40 år og like ven

Det er noko spesielt med vin som deler fødselsår med deg sjølv. Dei samtidige er tidsvitne til dei same hendingane som skaka, forførte og berørte oss. Klassekameratar veit noko om deg som ikkje ein gong foreldra dine veit om. Vinen som er like gamal, er heldigvis meir uskuldig. Han har vore med like lenge, men kan ikkje sladre til omverda om flauser frå klasserommet eller hugse pinlige augeblinkar frå skodespel eller diktopplesing på skuleavslutninga. Når ein er blitt 40 år, er det heldigvis oftast slik at du sjølv ser betre ut enn ein vin som er like gamal. Men det finst unntak. Gode unntak.

Utanfor sesongen

Sterkvin er ikkje på moten. Pilene peikar stort sett nedover for madeira, portvin, sherry, marsala, Banyuls, Muscat-de-Beaumes-de-Venice og alle andre rare og sære vinar med litt meir alkohol enn det som var potensiale i druene ved hausting. Sterkvin har både meir alkohol og er ofte søte, to ting som dagens vinpublikum ikkje omfamnar utan vidare. Dei som derimot ikkje har noko imot slik vin, har gjerne det til felles at dei var hugsar både Berlinmurens fall og Cuba-krisa. Mange var nok også fødde medan rasjoneringskort var einaste moglegheit til å skaffe seg eit merke smør. Og no treng dei heller ikkje liggje i kø utanfor polet for å skaffe seg gode og gamle vinar. Dei ligg og kviler på varelina si i bestillingsutvalet, opne for alle som vil.

Tørt og treigt

I Frankrike, nærare bestemt i det varme, tørre og treige Roussillon, har også framstillinga av den klassiske Rivesaltes-vinen gått inn i historia. Sterkvinsproduksjon i dette området, kan visst sporast attende til 1299. Då hadde ein kar ved namn Arnaud de Villeneuve på universitetet i Montpellier verkeleg fått til metoden ved å tilsette sprit for å stoppe gjæring, og slik behalde noko av sukkeret i druemosten. Druene er grenache, i alle tre fargar, noir, blanc og gris. I tillegg er det lov å nytte maccabeu og vermentino. Det varme og tørre klimaet gjer at utbytte vert lågt og druene kan innehalde mykje sukker. Tilsetjinga av sprit varierer, men generelt har den ferdige vinen lågare alkohol enn portvin. Stilartane er også mange. Nokre er ferske og fargesterke, laga av grenache noir og kan minne om vintage portvin. Andre har lang fatlagring, som ein tawny. Det som har vore vanligast er å la vinen liggje på glasballongar ute i vêr og vind i eitt til tre år, før vidare lagring på eikefat. Eg kjenner ikkje til korleis kjellarane eller lagerromma er i Roussillon, men eg vil tru at dei ikkje er like kalde og fuktige som dei som er lengre nord i landet. Det er difor nærliggjande å tru at det er ganske høg grad av fordamping frå fat, og at temperaturen på sommaren kan stige til over normal romtemperatur. Då vil vinen, som gjerne ligg 20-80 år på fat, få litt av den same påverkinga som madeira. Graden av oksidering heng også saman med kor jevnleg fata vert toppa opp.

Mysteriet deg

Det var difor med undring eg sette frå meg glaset med Dom. de la Viguerie Rivesaltes 1979, etter å ha smakt ein liten slurk. Vinen vart teke med til 40-årsfeiring for kona og meg sjølv. Saman med ein del andre odde halvflasker med dessertvin som eg har samla, stod denne på kakebordet, med instruks om at folk måtte opne og smake på det dei hadde lyst på. Dagen etter var det altså ein liten slant igjen. Og vinen hadde ein svært finslepen og elegant tekstur. Ikkje slik som eg forbinder med vin som har vore mange år på fat. Både madeira og tawny portvin får gjerne litt rustikk tekstur, kombinert med litt volatile syrer og preg av treverk. Her var det altså ingenting av dette. Eg tenkte kanskje at det kunne ha med eit lengre opphald på glasballongar. At det var den prosessen som før fatlagringa hadde vore med å runde av vinen. Dirk Niepoort er ein stor fan av colheita portvin. Altså ein type tawny med årgang, der vinen har eit lengre opphald på fat før ei tid med flaskelarging før sal. Dersom vinen i tillegg har vore i kjellarmørkret i endå fleire år, vil dette vere med å forfine og rette ut noko av det litt rustikke preget som ei lengre fatlagring påfører vinen.

Løysinga

Eg måtte finne ut meir om denne vinen, men internettet var gjerrig med info. Ein e-post til importøren sette meg i kontakt med Philipe Gayral, som er mannen som har samla inn og tappa alle desse gamle vinane frå ulike produsentar og kooperativ i Roussillon. Han kunne fortelje at han som laga vinen heiter Bernard Marie. Han tok over Dom de la Viguerie i 1977, men byrja å arbeide i vinmarkene allereie då han var 11 år gamal. Eigedomen ligg i byen Banyuls-dels-Aspres, som ligg litt inn i landet, mellom Perpignan og Banyuls-sur-Mer. Han er innanfor appellasjonen Rivesaltes, medan appellasjonen Banyuls ligg nærare kysten og Banyuls-sur-Mer. Denne vinen er laga av 50% grenache noir, 30% grenache blanc, 15% grenache gris og 5% maccabeu. Dei er vinifisert kvar for seg, men blanda etter forsterkinga. På bakside-etiketten står det at vinen har vore på eikefat fram til tapping i 2018. Men eg kunne ikkje få dette til å stemme.

Heilt konkret

Vinen har nemlig ikkje vore i glasballong ute i sola. Han har heller aldri sett innsida av eit eikefat. Vinen har rett og slett vore lagra i eit kar av betong, saman med det fine botnfallet. 38 år i mørkret. Truleg ganske kjølig. Her har vinen fått ein moderat oksidering, og fått halde på ein viss friskheit. Gayral kunne også fortelle at dette er eit unntak frå dei andre vinane i portefølgjen. Bakside-etiketten er standard for alle vinane han tappar, og difor missvisande i dette tilfellet. Skal du berre drikke ein 40 år gamal vin i år, er dette eit godt og rimeleg val.

Dom de la Viguerie Rivesaltes 1979

Fargen er mørk brun-oransje. Moderat intensitet frå glaset. Elegant og finslepen lukt. Forventninga om alkoholstikk og aceton vert ikkje oppfylt. I staden er det litt raude bær og tørka søt frukt som kjem i mot meg. Litt vanilje også. I munnen er vinen søt og fyldig, men fyrst og fremst rein og glatt. God intensitet, noko oksidert preg. Smak av raud frukt, sviske og fiken. Gamle fat kan vere godt, men denne vinen viser at det er fleire vegar til gode resultat. Vive la différence! Smakt frå Riedel portvinsglas. 15,5 % alkohol, 94 g/l sukker, 5,2 g/l syre. 289,- for halvflaske.

Ein tanke på “40 år og like ven

Leave a Reply