“Billig” riesling GG

Hugsar du i 2015 eller deromkring? Ja, for oss som har bikka 40 er jo 2015 nesten som i går. Men om det var akkurat då eller eit par år frå eller til, så kan sikkert du òg hugse det. Då tysk riesling GG var verkeleg byrja å setje seg, og prisane var svært konkurransedyktige, ja nesten for billige, samanlikna med til dømes kvit Burgund. Og det er jo dei tyskarane i VDP likar å samanlikne seg med, så då må vi gjere det same.

Det var ein gong

I arkivet mitt finn eg vinar eg skreiv om i vinspalta i Sogn Avis i 2015. Dr. Loosen Graacher Himmelreich Riesling GG 2013 til 279 kr, Lützkendorf Hohe Grate Riesling GG 2008 frå Saale-Unstrut kosta 245 kr og den flotte Kirchspiel Riesling GG 2014 frå Groebe kosta 275 kr. Det er ikkje så lenge sidan dei dyraste GG-vinane kosta om lag 500 kr. I dag finn vi fleire som har bikka 1000 kr, og mange ligg mellom 600 og 850 kr. Det er ikkje kvardagsvin lenger, og det bør det kanskje ikkje vere. Men faktum er at eg opna langt fleire GG-ar før, og at dette sikkert gjeld fleire. Har då tyskarane mista kundar til andre vintypar?

Starten på GG

Hugsar du 2002? Det er over 20 år sidan, og vin-Noreg såg noko annleis ut. Det var færre vinspalter i avisene, ingen posta selfie med grand cru-flasker i handa, og det var få Michelin-stjerner på norske restaurant-dører. I dette året vart VDP-medlemmene samde om ein alternativ klassifisering for medlemmene sine vinar og vinmarker. VDP Grosses Gewächs vart skapt, og noko viktig var på gang i vinlandet Tyskland.

Er du usamd i den offisielle suksess-historia som VDP prøver å innprente i folket? Her er nokre tankar om problematiske sider ved særleg riesling GG, av David Schildknecht.

Charta og Breuer

Grosses Gewächs og klassifisering av dei beste vinmarkene i kvart vindistrikt, spring ut frå arbeidet som Bernard Breuer starta med produsentforeningen Charta Rheingau i 1984. I den tyske vinlova av 1971 var det ikkje noko klassifisering av vinmarker, men mostvekt. Når fleire av vinane til ein produsent anten var spätlese trocken eller auslese trocken, vart det forvirrande for konsumentane.

Nytt lovtillegg!

27. januar 2021 vart det lagt til eit tiande tillegg til den tyske vinlova av 1971, med verknad frå 2026-årgangen. Fram til då er det riiiiikeleg med overgangsordningar, som dei som trur dei meistrar tysk vinlovgjeving kan kose seg med. Gjeldande frå 2020-årgangen, har andre enn VDP-medlemmer lov å setje GG på etiketten på vin frå vinmarker som VDP har klassifisert som Grosse Lage. Forvirra? Noko skal vi då ha å spørje om i Nattverden sine quiz-ar.

Prisgunstig i 2023

Om vi skal forsøke å finne noko prisgunstig, er det noko å trakte etter lenger? Eg har leita fram nokre riesling GG til under 400 kr, som i dagens prisklima må seiast å vere gunstig og noko ein kan unne seg innimellom. Dei siste åra har “det tredje nivået” Erste Lage, byrja å bli meir brukt mellom vinprodusentane. Truleg går noko deklassifisert frukt frå GG inn i desse vinane, slik at toppen vert spissa. Og dette kan jo nyttast som argument for å skru opp prisen på GG.

Dei beste vinmarkene for tørr riesling

Kva er så dei beste vinmarkene i Tyskland for tørr riesling (GG)? Fleire gode vinmarker i Mosel gjev vel så spanande vin i ein annan stil. Og kanskje nokre i Nahe òg. Men om vi ser på kva som går unna, så er det GG-ar som Kirchspiel, Morstein med fleire frå Wittmann og Keller i Rheinhessen som er det heitaste. Schäfer-Frölich og Dönnhoff sine GG-ar i Nahe som Kupfergrube, Felseneck, Hermannshöhle og Dellchen blir òg fort utseld. Breuer sin Berg Schlossberg frå Rheingau har ein viss glans. Elles finst det fleire gode vinmarker som gjev kompleks og interessant vin med litt alder. Særleg frå hjartet av Mittelhaardt, med vinmarker som Pechstein, Ungeheuer, Jesuitengarten, Kirchenstück og Idig.

Dette har eg smakt

Her er ni vinar frå fem tyske vindistrikt. Eg ønskte å finne vinar under 400 kr, og som ikkje var frå den ferske 2021-årgangen. Det er mykje syre i dei vinane eg har smakt frå 2021, så truleg treng dei tid på å bli noko meir hamoniske. Nahe er ikkje med her, mesteparten av GG eller tilsvarande vinar frå Grosse Lage-klassifiserte marker er dyrare enn 400 kr. Franken kunne òg vore kjekt å ha med, men heller ikkje her finst det vin innanfor mine kriterier.

