Blant sultanar og okseauge

Noah dyrka jorda, og han var den fyrste som planta ein vingard. Då han drakk av vinen, vart han drukken og kledde seg naken inne i teltet. Kam, far til Kanaan, fekk sjå far sin naken, og han gjekk ut og fortalde det til dei to brørne sine. Då tok Sem og Jafet ei kappe og la over akslene sine. Så gjekk dei baklengs inn og breidde over far sin. Dei vende andletet bort, så dei ikkje såg far sin naken.

Dette var nok ikkje den stoltaste augneblinken i Noas liv etter han kom seg ned frå Ararat – og ei fleire tusen år gamal påminning om moderasjon framfor born og barneborn. Likevel kunne kyrkjefedrane på 300-talet gje patriarken eit sømeleg alibi: sidan Noa var den første i verda som drakk vin, så kunne han ikkje kjenna til alkoholen sine verknader.

Medan Tyrkia er mellom verdas største druedyrkarar, så speglar ikkje dette vinindustrien i særleg grad. Osmanske år med alkoholforbod styrte i staden etterspurnaden i retning spisedruer, og sjølv om Tyrkia har over 600 opphavlege sortar med vindruer så er det berre kring 60 i bruk i dag. Moderne tyrkisk vinproduksjon byrja i 1925, og inneheld ei lett blanding av gamle kjenningar og druer ingen har høyrd om.

Sevilen Vineyards & Winery starta opp i 1942 og er framleis i familiehender – no i tredje generasjon. Vest i Tyrkia har dei markar i to distinkte områder: Ege Bölgesi, med eit lunt middelhavsklima, og kjølegare Denizli med dyrking opp mot 900 meter over havet. 

Sevilen Plato Öküzgözü 2018

Egearregionen, Tyrkia. 100 % Öküzgözü – tyrkisk for okseauge, antakeleg kva dei store, mørke druene minnar om. Vinmarkar 700-900 meter over havet. Fermentering og 10 månadars lagring på fransk eik. Vegansk.

Muskat og vanilje frå nyopna flaske, med rips, bjørnebær og kirsebær hakk i hæl. Med litt tid i glaset dempar krydderpreget seg. Reine og behagelege duftar.

Syrleg og slankt anslag. Pinot Noir-aktig, kjøleg midtparti med friske kirsebær og bringebær, og – etter tid i glaset – fyldigare morell med eit fruktsødmetouch. Lang og syrleg avslutning med granateple og rips. Tanniner surrar rundt i bakgrunnen utan å gjera så mykje av seg.

Ikkje sånn superkomplekst, men reint og veldig godt. Fatbruken er diskret til stades på snuten, men knapt merkbart på tunga. Fungerte godt til grilla adana-kebab, og vil antakeleg gå fint med det meste av domestiserte landprotein. Mykje vin for 220,-  

-Men, tenkjer du nok no. –Korleis kan han skriva om tyrkisk vin utan å ha med noko om sultandrua – ei drue som er den alle har smakt som rosin, men antakeleg aldri i vinform?

Sevilen Majestik Sauvignon Blanc & Sultaniye 2019

Egearregionen, Tyrkia. 55 % sauvignon blanc, 45 % sultaniye. Fermentert på stål, 15 % av vinen har hatt eit halvt år på fransk eik. Vegansk.  

Svært aromatisk frå nyopna flaske: sylta sitron, blomstereng, gule eple, våt stein, litt stikkelsbær.

Meir kaotisk i svelget – lubben, nesten oljete munnkjensle, honningsødme, eple, tropisk nektar og grapefrukt. Roar seg etter ein times tid: søtleg pære, gule plommer og eit ørlite bittert neslestikk som glir over i ei fyldig avslutning med søtleg ananas og bitter grapefrukt.

God vin til 170,- med (etter kvart) reine smakar, men eg saknar nok litt syre… Meir mat- enn kosevin – fungerte bra saman med falafel.

Musikkbonus: Frank Zappa – ’88 The Last U.S. Show

Det var jo ikkje sånn det skulle gå – New York-konserten i mars 1988 skulle berre avslutta ein austkyst-runde før Europadelen av turneen. Bandet skulle så attende til Sambandsstatane med utselde salar i midvesten og vestkysten. Slik vart det ikkje – ein allereie kreftsjuk Zappa var ikkje i stand til å kontrollera interne konfliktar, og bandet imploderte før dei returnerte til USA.

Eit band som hadde øvd 10 timar om dagen, 6 dagar i veka, i 4 månadar, hadde erfarne Zappa-musikarar med seg i kjerna, pluss 5 blåsarar og Mike Keneally som stuntgitarist! Eit band som etter kvart hadde rundt 100 låtar inne og kunne gjera kvar einaste konsert til ei unik oppleving. Eit band som Zappa sjølv omtalte som ‘The Best Band in the World’.

For meg som er gigantisk fan av 88-bandet (det er sloppe 3 offisielle utgjevingar frå turneen), men ikkje er like happy med lyd-estetikken til Zappa tilbake i tidleg digital tidsalder, så er denne dobbel-cden gull. Lyden er varm og crisp på ein gong, separasjonen mellom musikarane lét meir studio enn scene, og alle verkar ekstremt fokuserte denne kvelden.

Repertoar? Ei blanding av gamle Zappa-klassikarar i elegante “storband”-arrangement, litt Bartók, Ravel og Stravinsky, litt Allman Brothers, litt Beatles, litt Led Zeppelin – med den ikoniske Stairway to Heaven-gitarsoloen spelt note-for-note av blåserekka, ein del current events-politiske songar som kanskje også er aktuelle i dag i eit amerikansk perspektiv, og – skuffande nok – den lenge etterlengta Beatles-medleyen som syner seg å berre vera eit musikalsk velspelt, men tekstleg skuffande seksualisert Pyton-humorangrep på televangelisten Jimmy Swaggart – for meg eit veldig tidsavgrensa og forelda vindauge i amerikansk historie. Uansett: ekstremt samspelte arrangement møter ekstremt frie soloparti, her kan rock-, jazz- og samtidsmusikkfolka finna nye favorittar uavhengig av kvarandre. (Ikkje så veldig spanande) liner-notes frå Chad Wackerman og ny favorittplate så langt i 2021!             

Kjelder:
Bibelen
Diverse Wikipedia
http://www.isabey.com.tr/
https://www.zappa.com/

Leave a Reply