Det er pr 30.11.25 rundt 115 varelinjer med Barolo frå årgang 2021, som var tidlegast kunne kome i sal frå fyrste januar i år. No er det snart nytt år, og 2022-årgangen vil så smått byrje å kome til landet utover våren. Det var visst ein litt ujamn og vanskeleg årgang der tørken gjorde at somme vinmarker vart hausta svært tidleg til Barolo å vere. Men no skal det handle om 2021, den siste i rekkja av “les trois glorieuses”, eller tre gode år på rad.

2019 var god med både frukt og struktur, og på ein tur i området i juni 2023 med fleire produsentbesøk, så var fasiten at svært mange vinar allereie var ganske opne og fruktige. Det var kun eit par produsentar som hadde relativt stramme og dels lukka vinar (G. Rinaldi og Elvio Cogno). 2020 hadde ein lettare struktur og viste seg fram med open frukt og tidleg drikkeglede. Etter å ha smakt ti ulike 2021 frå ulike kommunar, er eg ikkje like sikker på kor stor årgangen er samanlikna med dei beste. Men vi får sjå litt på kva som trefte vindruene og åssidene av ver og vind i det herrens år 2021.
Klimaendringane råkar òg Piemonte, Langhe og dei 2258 ha vinmarker med nebbiolo som vert til Barolo. Dette gjer seg utslag i til dømes kraftigare hagl, varmare vår og dermed tidlegare knoppskyting og frostfare, og mindre snø og regn. Om vi ser på åra sidan 2000, har det i vekstsesongen (januar-oktober) vore i gjennomsnitt 682,1 mm nedbør. I 17 av dei 26 åra har det vore mindre nedbør enn gjennomsnittet, og med 383,2 mm er 2021-årgangen ein av dei tørraste. Berre 2003, 2022 og 2017 var marginalt tørrare.

Trass i dette, fekk ikkje Barolo noko store problem med stress i vinstokkane og stopp i mogninga av druene, slik som andre vindistrikt i Italia opplevde. Det var kanskje det at varmen ikkje var like intens som i til dømes 2017 og 2003, som gjorde at jorda klarte å halde på tilstrekkeleg fukt.
Ettersom eg no har smakt på ti Barolo-vinar, og tidlegare nokre Langhe Nebbiolo frå 2021-årgangen, er det eit tydeleg bilete som teiknar seg. Vinane viser seg ikkje fram med sjarm og drikkeglede i same grad som til dømes 2013, 2017, 2019 og 2020 gjorde i ung alder. Tanninane er ikkje grove eller voldsame, men faste nok til at dei har eit forsprang på frukta, og det gjer at eg trur vinane vil vise seg betre fram om nokre år.

Barolo
Barale Fratelli Barolo del Comune di Barolo 2021
Fersk, klar burgunderraud med litt bruning mot kanten. Elegant og passe søt bærfrukt og litt søte blomar i retning fiol. Lakrisrot, rå sopp og nype melder seg på. Dette lovar då godt. Tørr, ganske snill og passe fruktig Barolo. Litt tilknappa med “trå” tanninar, men her er solid fruktkvalitet. Dette vil nok bli svært bra med litt lagring. Barale hadde gode utgåver i den enklare 2020-årgangen, og den vanskelege 2018.
Druer frå Castellero, Coste di Rose og Preda. Økologisk sertifisert. Vinen ligg tre år på 1500-3000-liters fat av fransk eik. 14% alkohol. Diam10-kork. Prisen er 469,90.*
Giacomo Borgogno Barolo 2021
Fersk, jamn medium burguderraud farge. God intensitet. Ganske open og raudbærsfruktig, med litt typisk nebbiolo-parfyme, treverk og lakrisrot. Sober, klassisk og ung. Smaksmessig er det òg ungt, pent og stilig utan å vere polert eller sminka, ei heller rustikt. Rein og solid frukt mot det raude. Primær, så her vil det vere lurt med ein dose tolmod. Faste, men ganske finkorna og flotte tanninar.
Druer frå Liste, Fossati, Cannubi, Cannubi San Lorenzo og San Pietro delle Viole. Økologisk sertifisert. Maserasjon og gjæring i betongtankar i 15 dagar, før 20 dagar med nedsenka hatt (cappello sommerso). 24 mnd+ mogning i botte av slavonsk eik. 14,5% alkohol. Naturkork. Prisen er 599,-.

