Ch. Lavillotte Saint-Estephe 2002

Innimellom dukkar det opp ‘ferdiglagra’ vin på Vinmonopolet. Frå Saint-Estèphe, heilt nord i Medoc, kjøpte Jacques Pedro i 1962 ein vingard i elendig forfatning, som dei etter kvart fekk på beina igjen. Med ein fot i moderne teknologi og den andre i tradisjonstru vinmaking produserer dei rundtom 50000 flasker årleg.

Ch. Lavillotte Saint-Estephe 2002

70% Cabernet Sauvignon, 30% Merlot, 200% Nattverden going Normcore.

Nydeleg duft frå nyopna flaske. Blåplommer, kaffibønner, mørk sjokolade, fiken og blyantspiss. Etter nokre minutt i glaset kjem solbæra og overtar mykje av luktbiletet saman med fersk Petterøe’s 3. Reine og kraftige duftar.

Lover meir på snute enn du får i smak. Forsiktig anslag, slankt midtparti med plommer og solbær. Litt stutt avslutning. Profitterer på litt tid i glaset, får ei anstendig lengde med lyse ripsbærtonar. Finslipte tanninar manifesterer seg, men ikkje før i siste tredjedelen av flaska.

Klisjé-Bordeaux – meint positivt – som tålte meir luft enn eg trudde. Lukkast best på snute, blir litt spinkel i munn, men uansett eit flott høve til å risikofritt smaka over femten år gamal vin for under 300,- Fungerte ypperleg saman med entrecote og uanstendige mengder kvitløk…

Chad Wackerman – Forty Reasons

Give the drummers some…
Etter å ha overlevd fire turnear med Frank Zappa, solodebuterte Chad Wackerman i 1992 med Forty Reasons . Med seg hadde han ein lineup som i praksis var Allan Holdsworth Band med ekstra cymbalar…

Nittitalsfusion kan fort bli meir gymnastikk enn musikk – her er heldigvis låtane så sterke at ein tåler både taktskifter og Wackermanske trommebreaks. Jimmy Johnson følgjer tett opp på både fretless- og ‘vanleg’ bass, medan Jimmy Cox sine synthar lét utdaterte med dagens øyrer, og fungerer best på orgel og piano.

 Med låtskrivarstatus på 4 av låtane og gitar på fleire er dette på mange måtar eit oversett Allan Holdsworth-album som fortener meir merksemd.

Kjelder:
Robert Parker – Bordeaux: A Consumer’s Guide
http://chadwackerman.com/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *