In a nutshell, our aim is to vinify extraordinary Cape vineyards. In doing this, we hope to find the voice of the land. That voice may be a choir of amazing blocks blended into one bottle, or it may be the purity and beauty of a single vineyard soloist. We believe that fine wine is grown, rather than made. In our cellar, a vineyard is allowed to become a wine without interference.
Lavintervensjonsvin frå Western Cape, heilt sør i Sør-Afrika. Spontanfermentert frå Chenin Blanc og Semillon der dei eldste vinstokkane er over 50 år – forøvrig har desse to sortane eksistert i området sidan 1655.
Alheit Cartology 2013
Sémillon 12%, Chenin Blanc 88%
Flintstein og kruttrøyk frå nyopna flaske – får ein times strafferunde på karaffel. Gule eple, appelsinskal, lanolin, litt våt stein, søte pærer, mandlar, blomstereng og bivoks. Litt yoghurt naturell langt baki. Komplekse duftar som vandrar frå sniff til sniff…
Fyldig og oljete anslag. Sexylubbent og konsentrert midtparti med gule pærer og eple, sylta sitron, fersken og litt honning. Fyldig avslutning med eit jura-aktig nøttepreg.
Svært kompleks vin og ein kraftpakke som nok er litt utanfor komfortsona mi – tar meg i å sakna litt friskare syre sjølv om ettersmaken med sylta sitron varer leeeenge. Fungerte fint til kylling med parmesan.
Grand General – grand general
Sånn mellom 2010 og 2015 (teoretisk eksisterer dei vel framleis) hadde Trondheimjazzen si eigen metall-leikegrind i Grand General/Kenneth Kapstad Group. Førestill deg eit superband med medlemmar frå Motopsycho, Bushman’s Revenge og The Core spela ei blanding av Mahavishnu Orchestra og Black Sabbath.
Samspelet mellom trommer og bass hadde vore nok for å forsvara utgjevinga. I botn groover Kenneth Kapstad som det står om livet, medan Trond Frønes lét meir Jack Bruce enn Jack Bruce. Oppå det legg Even Hermansen og Erlend Slettevold heftige soloar og løp. Oppå der igjen går Ola Kvernberg amok på fiolin. Antakeleg det tøffaste prog-bandet du aldri har høyrd om…
Kjelder:
http://www.alheitvineyards.co.za/
http://www.runegrammofon.com
3 tankar på “Alheit Cartology 2013”