Eg har for kort tid sidan vore igjennom fire chardonnay-vinar, alle ganske så ulike, og frå ulike verdshjørne. Men korleis best skildre vinane? Kvar for seg er dei alle fire typiske i sin god-kvalitets-chardonnay-med-noko-eikelagring-stil, men likevel er dei ganske så distinkte i kvar sin retning.
Faktisk gjer det kanskje best meining å skildre dei mot kvarandre, og då utan å bruke for mykje av fruktkorg-adjektiva, men heller ta sats utfor stupet og inn i det skumle og ulne metafor-landskapet. Hjelp..
“Mitt første bevisste møte med en mekanisme som nok har vært der hele tiden, den å komme seg forbi noe, over noe, ved å høre andre ord på det enn ens egne, ikke bare karikaturens, men selve beskrivelselsens mekanisme.”
Frå Seierherrene (1991) av Roy Jacobsen.
Ver no grei å bli med litt til. Det er trass alt deilig chardonnay det er snakk om her, god og matvenleg vin for vininteresserte med sosialdemokratisk lommebok og middels impulskontroll. Ja, du ja.
Om ein skal forsøke å bruke musikksjangrar for å skildre ulike druesortar sine karaktertrekk, kan ein kanskje seie at pinot noir er klassisk musikk, tannat eller aglianico er prog, sauvignon blanc er filmmusikk og cabernet franc er folk. Chardonnay er derimot utan tvil smektande popmusikk, som Hollies, Fleetwood Mac, Toto, Cardigans eller Maroon 5, alt etter kva tiår du er fødd.
Popmusikk er over alt, han vert produsert kynisk og på samleband, gjerne etter ein velprøvd mal (hei Max Martin), og det er difor at ein del god musikk forsvinn i mengden av glatt og inkjeseiande dusinvare.
«I do think texture is more important than flavor. The wine will tell me how it wants to be described. But overall: What kind of a personality does it have? Is it yummy? Is it delicious? Is it easygoing? Is it complicated? Is it challenging? Is it aloof?»
Terry Theise, frå artikkel i World of Fine Wine Issue 90.
Chardonnay er ein av desse druesortane som alle kjenner til og som er lett å like. Drua er populær å dyrke òg, med 210 000 hektar verda over, noko som er tredjeplass av alle grøne druer etter rosin- og konsumdrua sultanina og brandy-drua airen. Men det er ikkje berre i volum at chardonnay utmerkar seg, ho er dyrka som vindrue i 41 ulike land!
Eit søk på «chardonnay» på polet si nettside eller app, viser pr 31.01.26 at det er 2892 varer i kategorien «kvitvin». Og kikar du nedover lista med sortering etter land, finn du chardonnay frå 31 ulike. Det er med andre ord mykje moro å dykke ned i. Her kjem fire gode, og så er oppmodinga mi å prøve å finne sine eigne favorittar. Om du likar ein stil, eit område eller ein produsent, så forsøk deg gjerne på eiga hand, for å utvide horisonten. Det er ikkje sikkert at ein anmeldar sine 95 poeng gir meining for deg.
Idéen var i utgangspunktet å finne ein chardonnay frå Bourgogne, og tre andre frå land der det vert nytta engelsk på etiketten. Eit slags den gamle verda mot “nykomarane”. Dei som nyttar engelsk på etiketten har jo ein lågare terskel inn til det vinpublikumet som ikkje umiddelbart byrjar å salivere ved ord som “Pouilly-Fuissé”, “Santenay” eller “Meursault-Blagny”.

Slike som kjenner til chardonnay, og som då plukkar med seg ein med det på etiketten. Ein Santenay blanc har jo ikkje dette magiske ordet i synsfeltet, og går kanskje glipp av nokre kundar. For dei som har behov for utfyllande info på baketiketten, er nykomarlanda òg stort sett noko meir informative, og dei nyttar engelsk.
Prismessig så ligg desse vinane frå 385 til 665 kr, men kvalitetsmessig er vi om lag i same skikt. Det er flotte og typiske variantar chardonnay som kan vere noko å tenkje på for dei som ikkje vil stå i kø på Burgund-sleppet for Meursault til 2000 kr eller Batard-Montrachet til 4000 kr.
Pascal Clement Pernand-Vergelesses Les Combottes 2022
Rund, heilstøypt og og rik frukt med gule eple som sentrum. Lett rustikk tekstur som vitnar om at dette ikkje er Grand Cru. Likevel er det så balansert og godt laga! Truleg ikkje dum vin å plukke ut i den varme 2022-årgangen, for vinmarka ligg oppe i ein dal mot Hautes Côtes de Beaune og er nordvest-vend.
12,7% alkohol er jo svært moderat til Bourgogne å vere. 549,90 er mykje pengar, men rimeleg for Bourgogne. Sånn har verda blitt.

Danbury Ridge Chardonnay 2022
Lysare farge enn vinen over. Vinen er noko stum ved opning, og kjem seg med nokre timar lufting. Neste dag er vinen endå betre. Orda som følgjer er difor etter smaking på dag to. Vinen sitrar no av syre og forventning, når eg stikk nasen i glaset. Energisk, høgtona, og ein høgfrekvent straum av lys sitrus og elektron som susar imot meg. Bak alt dette kjenner eg att ein chardonnay med noko tid på eik. Slank og brei på ein gong, slik chardonnay frå kjølig klima kan vere på sitt beste. Kanskje litt mykje eik i monitor nett no, men den er kanskje viktig for totalopplevinga og for vinens vidare liv. Frisk og veldig engelsk i aksenten, med aroma av ulik sitrus og autolyse. Flott vin, som nok vil vise seg frå ei betre side med litt meir alder.
Danbury Ridge ligg i Essex, og vinmakar Liam Idzikowski er ein dyktig kar med lang røynsle frå ulike produsentar i England. Vinen har Diam10-kork (framtidsretta), og tung flaske på 825g (reaksjonært..). 665 kr er stivt, men dette er beste chardonnay-vinen eg har smakt frå England til no.
Tesselaarsdal Chardonnay 2023
Djup og litt in-yer-face på lukt med både jordlege og krydra nyansar. På dag to har frukta blitt tona ned, og eit svært kledeleg salt og steinete preg på både lukt og smak kjem fram. Fast, ung chardonnay med diskret hint om tid på fat. Ikkje den mjukaste og mest forførande teksturen, noko stor og breiskuldra no. Men her er fin syre og drikkeglede, som gjer at eg tenkjer at denne vil eg gjerne kjøpe igjen.
Druer frå Hemel-en-Aarde Ridge i ein kjølig dal i nærleiken av Hermanus i Cape South Coast. Tesselaarsdal vart starta opp av Berene Sauls i 2015, og før dette har ho arbeidd mange år på Hamilton-Russel Vineyards. 13 % alkohol. Vinen har fått fem månader på amfora (45%), og nøytral eik (55%). 385 kr er innanfor i denne kvaliteten.

Racines Sta. Rita Hills Cuvée Chardonnay 2022
Strågul vin. Lukta tek meg mot leire og mogen gul frukt. Også her er det to motpolar i lukta som til saman vert noko fint. Det kalde, fuktige og salte i assosiasjonane mot leire, og søtt, mjukt og fruktig i den gule frukta. Det heile er formfullendt, som eit stykke kunsthandverk. Det er litt smør òg i starten, men med luft, så vert dette tona ned og det kjem fram diskret treverk. I munnen er vinen rund og rik, men det er ein streng av syre og motstand her som skaper interesse og ønskje om ein slurk til. Godt allereie, men truleg er det liv i denne vinen som vil kunne utfalde seg fint i 5-8 år til.
Druer frå vinmarkene Wenzlau, La Rinconada, Sanford & Benedict og Racines eiga vinmark som ligg på nordsida av Highway 246 i nærleiken av Tyler si Mae Estate, og Clos Pepe. Vinen har fått elleve månader på fransk eik av ulik storleik og om lag 20% nye fat. Etterpå ligg så vinen i fem månader på ståltank. 13416 flasker produsert. Diam 10-kork. 560 kr er ikkje meir enn at eg nok kjem til å kjøpe fleire. Dette er amerikansk chardonnay etter mitt hjarte.

Ein tanke på “Chardonnay med dialekt”