GRATULERER MED 150-ÅRSDAGEN, CANADA!
Canadisk mooserande vin laga med sjampanjemetoden. «Går det an?» spurde butikksjefen då eg henta bestillinga.
Med drift sidan 1971 er Blue Mountain Winery & Cellars veteranar i Okanagan Valleys, British Columbia. Tørt klima, ekstremt milde vintrar (jaffal i kanadisk perspektiv) og lavt sjukdomspress på drueplantane gjer det mogleg å halda seg tett til økologiske prinsipp, med berekraftig drift som drivkraft.
Blue Mountain Gold Label Brut 2013
Mykje bobler – kremete moose. Veldig umiddelbar og ‘sjampanjeaktig,’ delikat duft frå nyopna flaske. Rista brød, raude eple, nøtter, søtleg antydning til marsipan.
Eit crisp smaksanslag glir over i eit fyldig midtparti med saftige, modne raude eple. Ei litt kantete syre forstyrrar litt, men roar seg med tid i glaset og endar som ei lang – litt spiss – sitronprega avslutning.
Overraskande god vin som til 249,- er ein seriøs geografi-eksotisk cremantkonkurrent. På snute siktar vinen enno høgare, men klarer ikkje heilt å følgja opp på smak. 11 flasker har havna på Notodden-polet, 1 på Radøy; noko som betyr at importøren har maksimum 188 flasker igjen – antakeleg mange færre, men ser ut til å framleis vera tilgjengeleg i nettbutikken til vinmonopolet.
Bonuskviss: Kva for 5 canadiske plateartistar er på bildet ? Nerdebonus: Namn på platene…
Kjelder:
vinarius.no
bluemountainwinery.com
Dalbello, Daniel Lanois, Joni Mitchell, Leonard Cohen, men det vert berre 4 stk …
Veldig bra – siste artist ligg under pannbåndbildet til Lanois oppe til venstre og er nesten umogleg å ta. Jazzpianist, fødd på 1920-talet…
Oscar Peterson?
Jepp – imponerande!
Takk – du har sikkert ei stor platesamling, så du har nok fleire kanadiske om du kiker etter. Visste du at Canada støtt og stadig rangerer blant verdas tre største innen musikkeksport?