Ærleg Ahrbeid

Når ein skal ramsa opp tyske vinregionar, så er neppe Ahr først på tunga. Det vesle området rett nord for Mosel som – noko kontraintuitivt – antakeleg er verdas nordlegaste (og brattaste)  spesialisert på raudvin, og då spätburgunder, eller pinot noir om du vil…

Her har det tradisjonelt vore laga bleik raudvin med litt sødme, men no kjem ungdommen – med Julia Bertram i spissen – og røsker i tradisjonane. Som 5. generasjons vinbonde er ho fødd inn i tradisjonen, men har valt å gjera ting på eigen måte – mellom anna haustar ho mykje tidlegare enn naboane og har innførd økologiske prinsipp i drifta.      

Julia Bertram Handwerk Spätburgunder 2018

100% spätburgunder, spontanfermentert og ufiltrert, økologiske prinsipp.

Kraftig duft frå nyopna flaske. Bjørnebær, jordlege rødbetetonar, nykverna pepar og hageroser. Noko reduktivt, nyslokne fyrstikker-aktig lusker rundt i bakgrunnen. Blir reinare med litt karaffelkarantene.

Forsiktig anslag, slankt midtparti med kirsebær som glir over i ei lang avslutning med syrleg rips. Får selskap av granateple og bringebær med luftetid.

Ein tander vin som – trass kraftig duft – først balanserar på ein knivsegg til å bli spinkel, eg merkar eg ubevisst behandlar glaset nervøst overforsiktig som om det skulle vere ein mingvase  i frykt for å gjera skade på vinen. Vaknar etter ein halvtimes luftetid og tar rennefart med reine og tydelege smakar.   

Ekstremt sjarmerande pinot noir, med ein slags lågmælt, men tydeleg eleganse som fungerte veldig fint til vaktel. Mykje drikkeglede for 275,- Dette ahr framtida!

Musikkbonus: Kenny Carter – Showdown

«…a multimillion-dollar orchestra and chorus. In the violin section we had at least seven or eight Strads (each valued at $1,000,000+) – many were concertmasters for major symphony orchestras and are on hundreds of hit records.»  (Garry Sherman, arrangør)

Eg trudde fram til i dag at Charles Bradley hadde den mest mystiske bakgrunnen blant soulsongarane frå Sambandsstatane, men det syner seg at Kenny Carter tar rekorden med god margin. Vi veit at han var født i Ohio i 1940, flytta til New York og song på nattklubbar, slapp eit par singlar på tidleg sekstital, og hang rundt Brill Building i von om å selja låtane sine på tidleg 60-tal.

Så går han under radaren til 1965 då plutseleg plateselskapet RCA  har tatt han inn i stallen. Ikkje berre det, men dei pøser på med eit innspelingsbudsjett på over ein million dollar, med dei fremste orkester- og studiomusikarane i New York – i tillegg var mellom anna Ashford & Simpson med for å kore på opptaka. Etter kvart blir det spelt inn 22 låtar, men i staden for å finna ut kva som skal bli med på debut-LPen, så legg RCA mastertapen i eit skap, alle går kvar til sitt,  og ingen kan i dag sei kvifor og kva som eigentleg skjedde.

Det skulle ta 54 år før musikken vart tilgjengeleg – men no er verdas beste soulsongar du aldri har høyrd om tilgjengeleg på cd, akkurat så sentimentalt slik denne musikken skal vere – det finns liksom ikkje grenser for kor dårleg dømekraft han syner, og kor mange måtar Kenny Carter har blitt dumpa på. Arrangement og vokal kler kvarandre, og røysta er like overbevisande anten det er balladar eller raskare låtar. Coveret er ei bok i seg sjølv: detaljerte intervju med arrangøren, dokumentering av detektivarbeidet og kommentarar til alle 22 låtane.   

Kjelder:
Diverse Wikipedia
https://www.bertram-baltes.de/
Kenny Carter liner notes

Leave a Reply