4 nyansar av gult II

Likar du chardonnay? Eller er det kanskje feil spørsmål. Druesorten er som eit stykke brød, det må pålegg til før det blir spanande. Chardonnay rommar både ekstrem gjennomsnittlegheit og dei eggande toppane, som Jancis Robinson skriv i Wine Grapes.

Chardonnay er som Coca-Cola, ho finst over alt. Heile 41 ulike vinland har areal planta med chardonnay, og til saman blir det 210 000 hektar. Det gir ein respektabel sjuandeplass på lista over verdas mest planta druesortar. Men kvar er det at denne kameleonen verkeleg ekselerer? Det er då ingen vits i å dra over korkje bekken eller Atlanterhavet etter tamt vatn. Kvar vert det laga vin som får munnvikane til å dra seg oppover til eit smil? Det er Frankrike eg drøymer om.

Om vi set ei grense på maks 400 kroner flaska, finst det vin som verkeleg skin? Kva om vi set grensa på 300? Bourgogne er byrja å bli dyrt. Finst det flasker som leverer pur kvalitet i desse prisklassane? Chablis kan framleis gje typisitet, terroir og drikkeglede. Men også her har prisane drive oppover, og dei fleste premier cru-vinane ligg godt over 300 kroner. Champagne har gode tilhøve for chardonnay, og her finst det også gode kjøp. Men vi må heilt oppunder grensa. Det brusar ikkje i blodet av Champagne til 240 kroner.

Så har vi vesle Jura. Totalt 2100 hektar plasserer vindistriktet som det minste i La France. Men som vi hugsar frå bibel-soga; vesle David vann mot Goliat. Om lag 42% (ca 900 ha) av vinmarksarealet i Jura er chardonnay. Mykje blir til Crémant du Jura, dei beste parsellane vert vinar som står støtt utan bobler og musselet. Prisane er på veg oppover, og kombinasjonen av småskala gardsdrift og internasjonal rift kjem ikkje til å stoppe det.

Jura har meir enn vin, og landbrukssektoren sin store motor er osten Comté, som er størst i volum av AOP-ostane i Frankrike med 26% av produksjonen. Denne fekk AOC i 1958 og mesteparten av mjølka kjem frå rasen Montbéliarde. Det er også tillate å nytte Simmental. Det har vore ein jamn auke i produksjon og sal. I 1991 vart det omsett om lag 32 tusen tonn Comté, medan talet i 2018 var kome opp i nesten 55 tusen tonn. Eksporten er faktisk på berre 9,2%. Franskmenn elskar sin Comté.

I ei smaking av litt ymse Jura-vin, med fokus på chardonnay, var det nokre positive overraskingar. Eg fekk også stadfesta mine intrykk frå vinar som eg hadde smakt før. Jura leverer, men det er altså 250 kr som er inngangsbilletten. Her finst ulike uttrykk frå chardonnay som er verd å drikke. Smakinga hadde fire vinar under 300 kr, to til rundt 400, ein crémant, ein poulsard, og eit par vin jaune.

Jura har fleire appellasjonar som kan nytte chardonnay. Den vanligaste er regional-appellasjonen Côtes du Jura, som kan vere laga på både chardonnay og savagnin, saman eller blanding. Ofte står det chardonnay på etiketten om det er rein chardonnay. Arbois Chardonnay har same reglar som Côtes du Jura Chardonnay, men kjem frå det geografiske området Arbois. L´Etoile er ein geografisk appellasjon rundt byen, som er utelukkande for kvitvin, chardonnay, savagnin eller vin jaune. I området l´Etoile og til dels Chateau-Chalon er det mykje stjerneforma fossil i jorda.

Denne vesle smakinga viste svært ulike stilar innan chardonnay frå Jura. Alle har eit særpreg, om enn forskjellig. Her er vin med mest preg av jordsmonn, som hovudsakleg er kalkrik mergel. Men det er også preg av ymse måtar å nytte fat i mogninga. Nokre har fat som tidlegare truleg har vore brukt til vin jaune eller anna florlagra vin. Desse vinane har noko aroma av sotolon/flor. I tillegg til desse fem vinane her, kan vin frå Domaine des Marnes Blanches og Ganevat også anbefalast.

Rolet sin L´Etoile Chardonnay 2015 til 246 kr er kveldens rimelegaste vin. Rolet er eit stort familiebruk med 65 hektar vinmarker, som vart etablert i 1941. Fleire vinar tilgjengelig i Noreg. Denne er noko utvikla, er frisk med eit lett søtleg anslag på lukt. Ikkje av dei mest konsentrerte, men fint salt steinpreg utover i smaken. Mogne gule eple. Verd å kjøpe igjen.

Jean Bourdy har halde på med vin sidan rundt 1500. Dei er på den tradisjonelle sida av tradisjonell. Men dei kan også gjere nye ting. Her er kome Demeter-sertifisering på etiketten. Côtes du Jura Chardonnay 2015 er ein god representant for huset. Lys strågul på farge. Det luktar av “grøne” ferske nøtter, gamle fat og gule eple. Elegant i munnen, og passe frisk. Fint preg av gamle fat og vanilje. Kosta 249,- Meir om ein eldre årgang av denne vinen finn du her.

Domaine des Carlines er blodferske i gamet. Patrick Ligeron har lang fartstid i vinbransjen, men no har han for fyrste gong blitt vinprodusent. Han har sikra seg 10 hektar, hovudsakleg i appellasjonen Chateau-Chalon. Vinmarksarbeidet vert utført av lokale folk med lang røynsle. I kjellaren er han nybegynnar, men har vore under vingene til Emmanuel Rouget i Burgund for å lære. Côtes du Jura Chardonnay En Lya 2016 er frå fyrste årgang frå denne produsenten. Vinmarka ligg i kommunen Domblans i AOC Chateau-Chalon. Vinen har fått 12 månader på brukte burgund-fat. Frisk, høgtona, men også balsamisk lukt med sitrus. Frisk og “moderne” chardonnay frå Jura med litt “nyare” eik og kvit sjokolade. Finkorna god tekstur, men gjev litt lite på smak. Treng litt tid enno, denne. Prisen på 280 kr er heilt grei.

Stéphane Tissot, som styrer skuta på Domaine André et Mireille Tissot i Arbois, har laga ein god Arbois Chardonnay Les Bruyères 2017. Ein ung vin med mest burgundersk stil av alle vinane i denne smakinga. Lys strågul farge. Noko reduktiv og eindimensjonal i starten. Kom seg med luft. Nøtteprega og frisk lukt, minner litt om ein Chassagne-Montrachet. Lekker tekstur på vinen. Vil nok ha godt av litt lagring for å bli meir harmonisk. Kostar 410 kr, og er ikkje like godt kjøp som før.

Mindre kjende er Domaine Pignier, som starta opp i Montaigu, i nærleiken av Lons-le-Sonier, i 1970. Dei var mellom dei fyrste som vart Demeter-sertifisert i Jura. Chardonnay Le Percenette 2015 har klar og fin strågul farge. Innsmigrande djup lukt som gjev ifrå seg noko honningtonar og litt tropisk frukt. Mjuk og digg, litt feit tekstur. Frisk og på same tid litt feit vin. Kjem seg også med luft. Ein av favorittane på smakinga. Fyrste årgang for denne vinen var 1999. Kvitvinen GPS har eg skrive om før. Le Percenette kostar 400,-

Ein tanke på “4 nyansar av gult II

Leave a Reply