40 dagar med fisk

Det er nok ikkje alle som kjenner på at det å praktisere faste er det dei har mest lyst til no. Byar og bygder er meir eller mindre stengd ned, med stengde restaurantar, butikkar, treningssenter og kulturtilbod. Det vi har att, er i stor grad å forsøke å kose oss i heimen med det vi måtte klare å koke sjølv. *googlar Beef Wellington*

Fasten er tida i kyrkjeåret mellom askeonsdag og påska. Fasten varer i 40 dagar, til minne om då Jesus fasta og vart freista. Bent og Erna har nærast påtvinga oss ei pliktfaste, der alt som er gøy er bannlyst. I Matteus 4 står det:

Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han. Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt tok svolten han.  Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal bli til brød!» Jesus svara: «Det står skrive:
           Mennesket lever ikkje av brød åleine,
           men av kvart ord som går ut frå Guds munn.»

Av alle verdas fiskar, er klippfisk av dei mest robuste. No er det riktignok skrei-sesong, så fersk torsk er jo det rette. Kanskje Morten eller Jan-Tore kan diske opp med noko? Men eg er klippfiskens våpendragar her på sida. Den salte og tørka torsken finst i mange variantar. Her til lands finn vi mykje ferdigprodukt. Men òg ulike stykningdelar av klippfisken til ulike føremål.

Eit produkt eg ikkje hadde vore borti før, var Dybvik sin Carpaccio Loins Extra, som er tynne skiver som kan etast utan varmebehandling. Eg prøvde å gjere som forslaget til ein forrett som følgde med pakken. Utvatning av dei tynne skivene i 45 min, og sidan leggje dei i olivenolje. For eiga rekning la eg til litt kvitløkskrutongar, soltørka tomat og oliven. Ein rett med kraftige smakar!

Prøvde både boblene til Filipa Pato og den kvite til Luis Seabra til denne forretten. Den kvite Douro-vinen hadde substansen til å takle dei kraftige smakane. Pato vil nok helst bruse med dei fine fjørene åleine.

Filipa Pato 3B Rosé Extra Bruto

Bleikrosa mot oransje på farge. Moderat intensitet i lukta. Vare lukter av mildt søte raude bær. Friske bringebær. Boblene fungerer, men er ikkje dei mest filigrane. Frisk, lett og slank boblevin med smak av bær og bitterheit. Dette er ein vin som treng vår, fest og klemming.

Filipa Pato held hus saman med ektemann William Wouters i Bairrada. Denne vinen er laga på 80% baga og 20% bical, som vert spontangjæra. Etter flasking ligg vinen 9 månader på botnfallet. Ingen dosage. 11% alkohol. 185 kr er dette absolutt verd!

Luis Seabra Xisto Ilimitado Douro Branco 2019

Fargen er det eg vil kalle strågul+, noko som kan bety fleire ting. Men det gjev meg ei forventning om god konsentrasjon. Treverk, pære og gule eple er det fyrste som hoppar ut av glaset. Rik og brei på lukt, heller enn ung og frisk. Fin, glatt munnkjensle. Fenolisk og breitt anlagd vin, med fin struktur trass i moderat syre. Mogne druer her, tydeligvis. Det smakar av gule frukter, med ei kjensle av mogning på treverk. Snev av vanilje. Ein god vin, som eg nok kjem til å kjøpe igjen. Typisk matvin, og mykje for pengane.

Druene til denne vinen kjem frå høgliggjande vinmarker i Douro Superior, noko som resulterer i moderate 12,5% alkohol. Det er 75% rabigato, 10% gouveio, 5% viosinho og 5% codega. 70% er gjæra og mogna på brukte fat, medan resten ligg på ståltank. Luis Seabra leverer nok ein strålande vin her, og til 225 kr er det berre å bestille.

Plukkfisk med klippfisk, purre og bacon

Om Erna og AstraZeneca Pfizer vil, så kan det bli lov med reiser som ikkje er heilt naudsynte både hit og dit etter kvart. Og reiser du til Bergen, ja då er ein tur innom Bare Vestland og plukkfisken der, verd ein liten omveg. Enn så lenge vert det plukkfisk heime med kohorten. Men med denne frekke alvarinho-vinen frå Minho, nordvest i Portugal kan det bli ei lita høgtidsstund.

Pequenos Rebentos Alvarinho A Moda Antiga 2019

Strågul+. Fyldig lukt, ganske rik, med mogne gule eple og kvit steinfrukt. Rik og fyldig alvarinho med godt fenolisk grep. Ikkje så fruktig, men noko eple og sitrus på smak, og preg av fatlagring. Pen syre som kjem godt utover i svevet. Opplevinga landar fjellstøtt til tre gonger 18,5.

Márcio Lopes har gått i lære hjå Anselmo Mendes, ein av dei med lang røynsle med alvarinho og loureiro i Minho. Sidan 2010 har Lopes laga vin under namnet Pequenos Rebentos. Her er det 100% alvarinho som fyrst er fottrakka. Sidan har mosten fått skalkontakt i tre dagar før gjæring på stål og mogning i ni månader på brukte franske fat. 324,60 er i øverste liga av vin frå Minho. Men dette er òg svært godt, og verd å prøve. Særskild om du har lyst å oppleve at alvarinho med kan vere meir enn frisk og fruktig.

Her er ein tidlegare artikkel om vin og klippfisk. Og her er ein frå fasten i fjor.

Leave a Reply