Ch. Kefraya Les Bretèches 2016

Libanesisk vin i Noreg er ikkje lenger synonymt med Musar. Etter kvart har fleire produsentar meldt seg på. Nattverden testa  Chateau Kefraya 2012 for ei tid tilbake – korleis vil entry level-vinen deira som har lista seg inn i basisutvalet på Vinmonopolet til 155 kroner hevda seg i eit stadig tettare Libanon-heat?

Chateau  Kefraya planta dei første vinstokkane i 1951 og lagde – sjølv med vedvarande borgerkrig – sin første årgang i 1979. På 300 hektar med terrassar dyrkar dei Cabernet Sauvignon, Syrah, Chardonnay og Viognier, men også meir sære druesorter som  Carménère, Marselan og Muscat à Petits Grains.

Ch. Kefraya Les Bretèches 2016


Syrah 50%, Tempranillo 20%, Cinsault 18%, Cabernet Sauvignon 7%, Marselan 5%

Her er nok Marselan den mest kuriøse drua – ei kryssing mellom Cabernet Sauvignon og Grenache frå 1961, som ein stort sett finn i Languedoc, og som er i ferd med å bli superpopulær i Kina.

Handplukka druer, null fat – gjæring på stål og sement,  flasketapping etter 2 ½ år.

Mykje solbær, blåplommer, nellik og hengt vilt frå nyopna flaske. Glir med litt tid i glaset over i blåbær og lyng, medan tørka frukt ligg som ein søtleg pedaltone bakom.

Fyldig anslag med blåplommer, bjørnebær og mokka. Plommene følgjer med inn i eit midtparti med mjølkesjokolade og bitter lakris som brått blir litt spinkelt. Tar det heile igjen i ei lang og rein avslutning med lysare kirsebærtoner.

Rein og ryddig og med ein viss eleganse. Tanniner byggjer langsamt opp og fungerte godt i møte med lam. 14% alkohol er kun merkbart ved at eg prøver å spele Take On Me på ukulele. Ekstremt mykje vin for 155 kroner.

Musikkbonus: Jerusalem in my Heart – Mo7it Al-Mo7it (Ocean of the Ocean)

Debutalbumet frå 2013. Det blir kanskje litt amputert å sleppe på cd noko som vel så mykje er eit visuelt kunstprosjekt med lysdesign og videoelement, men konseptet lét flott som lydkulisse også. Quebec-baserte Radwan Moumneh er vanlegvis lydteknikar for mellom anna Colin Stetson og Bon Iver, men har sidan 2005 hatt eit undergrunnsprosjekt med arabisk samtidsmusikk og  elektroakustisk tilnærming til tradisjonsmusikken frå Midtausten.

Mykje er vakkert, men på ein mystisk – ikkje-Real-World-Records-aktig måte. Mykje er framand, sjølv om Jean Michel Jarre dukkar opp her og der. Naken bouzouki i eit utandørs feltopptak med fuglekvitter i bakgrunnen er utruleg sjarmerande, el-bouzouki med Marc Ribot-frasering ditto tøft.  

Oppi det heile sanser eg eit sinne, og tar det for gitt at det ligg politiske undertonar av udeleleg hovudstad og gløymde musikk-kulturar, men eg merkar eg må gje tapt for manglande referansar og heller gje meg hen til musikken. Og det kjennes heilt greitt.

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
http://www.chateaukefraya.com/
http://cstrecords.com/


Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *