Det er kanskje for tidleg å seie at Barolo har endra karakter, men om du no plutseleg har oppdaga denne vintypen og går på polet for å handle inn, så er det mest 2017 og 2018 du vil få med heim i handleposen. Det er i skrivande stund (21.08.23) 150 varelinjer Barolo 2018, 133 frå 2017, 63 frå 2016, 44 frå 2015 og 14 frå 2014.
Og desse to årgangane skil seg ut. Sjølv om veret var svært ulikt, er resultatet at vinar frå båe åra er generelt snille i strukturen og aromatiske og drikkeklare allereie no. Det er nok ein del vin som ikkje vil tole så lang tid i kjellarmørkret, men der trivst 2013, 2015, 2016 og 2019 når den no snart er over oss. Og truleg 2020 òg. Dette er vin som kan nytast no, medan ein ruger på klassikarane.
I juni var eg ein tur i Barolo, og besøkte ti produsentar. Det var den flotte 2019-årgangen som vart skjenka, pluss barbera, dolcetto og Langhe nebbiolo frå 2020, 2021, og 2022. 2019 framstår klart meir klassisk og stram enn 2018 og 2017, og med litt mørkare fruktprofil. Det er altså endå mogleg å få sitt tannin-fix frå gode adresser i DOCG Barolo.
2017
Våren 2023 har eg smakt litt 2017, og her er ni frå den årgangen. For dei som vil fordjupe seg i meir lesing om årgangar og vinar frå 2017, så har André Brattland skrive om årgangen på bokmål i Vinforum nr 4/2021. I World og Fine Wine Issue 75 er det òg mykje å lese om 2017 Barolo, på engelsk. Og så er det jo mange andre som er verd å lytte til, som Kerin O’Keefe som skriv på eiga side og for Wine Enthusiast.
Veret og vinen
Det var lite nedbør i Barolo totalt i 2017. Vanlegvis er det ein del regn og snø på vinteren, så jorda har litt reserve når våren og sommaren kjem. Ikkje slik i 2017. Etter ein varm start på april kom nye skot, men så vart det frost, og fleire opplevde ein del redusert avling som følgje av frosten. Juni og juli var varme, og med svært lite nedbør. Det vart viktig å trimme lauvet slik at det vart skugge for drueklasane. August var òg varm, men heldigvis med relativt kjølige netter.
I september kom det etterlengta regn. Temperaturen sank, og mogninga gjekk då litt seinare. Det var godt ver under innhaustinga, så det var mogleg å få inn druene når det var behov og kapasitet.
Attilio Ghisolfi Langhe Nebbiolo Sbardajà 2017
Medium mørk burgundfarga med lysebrun kant. Mykje frukt, solmogne kirsebær, litt lakrisrot, kirsebærlikør og laktiske aroma som ofte kjem med malo på eik. Relativt moderne nebbiolo med mykje frukt og moderat tanninstruktur. Frukta er på den mørke sida og på grensa til kokt. På dag to tørkar det opp litt, og frukta er mindre søt og varm, samtidig som tanninane kjem fram i smaksbilete. Naturkork. 14,5 % alk. Kr 289,20.
Virna Borgogno Barolo Noi 2017
Medium burgundraud. Raudbærsfruktig og frisk lukt med hint av jern, lakris og volatile syrer. Mykje ting på gang, men litt rotete i uttrykket. Så er det smaken då. Dette er ein fruktig Barolo med ganske polerte tanninar. Snill og typisk for 2017. Raude bær, lakris, litt syrleg jern eller rust. Alt i alt ganske ålreit vin til prisen. Verd å prøve. Diam 10-kork. 14,5 % alk. Prisen er 399,90.