Mosel

Rebenhof Johannes Schmitz Erdener Treppchen Riesling GG 2020

Strågul og klar. Medium intensitet. Solid, mogen eplefrukt med grøne og gule eple, og noko knust stein. Litt svær og rik riesling GG i anslaget. Gul frukt og fersken, fine og tydelege smakar. Snev av alkoholvarme og ein lett bittertone i ettersmaken. Litt ung og uforløyst. 13% alk. Skrukork med saranex membran. Vinen kostar kr 359,80. Sendt av importør.

Treppchen er ein av desse store veggane med vinmarker, saman med Prälat i vest og Kinheimer Fösterlay i aust, og har slike Hollywood-bokstavar oppe i vinmarka. Litt underleg finn eg at VDP har klassifisert 42,17 ha, medan andre kjelder oppgjer totalt areal på 36 og 39,14 eller 45 ha. Det er mange eigarar utanom Dr. Loosen og S.A. Prüm frå VDP. Sett bort frå delen nederst mot vegen er vinmarka bratt, og har lange terrassar med høge murar. Treppchen har eksponering mot sør-sørvest.

Clemens Busch Marienburg Rothenpfad GG 2018

Strågul. God intensitet. Søtleg og blomeaktig Mosel riesling-lukt med søte, ferske eple, lime og sitrongras. Tørr, fruktig og ganske rik Mosel GG med varmen og tyngden som 2018 gav. Ein god årgang for tørr Mosel riesling. På dag to har vinen opna seg opp og både lukt og smak viser seg med større intensitet og tydelegheit. 13% alk. Naturkork. Vinen er utseld, men finst på nokre pol til 365 kr.

Marienburg er ei stor vinmark, kjeldene seier mellom 96 og 106 ha totalt, der til og med flate areal på by-sida av elva er med. Det er ein del som truleg ligg brakk, særskild i den bratte austvendte delen over jernbanelinja. VDP har klassifisert 17,93 ha. Clemens Busch er av dei store eigarane, og han gjer heile fire GG frå ulike parsellar, trass i VDP sin maksime om kun ein GG frå kvar Grosse Lage-vinmark. Rothenpfad ligg over jernbaneviadukten, der du kjem ut av tunnelen rett etter avgang frå Bullay. Denne vesle sidebana frå Bullay til Traben-Trarbach er verd ei reise, men pass på å ikkje setje deg på dei fire setene som er merka med fyrste klasse, med mindre du er ein raring som har kjøpt fyrsteklasse-bilettar til denne vesle skinnebussen.

Rheingau

Domdechant Werner Kirchenstück am Stein Riesling GG 2020

Strågul -. Rik og tiltalande lukt av fersk riesling på høgt nivå. Badeball, smågodthylle og grøne urter. Frisk og relativt slank GG med litt manglande konsentrasjon. Gode eplesmakar og saliverande syre. Hint av petro og mineralitet. Kvit fersken i finish. Frisk stil, som nok vil gje meir glede med nokre års utvikling i kjellar. 12,5% alk. Skrukork. Kostar 355,- Sendt av importør.

Denne vinmarka har endra seg som GG dei siste åra. For nokre år sidan var det GG Kirchenstück, men i dag er det den sentrale delen Kirchenstück am Stein som er Grosse Lage, medan resten som då heiter Kirchenstück er Erste Lage. GG-delen er 7,47 ha.

Künstler Kostheim Weiss Erd Riesling GG 2020

Lys strågul. Litt diskret men aromatisk lukt. Søtleg kvit steinfrukt. Med lufting dukkar det opp ei kjensle av syrleg stein. Frisk, tørr og fruktig GG som ber litt preg av noko høgt utbytte. Solid kvalitet på den litt lette sida av riesling GG. Typisk for årgangen. Mykje steinfrukt på smak og svært pen og behageleg munnkjensle. 12,5% alk. Skrukork og prisen er kr 339,80.

Kostheim ligg vest for Hochheim i elvekrysset der Main renn inn i Rhinen, med byen Mainz på sørsida av Rhinen. Ein GG høyrer til Kostheim, og det er sørvendte Weiss Erd på dryge 7 ha.

Mittelrhein

Ratzenberger Bacharacher Wolfshöhle Riesling GG 2017

Strågul + med grønskjær. Moderat intensitet på lukt på dag ein, men kjem seg med luft. Raude eple, noko utvikla rik lukt av mogen frukt og sitrongras. Ganske utvikla riesling GG, pent integrert syre i ein fyldig vin. Glatt og glyserisk tekstur. 12,5% alk. Naturkork. Vinen kostar kr 399,00. Sendt av importør.

