3 feinherb til god pris

Det er vår og temperaturen her på vestlandet har forlate vintergradene. No ser vi framover, på alle måtar. La oss servere ein salat, ein asparges eller ein makrell. Eller berre opne ei flaske som du har lyst å glugge nedpå. Og kva er vel meir gluggevenleg enn fersk og fruktig riesling feinherb frå Mosel? Dette kan lesast retorisk, eller svar gjerne i kommentarfeltet om du elskar rosévin frå Provence på same måte som eg elskar riesling feinherb.

2019 var ei utfordrande år i Mosel, med solbrende druer i juli og fuktig varmt vêr under innhaustinga. Det siste resulterte i ein god del botrytis, og påfølgjande høg mostvekt. Det er ikkje alltid negativt, men for mykje av det gode kan bli tungt det òg. Men aromatiske druer og god syre bidrog til at ein del vin frå 2019 er heilt magisk. Eg testa tre feinherb-vinar i lågare prisklasse for å sjå litt på kva årgangen kunne levere på basisnivå.

Maximin Riesling 2019

Lys strågul vin. Rein og frisk lukt med eple, skifer, regn og fruktsødme. Frisk riesling med moderat restsukker og grei konsentrasjon. Både søte og umogne eple, i form av ei heftig eplesyre. Manglar litt stuffing, men bra til prisen. Det er positiv utvikling på dag to. Ikkje like overbevisande som 2017-utgåva av same vin. Denne har ikkje “feinherb” på etiketten, men klokkar inn på 11,5% alkohol, 23,5 g/l rs og 8,4 g/l syre. Ein feinherb i alt anna enn namnet. 167,90 kostar dette.

Maximin von Schubert på Maximin Grünhaus i Ruwer har her laga ein rimeleg vin frå ein kombinasjon av eigedomens eigne og innkjøpte druer. Fyrste årgang var 2015. Maximin-serien omfattar òg pinot blanc og ein sekt på riesling, men desse er ikkje tilgjengelige i Noreg. Eigedomen har vore med von Schubert-familien sidan 1882. Vinmarkene er den store sørvest-vendte skråninga på til saman 34 hektar, med Herrenberg (19ha), Abtsberg (14ha) og Bruderberg (1ha).

Her kan du lese kva Heine skriv om Maximin Grünhaus.

Karthaüserhof Bruno Riesling Kabinett Feinherb 2019

Litt grønskjær i vinen. Middels intensitet i lukta. Steinete og frisk, dette lovar bra. Elles mykje syrlege grøne og raude eple. Lett og frisk vin med ein liten søt snert. Friskt eplepreg og ei leiken syre. Moderat konentrasjon. Ein lett og fin gluggevin som forsvarar prisen på 169,90 med glans. Dei halvtørre tala fortel om 11,5% alkohol, 12 g/l rs og 7,5 g/l syre. Denne har skifta til årgang 2020 i pollista, men det kan jo vere at det framleis finst flasker med 2019 på somme polutsal.

Karthaüserhof i Eitelsbach i Ruwer er ein legendarisk eigedom som stammar frå Karteuserordenen. Her har vore vinproduksjon sidan 1335. Den 19 hektar store Karthaüserhofberg vart slege saman av fem parsellar, og er VDP Grosse Lage.Det har vore noko turbulens her dei siste ti åra, men sida 2012 har Albert Behler overteke eigaransvaret. Richard Grosche styrer skuta, Mathieu Kauffmann er i kjellaren og Sascha Dannhaüser er vinmakar. Den nye serien Bruno har teke namnet frå munken som starta Kateuserordenen i 1084. Her er det ein miks av eigedomen sine eigne druer og innkjøpte.

Nik Weis Riesling from old vines 2019

Veldig lys på farge. Det startar med eit friskt og søtt epleanslag i nasen. Dette lovar godt. Etter kvart kjem det knust stein og lime og melder seg på. I munnen er dette ein lett vin med grei konsentrasjon. Det smakar av søte eple, med ein herlig mineralsk snert. Syra kjem snikande utover i smaken. Litt uforkusert no, men dette vil nok gå seg til med litt meir tid i flaska. 10,5% alkohol, 22,4 g/l rs og 7,4 g/l syre. Eit lite hakk opp i pris og kvalitet i høve til dei to andre.

Nik Weis St. Urbans-Hof held til i Leiwen, og det var bestefar Nicolaus Weis som starta opp i 1947. Med 45 hektar vinmark i Mosel og Saar, er dette ein ganske stor produsent. I denne vinen kjem druene frå både vinmarker i Mosel og i Saar, med ein alder på vinstokkane på opp til 80 år.

Kva er eigentleg feinherb?