Vajra Barolo Coste di Rose 2017
Medium + mørk burgundfarga med lysebrun kant. Medium intensitet i lukta. Noko parfymert Barolo med fin balanse mellom ung søt frukt i form av søte raude bær, og meir haustlege aroma som tjære og sopp. Frisk men solid vin, med både fylde og grep. Ganske polerte men framleis faste tanninar. Ein smule lukka på noverande tidspunkt. Dette var ein vin som fekk gode skussmål i World of Fine Wine, og eg vart nok i så måte litt skuffa. Den hadde ikkje heilt denne wow-effekten på meg. 14 % alk. Naturkork. Prisen er 568 kr.
Elvio Cogno Barolo Cascina Nouva 2017
Medium burgunderraud med litt bruning. Lukta har fruktsødme frå søte bringebær, men elles haustlege drag av sopp, lakris og mogna kjøt. Verkar litt knytt og primær enno. God friskheit og noko tørrande tanninar. Gode smakar av sopp, syrlege bringebær og jern. Litt alkoholvarme. Ein vin som vinn på lufting. 14,5 %. Diam 10-kork. Kr 449,90.
Elvio Cogno Barolo Ravera Riserva Vigna Elena 2017
Djup, sursøt lukt av tradisjonell Barolo. Ein del innslag av roser, sopp og fuktig jord. Ganske utvikla og pene tanninar. God syre som balanserer godt ut frukta som har mykje raude bær. Vil nok utvikle meir kompleksitet. 15 % alk. Smakt hjå produsenten i juni.
Roagna Langhe Rosso 2017
Svært lys på farge med ein del bruntonar. Nebbiolo-typisk anslag, men ganske fort er det over i søte jordbær og bringebær. Noko kreosot, olja treverk og volatile syrer. Et tu brute?! Denne vinen har eg smakt i fleire årgangar, og han plar vise Roagna sin kompromisslause tradisjonelle stil. 2017 er overraskande mjuk og snill. Lekker syre, men svært polerte tanninar. Smakane går frå bær og treverk mot lakris og sopp, og hint av mørk sjokolade. Eit lite tørrande tannin-innslag i ettersmaken. 14 % alk. Naturkork. Prisen var 469,90 kr.
Guido Porro Barolo Vigna Santa Caterina 2017
Noko brunleg burgunder. Saumlaus og utvikla på lukt, med gamalt treverk, jordbær, tjære, steikt sopp og lakris. Ganske mjuk og jordbærsmakande på dag to. God syre, men veldig snille tannin. Rund, pen og saumlaus Barolo i den nye stilen. Kirsebærstein og lakris. Godt å drikke, men vil det lagre? Vigna Santa Caterina er ein parsell i MGA Lazzarito i Serralunga. 14,5 % alk. Naturkork. Kosta 482,80 kr.
Ettore Germano Barolo Cerretta 2017
Medium mørk nebbiolo. Lett eikepreg i fyrste sniff. Det luktar av mørk, rik og søtleg bærfrukt, ei aning kokt preg. Smaken er betre, lang og med solid konsentrasjon. Men noko tørrande tanninar. Kanskje ikkje ein innertiar dette her. Årgangens vanskar med varme og tørke viser igjennom. 14 % alk. Naturkork. Kostar 650 kr på polet. Vart smakt hjå produsenten i juni.
Cavallotto Barolo Bricco Boschis Riserva San Giuseppe 2017
Lys burgunderraud med litt bruning. Flott nase og god intensitet. Solid raud frukt i tillegg til aroma av jord, sopp, jern og salami. I munnen er vinen ung og fast og litt tretørr. Mykje syre og tannin no, dette treng tid. Godt potensiale, men er det for mykje treverk til at det blir harmonisk med tid? 15 % alk. Naturkork. Smakt hjå produsenten i juni.
Ja, ikkje rein Barolo-lineup her då. Ghisolfi sin Langhe har druer frå Monforte d’Alba i Barolo og Roero. Roagna sin Rosso har druer frå Castiglione Falletto i Barolo og frå Barbaresco.
