ein god del av dette er heilt vest i appellasjonen, der det tidlegare var skog og beitemark. Om Cornas frå desse nylendene forsvarer appellasjonens auka prislapp, gjenstår å sjå.

Gjær i tunnelen

Dersom du er glad i tog og syrah, er Domaine du Tunnel ein produsent å undersøke. Stéphane Robert starta opp i 1994 med to tomme hender, og ein nedlagt jernbanetunnel. Tunnelen ligg i Saint-Peray og hyser no vinifikasjonanlegg og mogningkjellar. Vinmarksarealet på 11 ha er fordel mellom Cornas, Saint-Peray, Saint Joseph og Condrieu. Dei 4 ha i Cornas er ein fin miks mellom sør og nord i appellasjonen. 1,5 ha er heilt sør i Combe, og her er det ein del vinstokkar som er over 100 år gamle. Elles er det også parsellar i Eygas i nord og i sentrale vinmarker nærare byen Cornas, som Sauman, Mazards og Champelrose.

Inne i tunnelen vert det gjæra med om lag 20% heile klasar, og både overpumping og nedstaking av hatten i gjæringskaret. 15 til 18 dagar med gjæring, før vinen går over i piece på 228 liter for malolaktisk omdanning og mogning i 14 månader. Det vert laga to andre cuvéear frå Cornas med same metode. Det er i hovudsak med druer frå dei eldste vinmarkene. Eikefata er brukte tre til fire år, så det vert ikkje noko preg av ny eik på vinen.

Meir om syrah og Cornas i denne artikkelen.

Domaine du Tunnel Cornas 2016

Vinen er mørk lillaraud. Tett som eit svart hol. Intens lukt av skogsbær, røyk og lakrisrot. I munnen er vinen svær og fyldig. Dette er ferskvare, men det funkar allikevel. God og rein frukt med typiske trekk frå syrah som bjørnebær, litt bacon. Mykje tannin, og vinen er kompakt og litt voldsom. Men frukta legg seg rundt tanninane og det funkar bra. Hadde vore kjekt å lagre denne, for her er mykje fint som treng litt forløysing. Vinen fekk ein runde i karaffelen. 13,5 % alk. Kostar 499 kr. Denne var ein prøve frå importøren. Smakt frå Riedel Vinum Bordeaux.

Siste Verset

Alain Verset arva ein liten vingard etter faren Louis, som i si tid hadde teke over etter sin far. Vinmarksarealet er i dag berre 1,5 ha Cornas, men parsellane er i flott plassert i Reynards, Mazard, Les Côtes og Champelrose. Fyrste årgang for Alain var 2000, og før det vart vinen seld til negoce. Frå 2016 er det dottera Emmanuelle som har teke over, og ho held fram med vinmakingsstilen til far. Det betyr heile klasar og maserasjon i 10-15 dagar i betongkar. Emmanuelle forsøker å forfine tanninane litt i høve til farens rustikke stil, så det er no litt nyare fat og litt kortare elevage, enn tidlegare. Det vert nytta både 400- og 228-liters fat.

A & E Verset Cornas 2016

Fersk farge, djup lillaraud og tett. Mykje mørke bær. Med luft kjem det fram syrlig preg av krekling, bjærnebær og noko røyk og medisinskap. Kjølig stil. Litt tilknappa, så det blir ein tur i karaffelen. Godt med syre og tannin. Vinen har ei fin, rein og rå frukt. Tørrar godt i munnen. Her skulle det vere potensial for lagring. På dag to er vinen litt meir open og kompleks. Framleis godt tanningrep. På den elegante sida av rustikk. Når ikkje heilt opp til kvaliteten til Tunnel. 13,5 % alk. Kostar 420 kr. Smakt heime frå Riedel Vinum Bordeaux.

Dersom du heng med på eit vers til, så kan du lese om vin og vinyl her.

Leave a Reply