Kanskje er Frankrike, Tyskland og Italia fanga av sine eigne tradisjonar? I alle fall opplever eg ofte produsentar frå ‘Den Nye Verda’ som meir respektlause og vågale overfor druejuicen. Det er gjerne der ein finn vinane med snåle drueblandingar, uhøgtideleg tilnærming og med morosame etikettar. Snålast av dei alle er antakeleg Pieter Walser sine Blankbottles frå Western Cape i Sør-Afrika.
Pieter Walser, drop-out og surfeboms som byrja å laga vin på gøy i garasjen, som har hatt meir kontakt med politiet enn med naboane, som syns det er mindre stress å laga 30 ulike vinar årleg fordi då har han fleire bein å stå på om noko ikkje blir så bra han skulle ønska. Som syns det er mindre arbeid å kjøpa og hente druer frå meir enn 60 druebønder, enn å dyrka sjølv. Og som gjer alt dette kun med ein assistent i staben.
Det som starta som eit eksperiment – Blankbottle. Namnet innebar eit ønske om at folk skulle drikka vinen utan å ana kva det var, for så eventuelt finna drueblanding og historia bak på heimesida og slik kunna smaka utan å vera prega av forventningar og fordomar – er etter kvart så suksessrikt at han er pent nødt til å bli meir strukturert framover.
I 2015 vart han kjent med ein nevropsykolog som jobbar med underbeviste reaksjonar på ulike stimuli. Tre månader seinare vart han kopla til ei rekkje sensorar for å sjå korleis det limbiske systemet reagerte når han smakte på dei 21 ulike vinane som potensielt skulle bli årets kvitvinsblanding.
Of course I can’t control my subconscious – before I think of reacting, I already had. We tasted through all 21 wines. I obviously spat, washed my mouth with water in between and we even did a few with clean water in my mouth and used that as a control or base reaction. This process took a whole day. I like to call it work.
Their job was now to analyse the data. The way I understand it is that they look at all the parts of my brain that reacted, compare it with all the other blood and heart monitors and then work out with mathematical algorithm what I liked and disliked.
The analysis of the data took months, so in the meantime Julia and I decided to blend a control – the best possible white blend from the same 21 parcels – making use of our conscious mind; the ORBITOFRONTAL CORTEX. When the results came, the two wines were so different! We blended both and bottled the 2 wines. Please note – we are NOT trying to prove something with this experiment. We were just trying to have fun. And we did…
Av naturlege årsakar vart Limbic 2015 eit eingongsprosjekt. Orbitofrontal Cortex, derimot, er blitt ein årleg suksess. Og, ja – vi skal snart smaka vin, men vi må ein tur innom drueleksikonet først…
Hovuddrua er clairette – tidlegare ei viktig drue i sørfrankrike, no umoderne med manglande struktur og lav syre. Viktigare i den nye verda – der ho under rette omstende kan gje eit kult, fleskete preg på vinen. Grenache blanc runder av med mjuk fylde, medan fernão pires er aromatisk arbeidshest opphavleg frå Portugal. Verdelho er madeiradrua som bringer syre inn i miksen, medan palomino normalt blir brukt til sherry, respektlaust omtalt av Oz Clarke som «en av verdens kjedeligste druer.»
Blankbottle Orbitofrontal Cortex 2017
Pære, tuttifrutti og parfymert blomsterduft frå nyopna flaske. Etter litt karaffeltid heng modne, gule eple seg på saman med eit nøttete preg. Litt kruttrøyk, muskat og tropisk nektar kjem og går med tid i glaset.
Friskt anslag, sexylubbent midtparti med eple og sylta sitron. Grapefrukt og litt bitre urter. Glir over i ei lang avslutning med mykje sitron.
Forfriskande smak, som gjer det skummelt lett å berre ta ein slurk til. Smattar på sitron mellom slurkane. Spanande snute som er på kvilelaus vandring mellom kjøleg eleganse og ekvatorial frukt.
Drukke til kvit pizza med steinsopp – mest fordi det var det eg hadde lyst på i kveld, men kombinasjonen fungerte veldig fint.
Musikkbonus: Abdullah Ibrahim – Voice of Africa
Det er kanskje like greitt at Sørafrikanske Adolphus Johannes Brand konverterte og tok namnet Abdullah Ibrahim i 1968. Som Dollar Brand ville han antakeleg blitt tatt for å vera rappar, heller enn distingvert jazzpianist, beundra av såpass forskjellige artistar som Duke Ellington og Archie Shepp. Teknikken er klassisk, rytmen og repitisjonane er afrikanske, melodiane er jazz.
Melodisk pianokvartett med stor plass til saksofonsoloar med skarpe kantar nok til å gjera det spanande. Innimellom nesten minimalistisk repeterande, innimellom nesten Paul Simon-afropop. Andre gonger ekspresjonistisk og syner den klassiske utdanninga til Ibrahim. Heile tida groovy og generøst.
Kjelder:
http://www.blankbottle.co.za
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
2 tankar på “Ego cogito, ergo vinum”