2018
Det vinbøndene sparte på sprøytemiddel i 2017, fekk dei god sjanse til å bruke i 2018. Der året før var varmt tørt, var 2018 særskild vått. Mykje nedbør gav mykje sopp-problem og mykje veksti mai. Det betyr meir jobb med trimming av lauvverket og med grøn innhausting når det blir for mykje druer. I juni betra det seg, og juli og august var ganske varme. Med fukta i bakken frå vinter og vår, vart det god vekst. I september vart det kjøligare, og meir regn. Dei fleste hausta i dei to fyrste vekene i oktober. Ein del sortering var naudsynt.
Palladino Barolo Serralunga d’Alba 2018
Lys burgunderraud med brun kant. Søtleg og sjarmerande anslag med jordbær, treverk og fiol. Fyrer på alle sylindrar. Juicy og lett søtleg frukt med jordbær og bringebær. Open, jovial og snill Barolo med litt tannin-tørring i ettersmaken. Flott vin å drikke no, og super til prisen. 15 % alk. Diam 10-kork. Kostar 409,00 kr.
Luigi Baudana Barolo Serralunga d’Alba 2018
Brunraud burgunderfarga og transparent. Open, pen og tilgjengeleg nase. God fruktbase av raude bær. Under dette ligg det Barolo-typiske aroma av sopp, tjære, roser og gamalt treverk. Sursøt, snill Barolo med pen konsentrasjon og allereie utvikla struktur. God raud frukt i smaken, og litt treverk, brune krydder og lakrisrot. Kanskje litt høgt prisa. 14,5 % alk. Naturkork. 539,00 kr.
Vietti Barolo Brunate 2018
Medium burgunderfarga. Oh, power. Djup og litt jordbæraktig fyrste sniff. Så kjem kirsebær og krydder. Primær og tight i munnen. Kraftige men ganske elegante tanninar. 14 % alk. Kostar 1799,80 kr. Smakt på messe i oktober 2022.
Chiara Boschis/E. Pira Barolo Via Nouva 2018
Medium mørk nebbiolo. Lett og nervøs lukt. Utvikla og nesten mot det oksidative. Likevel med kjøtfull raudbærsfrukt. Lett og mjuk Barolo med fin syre. Men Chiara køyrer visst minimal svovling, og kanskje det ikkje var det beste i ein slik årgang? 14 % alk. Naturkork. Smakt hjå produsenten i juni.
Cavallotto Barolo Bricco Boschis 2018
Open og aromatisk. Sursøt bærfrukt, urter og hengd kjøt. Frisk og mjuk Barolo som inviterer til nyting. Tanninane er finslipte og greie, men kjem litt på utover i ettersmaken. Cavallotto er ofte vin som treng tid i kjellaren, men denne er god alt no. 14 % alk. Naturkork. Kostar 640,00 kr. Smakt hjå produseten i juni.
Elvio Cogno Barolo Ravera Bricco Pernice 2018
Sursøt og lett jordleg Barolo-typisk nase med både raude bær og jordlege aroma. God intensitet. I munnen er dette ein strukturert og fyldig Barolo for årgangen. Rikeleg frukt å lagre på, men noko uforløyst no. 14,5 % alk. Smakt hjå produsenten i juni.
Konklusjon?
Dette er altså to ulike årgangar som har gjeve vin i litt same stil. Dei er i stor grad lite strukturerte, og allereie med open og aromatisk frukt. Dei er kanskje ikkje for puristar, men mange vil nok setje pris på eit glas av ung Barolo frå 2017 og 2018. Og ja då, eg veit at eg skreiv ein artikkel i Vinforum nr 2/2023 der eg etterlyste meir struktur og rustikke vinar. Men medan du ventar på at Barolo 2010, 2015, 2016 og 2019 skal mjukne, kan du gle deg over variasjonen og elegansen i to restaurant-årgangar.
2 tankar på “Barolo 2017 og 2018”