Ascension Seeking

Det nærmar seg Kristi Himmelferdsdag og ei årleg påminning om for ein dramaturgisk meister Jesus var. Han verka noko irritabel i den siste tida før himmelferda. Om han var lei dumme spørsmål frå læresveinane, eller om tanken på å måtta flytta heimatt gjorde han meir edgy, veit vi ikkje.

«Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt. Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda. Då han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for auga deira.»

 «Som dei stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei og sa: «Galilearar, kvifor står de og ser opp mot himmelen? Denne Jesus, som vart teken bort frå dykk opp til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen. Då vende dei tilbake til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg nær Jerusalem, berre ei sabbatsreise unna.»

Her går Apostelgjerningane i fullt årsmøte-modus. Først ei detaljert liste over kven som var til stades og deira slektskap, så loddtrekning om kven som skal overta disippel-plassen som vart ledig etter Judas – sjølv mistenkjer eg at Mattias vart oppfatta som ei betre branding enn Barsabbas. Og med den heilage ande på plass veka etter, så byrja den tunge vegen for å spreie bodskapen i verda.  

Skal ein leggja vinmarkane i Tyskland til grunn så har strategien vore vellukka. Her er Oljeberget representert i form av Ohligsberg, det kryr av Kirchenstück-markar, og Himmelriket er sjeldan langt unna. Også  i Graach er det lett å gjenkjenna opphavet til Dompropst og Himmelreich, druemarkar som fram til 1803 var i henda på biskopen av Trier. Her har Richter-familien 300 år å sjå attende på som vinprodusentar – filosofien er druekvalitet framfor kjellartriks, økologiske prinsipp, og respekt for tradisjonane.

Richter Graacher Himmelreich Riesling Auslese 2018

100% Riesling, handplukka druer frå 55 år gamle stokkar, spontanfermentering, lagring på gamle ‘fuder’-eikefat.  

Fin pæreduft saman med våt stein frå nyopna flaske, men lukkar seg nesten med det same. Får to timars karaffelkarantene før ordentleg smaking.

Lufting har gjort godt – grøne eple har fått selskap av aprikos, honning og honningmelon. Behageleg å berre sniffe på vinen.

Søtleg anslag som veks inn i eit tropisk midtparti med ananas og fersken. Honning heng med som ein søt pedaltone heile vegen. Litt stutt ending, men med tid kjem det stadig tydelegare sitrondrops-tonar og ei fin sitrus-syre.

God vin som eg trur har mykje meir å vinne med tid. Vart drukke til rustikk (les: doven) pølsemiddag med surkål, men for meg er dette betre til bær eller anna dessert. For andre vil antakeleg preferansen gå til chilisterk asiamat. Om du likte Porphyr frå Hexamer, så kjem du nok til å like denne.  

Musikkbonus: Berit Opheim / Karl Seglem – Draumkvedet

Hadde eg vore meir stø i den liturgiske kalenderen ville plata vore omtalt rundt juletider, men det får no vere… Kortversjonen: Olav Åsteson fell i djup søvn julafta, vaknar ikkje før 13. dag, og har i mellomtida tatt ein Dante gjennom himmel og helvete. Her har han sett både syndarar og frelste, motteke beskjedar frå Jomfru Maria, og sett St Mikael slåst mot djevelen. Forteljinga til Olav har levd i stevform i Telemark.

Voss kyrkje 2006: Kvedar Berit Opheim har sunge inn 20 salmar på to intense dagar for det som skulle bli plata «Den Blide Sol». Produsent Karl Seglem spør forsiktig om ho orkar å forsøka seg på Draumkvedet medan dei har lokalet og er i gong. Ho orkar…

Resultatet? 1 kontinuerleg take med naturleg klang frå kyrkjerommet, 38 vers, 33 minuttar med hypnotiserande vokalmagi. Som bonus er det ein cd2 med ein slags ‘Draumkvedet Gjenvitja Remix Edition’ der Karl Seglem har lagt på bukkehorn og elektronikk og understrekar meir det draumande ved teksten.

Kjelder:

Bibelen
Diverse Wikipedia
http://www.norcd.no/
http://www.maxferdrichter.de/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *