Aktuell tørr furmint

Den tørre oppstarten

Seriøs tørr furmint har no vore laga i Tokaj-Hegyalja sidan Oremus lanserte Mandolas Furmint fyrste gong i 1997. I 2000 skapte Istvan Szepsy vinen Úrágya Furmint frå vinhuset Kiralyudvar, og sidan har han vore hekta. Tørr furmint er altså ein ny vintype. Tørr, delvis oksidert og flor-lagra szamorodni har vore laga i lang tid, men dette har vore meir av eit restprodukt i dei åra det ikkje vart skikkeleg aszu-druer over alt. Frå midten 00-talet var det fleire som starta opp nye foretak, og dei skjøna at utan mykje kapital var det for kostbart å fokuserer på aszu-vin som skal liggje fleire år før sal.

Szepsy

Frå 2006 hadde Szepsy byrja å tappe fleire enkeltvinmarksvinar på furmint. Før dette hadde han laga ein del søte Cuvée og Aszu 6 puttonyos i mindre skala, samtidig som han arbeidde hjå andre produsentar. Zoltan Demeter tappa i 2007 fleire tørre furmint. Bott Pince starta opp i 2006 og Istvan Balassa i 2005. Barta Pince hadde fyrste kommersielle årgang i 2007 og Gizella Pinze vart etablert i 2009. Dei fyrste 20 åra etter kommunismens fall i 1989 fokuserte dei fleste på å famle seg fram/finne tilbake til dei søte Aszu-vinane. Nokre årgangar var gode botrytis-år, andre var mindre gode. Utover på 2000-talet vart det klart at dyr søt vin har ein begrensa marknad, uansett kor god han er.

Utprøving

Å forsøke å skape ein ny vinstil fører naturleg nok til at det vert prøving og feiling. Ein del vinmarker som har vore dyrka for å maksimere sjansane for botrytis, har blitt endra for å få fram furmint-druer utan edelråte. Furmint er seint mogen, men klarer ofte å halde på godt med syre. Istvan Szepsy fortalde at furmint må vere skikkeleg mogen, elles vert vinen hard og litt grøn. Dette gjer at alkoholnivået kan bli høgt. Ein del rimelige tørre furmint-vinar eg har smakt, mogna på ståltank og med alkohol på 11,5-12% har vore litt skrinne og utan så mykje karakter som minner om Tokaj eller furmint. Dersom malolaktisk omdanning er delvis eller heilt blokkert, vil dette òg bidra til at vinen vert opplevd meir syrleg.

Lokal eik

Ungarn har eigen eikeskog og bøkkarar som lagar fat. Det er fleire produsentar som nyttar ungarsk eik i mogninga av vinen. Ein del vinar eg har smakt har ganske tydeleg preg av eik etter 6-8 månader med eikelagring. Her er det vel ei typisk utvikling i ein “ny” vinstil, med poengtert og tydeleg bruk av eik i starten, før vinmakarane finn ei meir elegant tilnærming etter nokre år.

Kameleon i vinmark og kjellar

Furmint er ein god kameleon, som i søt vin er aromatisk og frisk, medan i tørr utgåve er meir ein formidlar av terroir. Då er det mindre eigenart og frukt, noko som set krav til at druene er dyrka på ein måte som gjev vinen noko av vekststaden. Det er fleire tilnærmingar til furmint i vinifikasjonen, med ulike typar eik, battonage, ståltank, med eller utan berme.

Vulkansk variasjon

Tokaj-Hegyalja var tidleg ute med ei klassifisering av vinmarkene, men på 1700-talet var det nok eit større fokus på kor godt vinmarka var eksponert for botrytis. Dersom målet er å få mogne men friske druer utan botrytis til bruk i ein tørr vin, er det fleire vinmarker enn dei høgst klassifiserte som kan fungere vel så bra. Det er om lag 5500 hektar vinmarker i appellasjonen i dag, og det varierte vulkanske underlaget i dei ulike landsbyane skaper interessante moglegheiter for furmint å vise fram desse forskjellane i vinen.

Noko av utvalet

Eg har den siste tida smakt ein del av dei tørr furmint-vinane som er tilgjengeleg på polet. Det er ein bra vin og produsentar, men Tokaj har fleire som er verd å smake. Får Zoltan Demeter, Barta Pince, Bott, Dobogo, Homonna Atilla eller Gizella Pince ein norsk importør?

Vinane

Bodrog Dry Tokaj 2019

Strågul -. Frisk, djup og furmint-typisk lukt med rein og mogen kvit fersken og gul plomme. Her er òg ein feit, saltaktig tone. Middels fylde og integrert syre. Balansert furmint med fine smakar av plomme, fersken og noko mineralsk snert. Billeg vin med integritet. Mykje vin for pengane. Laga på 80% furmint og 20% hárslevelü. 12% alkohol, kr 169,90. Skrukork. Liten produsent med 7,5 ha vinmark, økologisk. Starta opp i 2007. Vinmarker rundt Bodrogkisfalud.