Bacharach ligg på vestsida av Rhinen, med Lorch i Rheingau på hi sida. Wolfshöhle ligg litt tilbaketrekt frå Rhinen i sidedalen Steegerthal, og 10,01 av 32,52 ha er klassifisert som Grosse Lage. Vinmarka vender søraust, med den vestlegaste delen nesten rett mot sør.

Rheinhessen

St. Antony Orbel Riesling GG 2016

Djup strågul. Moderat intensitet. Litt reservert men finstemt. Det luktar mogen riesling av høgt nivå, med badeball, diesel, surblad og mogne eple. Pent utvikla riesling med mjuk og fin munnskjensle. Integrert syre som blir halden i sjakk av god frukt. Smak av syrleg kvit steinfrukt, gule plommer og ei syre som kjem snikande. St. Antony er sertifisert økologisk. 13% alk. Naturkork. Vinen kosta 328 kr. Hadde bestilt 2017, men fekk 2016 på varenummeret til 2019. Truleg noko plukkefeil på lageret.

Orbel ligg litt lengre vekk frå Rhinen enn dei andre vinmarkene i Roter Hang ved Nierstein, og får då meir sørleg eksponering. 9,07 av 11,9 ha er klassifisert som Grosse Lage. Her er jorda, som i store deler av dei andre vinmarkene i Roter Hang, prega av raud skifer.

Julia Schitter Pettenthal Riesling Trocken 2021

Lys strågul. Knackig og fersk riesling med god intensitet i lukta. Aromatisk med søte gule eple og noko “krydra” metallisk feeling. Fersk og syrleg riesling som nok har godt av litt tid for å slå ut i full bløming. Det ser ein allereie på dag to, for då har vinen lagt på seg litt vekt og minner om ein GG. Denne har ikkje “GG” på etiketten, men kunne hatt det, jamfør overgangsordningane. Rein og frisk stil, som den kjølige 2021-årgangen bidreg til. 12,5% alk. Naturkork. Vinen kostar 385 kr, og flaska vart sendt av importør.

Pettenthal ligg midt i Roter Hang, mellom Rothenberg og Hipping, og 20,65 av ca 40 ha er klassifisert som Grosse Lage. Det er den midtre og øvre bratte delen i skråninga som er verdig GG, medan det flate partiet rett over jernbanelinja, og det på toppen av åsen kan brukast til Erste Lage.

Pfalz

Philipp Kuhn Im Grossen Garten Riesling GG 2018

Strågul +. Noko utvikla riesling. Rik og feit lukt med mogne eple, tropisk frukt og diesel. Med litt snurring på glaset kjem det fram meir uorganiske sambindingar, eller stein som nokon kallar det. Tørr og fyldig GG med 2018-årgangen sin rike stil, utan at det vert ubalansert. Godt å drikke. Gode eplesmakar og fin balanse, men nasen er best no. Solid vin som nok kan liggje i 3-8 år. 13% alk. Naturkork. 373 kr. Sendt av importør.

Tidlegare var Burgweg ein stor Grosse Lage, men er no redusert til Erste Lage, og så er den beste delen på 9,6 ha skilt ut som GG med namnet Im Grossen Garten. Dette er av dei nordlegaste GG-vinmarkene i Pfalz.

Gies-Düppel Kastanienbusch Riesling Trocken 2020

Lys strågul. Fersk og pen lukt av mogen frukt. Mest gule eple og kvit fersken. God konsentrasjon. Fint grep med balanse mellom fylde, syre og frukt. Lett bittertone i ettersmaken. Litt ung og uforløyst, men fint potensiale. Godt kjøp. 12,5% alk. Skrukork. Vinen kostar 344 kr. Sendt av importør.

Kastanienbusch høyrer til landsbyen Birkweiler i det sørlege Pfalz, og har 29,29 ha klassifisert som Grosse Lage. I Wine Atlas of Germany er Kastanienbusch rekna med til “Exceptional Vineyards” i Pfalz, som er dei best rangerte vinmarkene. Tidlegare har over 100 ha vore kalla Kastanienbusch, men no er noko skilt ut som Erste Lage, noko er Grosse Lage Kastanienbusch-Köppel, og noko er utanfor VDP si klassifisering. Vinmarka er som det høver seg, omkransa av kastanjeskog, og med godt vern mot vind frå vest.

Konklusjon?

Du må nok bite i det sure eple, eller kutte ut treningssenter- eller strøymeabonnement, for riesling GG er på veg oppover i pris. Desse til under 400 manglar litt på konsentrasjon og kvalitet til dei som no har bikka 500 kr. Clemens Busch og Philipp Kuhn sine vinar skil seg ut som eit hakk betre kjøp enn resten, med St. Anthony og Julia Schittler på plassane bak. Og så er det mykje godt å få kjøpt i Tyskland, om du beveger deg vekk frå vin som er heilt knusktørr.

Har du behov for fleire synspunkt eller fleire vinar? Her har Heine smakt myyyykje GG frå årgang 2020.

Ein tanke på ““Billig” riesling GG

Leave a Reply