G.D. Vajra Barolo Albe 2021
Fersk, ung og jamn burgunderraud farge. Det luktar av tight og ungdommeleg vin, men her er òg noko søt og innbydande bringebærlukt, treverk og vanilje. Smooth og “snill” Barolo, fruktig og ganske polert, som er gjenkjenneleg for stilen til Vajra. Årgangen sin klassiske og strukturerte bygning, set likevel sitt preg på denne vinen òg. Fungere godt allereie, og eit godt kjøp om du likar denne stilen.
Druer frå Fossati, Coste di Vergne og La Volta. Økologisk sertifisert. Maserasjon og gjæring i vertikale fat (tini), delvis med nedsenka hatt i 30-61 dagar. 24 mnd på botte (4-7500 liter). 14,5% alkohol. Diam5-kork. Kostar 469,90. *
Serio & Battista Borgogno Barolo Cannubi 2021
Lett brunleg, lys burgunderfarga, smal brun kant. Kjøtfult og konsentrert anslag med mogne raude bær. Rein, fruktig og førbels ikkje så kompleks. Flott syre, reine gode smakar av sursøte, raude bær og med godt grep frå tanninane. Dette bør bli bra om 5-6 år når ting får gå seg litt meir i hop. Litt treverk og sopp i ettersmaken. Rimeleg Cannubi, og god representant for kommunen Barolo.
Druer frå MGA Cannubi, der produsenten eig parsellar på til saman 3 ha, med eksponering mot nordvest, nordaust og søraust. Produsenten har i Cannubi (etter påtrykk frå Chiara Boschis) arbeidd etter økologiske retningslinjer utan å vere sertifisert. 30-40 dagar maserasjon med overpumping. 30 mnd i botte frå Garbellotto på 2500 til 5000 liter. 14% alkohol. Naturkork. 499,90 kr. *
Monforte d’Alba
Fortemasso Barolo del Comune di Monforte d’Alba 2021
Lys brunraud, klar, nesten ikkje kant. Søtleg lukt av smør, vanilje, eikeflis og søte bær. Noko smør og brend eik også på smak. Fin syre og ganske greie tanninar. Litt tynn i midtpartiet og antydning til tretørr ettersmak. Eikepreget dominerer frukta, sjølv om det er litt betre på dag to.
Druer frå Monforte, truleg i hovudsak yngre vinstokkar i MGA Castelletto. Maserasjon i 25-30 dagar i ståltank, der fyrste 8-10 dagar med overpumping, og siste del med nedsenka hatt. Deretter 24 mnd på eikefat på 2500 liter. 14,5% alkohol. Naturkork. 499,90 kr. *
La Morra
Rocche Costamagna Barolo del Comune di La Morra 2021
Lys burgunderraud med ein del brunt. Lukta er “tørr” med sursøte raude bær, treverk, urter og nøtter. Frisk, lett og elegant La Morra-vin med velpolerte tanninar. God intensitet som skjuler seg bak ein frisk og elegant stil. Friske raude bær dominerer smaksbilete, med litt treverk, mørke bær, sopp og krydder. Litt knytt enno, men her er godt potensiale. Ein produsent å følgje med på.
Maserasjon og gjæring i tre veker. 18 mnd på eikefat før tapping på flaske. 14% alkohol. Diam5-kork. 499,90 kr. *

Eraldo Viberti Barolo del Comune di La Morra 2021
Lys brunleg nebbiolo-raud. Lett og finsleg i anslaget med nebbe-typisk lukt av raude bær, lakrisrot, sopp og skogbotn. Lovande start. Ganske open på lukt og på den elegante sida av tradisjonell stil. I munnen er vinen meir over mot mørkare bær, lett parfymert og med litt guff frå alkoholen. Heilt på grensa, men det flyr. Gjenkjenneleg, typisk Barolo, og mykje vin for pengane. Litt tørrande tanninar, som fortel at vinen godt kan få nokre år før neste flaske vert opna.
Druer frå tre ulike vinmarker i La Morra. Produsenten held til i Santa Maria, aust i La Morra, så truleg kjem druematerialet herfrå. Maserasjon i temperaturkontrollerte ståltankar i 30 dagar. Mogning i 24 mnd i små eikefat. 15% alkohol. Naturkork. Kostar 398 kr. *
Serralunga d’Alba
Schiavenza Barolo del Comune di Serralunga d’Alba 2021
Medium lys burgunderraud med bruning. Klar, lett søtleg og attraktiv lukt med søte bringebær, kjøtkraft, kirsebær og lakrisrot. Fersk og fruktig Serralunga-vin med fin syre og unge, men moderate tanninar. Ikkje enormt kompleks, men rein og solid vin som har det han treng for å glede. Drikkeklar og gjev mykje no, samanlikna med ein del andre frå same årgang. Samtidig er det nok stuffing her til opp til ti års utvikling.
Druer frå hovudsakleg MGA Meriame og Cerrati. 15-20 dagar maserasjon i betongtankar med to daglege overpumpingar, før 30 mnd mogning i 3000 og 5000 liters botte. 14,5% alkohol. Diam10-kork. Prisen er 449,90 kr. *