Feinherb er ein laus kategori innan tysk riesling med store gleder for vindrikkarar og pragmatikarar heller enn regelryttarar. Han er både omfamna og frykta blant vinprodusentar, noko eg fekk høyre då eg var på besøk hjå fleire vinbønder i Mosel i 2019. Somme brukte nemninga på ein og annan vin, andre laga det som i praksis var ein feinherb, men ville aldri i livet skrive det på etiketten. Ettersom vinar med prädikatet kabinett har fått stadig aukande Oechsle-vekt dei siste 20 åra, er ikkje ein kabinett med 7,5-8.5% alkohol ein lett søtleg vin lenger. Restsukkernivået ligg oftast mellom 40 og 60 gram per liter, viser ei oppteljing eg gjorde for eit par år sidan av tilgjengelige kabinett-vinar frå Mosel-Saar-Ruwer i årgangane 2014-2017. Spätlese ligg endå høgre, ettersom desse druene stort sett blir hausta seinare enn kabinett.

Frisk forvirring

Ved å gjære vinen til litt høgre alkoholnivå, kan produsentane då få ein vin med om lag 11 til 30 g/l restsukker og ein smaksprofil som høver betre med ein del mat, enn ein vin med 55 g/l restsukker. Det er nemleg fleire, særskild i Mosel, som lagar til dømes ein Graacher Himmelreich Riesling Kabinett (typisk 7,5% alkohol, 50 g/l rs) og ein Graacher Himmelreich Riesling Kabinett Trocken (11% alkohol, 4 g/l rs). Om dei då skulle finne på å lage ein feinherb frå same vinmark med 10% alkohol og 19 g/l rs, kunne det bli for mykje rot. Somme produsentar løyser dette ved å ha ei eller to vinmarker som på relativt fast basis vert nytta til ein feinherb-vin, ved å lage feinherb-vin utan vinmarksnamn, eller så tappar dei tradisjonell kabinett og/eller ein trocken frå andre vinmarker.

Ein klasse ned

Ein moglegheit dei har for å forsøke å unngå meir forvirring hjå konsumentar, er å ikkje tappe vinen som ein QmP, men ein QbA. Men somme produsentar er ikkje så glad i å tappe vin frå gode vinmarker som QbA. For i denne kategorien er det lov å chaptalisere, altså tilsetje sukker for å auke alkoholnivå og fylde i vinen. Ein QmP, eller prädikatsvin, kan ikkje chaptaliserast. Det blir tappa vin med tilleggsnemning feinherb i prädikata kabinett, spätlese og auslese, og både med og utan vinmarksnamn. Ein auslese feinherb, vil vere ein noko større vin, med høgre alkohol og fylde enn ein kabinett feinherb.

Opp og ned

Ein del produsentar er ikkje så nøye på kva som står på etiketten, for dei har kundar og tilhengjarar som er meir opptekne av namnet på produsenten og vinmarka. I Mosel, der vêr og botrytis kan vere lunefulle og upålitelege, er det somme stader vanskeleg å ha ein heilt lik portefølje av vin kvart år. Dersom vinmakaren er oppteken av å ikkje tukle for mykje med vinen under gjæringa, kan det vere at ein vin ikkje stansar gjæringa heilt på same alkohol- og restsukkernivå kvart år. Ei løysing er då å ikkje skrive “Trocken” eller “Feinherb” på etiketten i det heile.

Kva folk vil ha

Om det står feinherb på flaska, eller om vinen inni i praksis er det, ja så trur eg denne kategorien av vin er komen for å bli. Ein vinbonde fortalde at når det kom folk innom for å smake vin, spurde han gjerne kva type vin dei likte. Svært mange svarar “trocken”, men bonden visste at om han serverte den tørraste vinen, ville dei truleg ikkje like han. Han pla difor servere ein feinherb. Då vart alle nøgde, både dei som likte søt og tørr vin.

Framtida er for søt

Feinherb er på mange måtar den vinen i Mosel som kabinett var før 1990-talet. Ein kabinett med 45-55 g/l restsukker kan fungere til sterkt krydra mat, og mat med mykje karakter, særskild om det er ein vin frå ein frisk årgang. 2008, 2010, 2013 og 2016 er slike årgangar i det siste. Men truleg ser framtida fleire rike årgangar enn skrinne. Difor vil feinherb spele ei viktig rolle attåt mat, er min spådom. Mange vinprodusentar i Mosel lagar feinherb på “lågt” nivå, det vil seie med druer frå fleire ulike vinmarker, og kanskje ikkje dei beste. Det er nok, med tanke på nordmenns kjøpekraft og interesse for dei betre kvalitetane, rom for at fleire produsentar tappar “betre” vin i kategorien feinherb.

Leave a Reply