Ch. Musar Aana 2013

Igjen skal de bo i hans skygge,
de skal dyrke korn
og blomstre som vinstokken.
Hans navn skal bli som vinen fra Libanon. (Hosea 14.8)

P1040412

2013 var eit år som Musar sjølv oppsummerte med eitt ord: Elegant.
På tusen meter har dei snø også i Libanon, og både vår og sommar var kjølegare enn vanleg, medan ei plutseleg varmebølgje i august sat fortgang i modning og sukkerinnhald. Cinsault som denne vinen har ekstra mykje av samanlikna med resten av Musar-familien  (Cinsault 50%, Grenache 35%, Cabernet Sauvignon 15%) var den einaste drua som ikkje var prega av temperaturen og vart hausta sist i september 2013. Men nok agrikultur – vi skal smaka vin:

Forsiktig dekantert, men svært lite grums i flaska. Blåplommer, raudt epleskrell, sigarskrin, tobakk, hengt kjøt på snute. Ganske moden duft. Med tid på karaffel kjem det krydra musarpreget med anis og nellik.

Silke! Juicy, saftig og lettdrikkeleg. Plommefrukt, litt solbær, kaffi, og med tid i glaset frisk rips i lang avslutning. Lettare og – må eg medgje – mindre kompleks og eksentrisk vin enn resten av musarfamilien, men skummelt lett å like… Veldig fint integrert fatbruk.

Tilgjengeleg i nettbutikk og på 68 pol – supert kjøp til 240,-

P1040418

Kjelder:

http://www.chateaumusar.com

Ein tanke på “Ch. Musar Aana 2013

  1. To magnummer av denne skal være første rødvin i en lang rekke på 40 års lag på lørdag. Det gleder jeg meg til!

Leave a Reply