Miks:
Bruna Grimaldi Barolo Camilla 2021
Ung, medium burgunderraud på farge. Pen raud bærfrukt, ung og litt tilknappa. Nøtter, treverk og skogbotn melder seg på med litt lufting. Fersk, men tilgjengeleg Barolo med smak av syrlege raude bær, sopp og treverk. Rein og tradisjonell i uttrykket. Hint av treverk, eik og syrlege bringebær i ettersmaken. Faste tanninar, litt bitre. På dag to er frukta meir open og utfordrar strukturen om fyrste posisjon. Meir sopp og eit snev av mørk sjokolade. Bør gjerne liggje eit par år.
Grimaldi eig vinmarker i fleire kommunar, mellom anna Grinzane Cavour, Serralunga, Roddi, La Morra og Verduno, og denne vinen kjem frå fleire av dei. Gjæring i temperaturkontrollerte ståltankar i 20-30 dagar, delvis med nedsenka hatt, om årgangen høver. 24-30 mnd på botte og tonneaux. 14,5% alkohol. Diam10-kork. 449,90 kr. *
Brovia Barolo 2021
Lys burgunderraud, smal brun kant. Lys raud i frukta, luftig, rein, tørr og lett støvete. Ung og knytt, men elegant framtoning allereie. Bringebær og rips er i fremste rekkje, med litt sopp og rå hasselnøtter lenger bak. Frisk, raudbærsfruktig, med eit syrleg flott løft. Fersk og litt enkel no, men på eit høgt nivå. Unge, faste, men fine tanninar som skulle vere eit godt utgangspunkt for vidare stabil utvikling i 8-12 år. Brovia leverer igjen, men ikkje like open og imøtekomande som ein del tidlegare årgangar. Nokre flasker har fått bli med i kjellaren, såpass tru har eg på dette, sjølv om prisen stig kvart år.
Druer frå Castiglione Falletto (ca 30%) og frå Gianetto og Brea i Serralunga (ca 70%). Økologisk sertifisert. Gjæring i ulike kar av eik, stål og betong. 24-30 mnd på botte frå 3000-10 000 liter. 14,5% alkohol. Naturkork. Vinen kostar 699,00 kr.
Massolino Barolo 2021
Fersk, medium burgunderraud. På lukt er det både raude bær, og noko mørkare frukt. God intensitet, og hint av treverk og sopp. Fast, men pent fruktig Serralunga-vin, slik det bør vere. Kjølig og stilig fruktprofil, som kjem litt i bakgrunnen. Mykje struktur og syre som albogar seg fram i ljoset. Ja ja, det vil nok gå seg til skal du sjå. Godt potensiale, men litt for ung og knytt no til å setje fullt pris på vinen.
Druer frå Serralunga-vinmarker (Briccolina, Broglio, Collaretta, Damiano, Le Turne) og Parussi frå Castiglione Falletto. Gjæra i vertikale eikefat (tini) med temperatur opp til 30 grader. Sidan mogna i botte av hovudsakleg slavonsk eik i opp til 30 mnd. 14% alkohol. Nomacorc Select, teknisk kork laga av sukkerrørfiber. 529,90 kr er innafor, men vinen treng tid.
Konklusjon
Basert på det eg har lese andre stader, var nok forventningane litt til 2021-årgangen for høge. Vinane og notata over viser ikkje den begeistringa eg såg for meg. Her er vi meir på ein klassisk Barolo-årgang, (altså i nyare tid, det er jo ein debatt om manglande tanninar i Barolo sidan om lag 1996 som vi ikkje skal gå inn på her), der tolmod er på sin plass. Det er likevel verd å handle inn vin frå produsentar du set pris på. Det er lærerikt å følgje dei i ulike typar årgangar. I mellomtida er det framleis ein del vinar frå ymse produsentar frå 2017, 2018, 2019 og 2020 å få tak i som nok gjev meir glede no. Og prisen går diverre berre oppover..
* Vinar der flaska er sendt av importøren.