Mád Tokaji Furmint Dongó 2016

Strågul. Fruktig nase med gule eple, aprikos og ein del eik. På dag 2 er det mindre eik, medan det har kome eit snev av petroleum. Tørr, men ganske fruktig vin med lekker saliverande syre. Ein del vulkansk mineralitet, mogne eple, og eik i ettersmaken. Middels fylde og bra konsentrasjon. Litt mykje eik totalt sett. 2016 var ein vanskeleg årgang, så det spelar vel inn. 12% alkohol, kr 333,- Glasspropp. Mád Winery er ein slags negociantverksemd for Szent Tamás Winery, med druer innkjøpt frå bønder rundt landsbyen Mád. Dongó er ei vinmark ved landsbyen Tallya.

Balassa Tokaji Furmint Villö/Mézes-Mály 2016

Strågul. Ekspressiv, intens og rik stil, men på ein kjølig måte. Typiske Tokaj-aroma her med aprikos, honning og eple. Godt grep i munnen, konsentrert frisk furmint. Her er det nok den litt vanskelege 2016-årgangen som held igjen. Slank munnkjensle. Gode og pent integrerte smakar av aprikos, noko eik og litt mineralsk snert. Djup og stilig vin! 12,5% alkohol, 531 kr (på spesialutvalet). Naturkork. 1100 flasker produsert.

Royal Tokaji Furmint Vineyard Selection 2017

Strågul+. God intensitet. Furmint-typisk, rik lukt med apriko, steinfrukt, eik og vulkansk stein. Smaksmessig litt gjerrig, men kjem seg med luft. Rik, tørr fenolisk vin med noko tretørr ettersmak. Litt lite konsentrasjon. Gode smakar av steinfrukt og vulkanske nyansar. Relativt utvikla allereie, så dette er ikkje noko lagringsvin. Fin typisitet og bra vin for prisen. 13,5% alkohol, kr 236,- Naturkork. Flaska vart sendt av importør.

Royal Tokaji Furmint Úrágya 2019

Strågul. Friskt anslag med lys sitrus, før ein solid dose nysaga eikelist. Snev av laktisk/smør og kvit steinfrukt. Frisk, slank furmint med god konsentrasjon. Smak av gule plommer, kvit fersken og eik. Tørr vin med noko fenolisk grep om tunga og liten sviande snert i ettersmaken. Fin typisitet, men for hardt eika vin. 14% alkohol, kr 254,- Naturkork. Flaska vart sendt av importør. 725 flasker produsert.

Szepsy Furmint & Hun Tokaji 2020

Strågul. Frisk, lett, minner litt om riesling i starten. Etterkvart kjem litt umogen fersken og leire. Frisk vin med god syre både i start og finish. Fin miks av steinfrukt og mineralpreg. Vinen er gjæra og mogna på ståltank. Druer frå unge vinstokkar i ny/om-planta vinmarker. 13% alkohol, 249,00 kr. Skrukork. Flaska vart sendt av importør.

Szepsy Tokaji Furmint Úrágya 2017

Strågul, klar og fin, viskøs. Har opna seg på dag 3. Var veldig tett, lukka og kompakt på dag 1 og 2. Eik, kvit steinfrukt, kvede og vulkansk stein. Bra intensitet. Svær, fyldig og mogen stil. Middels fyldig, solid og ganske tung vin i munnen. Steinfrukt, nøtter og vulkansk snert. Litt kompakt og uforløyst no. Vonaleg vil syre og mineralitet kome meir fram. Her er potensiale, men prisen er i overkant. Treng nokre år i kjellaren. 14% alkohol, kr 655,- Vinolok glaspropp. 4000 flasker produsert.

Szepsy Tokaji Furmint Úrágya 2007

Gyllengul, klar. Rein, fruktig og feit lukt! Mykje tropisk, ananas, kvede og steinstøv. Rik, tørr og stor vin. Fruktig, mineralsk og glyserisk. Lekker dansande frukt med mogne eple, aprikos og kvede. “Mørk” og søt-salt vulkansk mineralitet som er lekker og tydelig. Heilstøypt vin på topp av formkurven. Nydelig flaske. Diverre har det vore andre flasker av same vin som har vore oksiderte. Naturkork… 14% alkohol, kjøpt i Tyskland i 2010 for ca 195 kr. 2200 flasker produsert.

Szepsy Tokaji Furmint Nyúlászó 2018

Djup strågul. Oh! Ei slegge av ein vin. Rikt anslag med aprikos, eik, pære og knust stein. Ganske rik vin. Tørr og med mykje på gang allereie. Søtleg aprikos, noko eikekrydder, fenolisk grep og fin syre. Gjev mykje, men vil nok vise fram ei litt smalare og meir mineralsk side med nokre års utvikling. For meg er dette det beste kjøpet av tørr furmint i Noreg i dag. 14% alkohol, kr 349,80. Vinolok glaspropp. Flaska vart sendt av importør. 2820 flasker produsert.

Her har Jan Tore skrive om Mád Tokaji Furmint 2015.

Og her har eg skrive litt meir om Tokaj og Istvan Szepsy.

Ein tanke på “Aktuell tørr furmint

Leave a Reply