Chassenay d’Arce Confidences Brut 2009

Samvirkelags-sjampanje med stifting i 1952, og etter kvart druebidrag frå 130 småprodusentar rundt Ville-sur-Arce. Dei er forøvrig huset som står bak lavpris-slageren Montaubret.

Côte des Bar – nær Burgund – var lenge den stygge andungen i Champagne, ein stad der druedyrking var ei attåtnæring, der det ikkje fantes berømte vinhus, og det meste av druer vart seld til rikingar i Reims. Tidleg 1900-tal pusha Marne-krefter dei ut av Champagne og inn i Champagne deuxième zone – andreklasses sjampanje. Sjølvsagt vart det bråk, og dei vart hanka inn igjen i 1927. I dag har dei framleis rolla som rebell i konforme Champagne…

Chassenay d’Arce Champagne Confidences Brut 2009

Côte des Bar, Champagne. 92 % Pinot Noir, 5 % Pinot Blanc, 3 % Chardonnay frå dei eldste vinmarkane deira – kva no det betyr. 8 prosent av vinen på fat, resten i ståltank. 9 år på botnfallet. Hand-remuagert av ekte remueur, bærekraft-sertifisert med Vignerons Engagés.

Litt dvask ved første sniff; mykje aprikos, lite anna. Kjem litt etter litt med anis, høy, honning, pære og gule eple. Fine, men dempa duftar –  jordbær tar over etter kvart –  men overtyder ikkje heilt.

Friskt og energisk anslag. Slankt midtparti med Granny Smith, og bringebær. Solid lengde med fyldig og frisk sitron og syrlege bringebær.

The wurst of times…

Sjenert snute, men desto meir smak – om eg er litt avmålt til duftene, så er eg meir entusiastisk med vinen i munnen, og tenkjer at ein femhundreogfemtilapp er akseptabel pris. Reine smakar og eit herleg trøkk i avslutninga. Fungerte veldig bra til hot dog.

Episk Champagne-rant og Montaubret-notat frå Håvard HER

Musikkbonus: Zappa ’80 – Mudd Club/Munich & Frank Zappa – Waka/Wazoo

Der gamle-Zappa flytta inn i studioet sitt mellom turneane for å klippa saman det beste av det beste – noko som gjerne medførte at han tok bass og trommer frå ein konsert, gitarsolo frå ein annan, tangentar frå ein tredje, og sydde det saman til (i overkant) perfeksjonistisk perfeksjonisme, så har dagens kronikørar hjå Zappa Family Trust heller vald å gje ut heile konsertar frå det digre lydarkivet Frank Zappa etterlet seg. Frå før av er det mellom anna sloppe ymse Halloween-show, den siste konserten han gjorde i USA, og no altså 1980-bandet.

3 cdar med ein full konsert frå legendariske Mudd Club med plass til 240, og ditto frå München, med plass til 12000. Musikken er i hovudsak det som vart You Are What You Is og Tinsel Town Rebellion, krydra med litt eldre stoff. Kompakt 6-mannsband der David Logeman er inne for Vinnie Colaiuta, og Ike Willis og Ray White er saman på vokal. Heftig gitarlyd frå Zappa sjølv, og vokalistar i storform. På den eine sida er det spanande å få høyre den “ukjende” 80-lineupen til Zappa. På den andre sida er spørsmålet om verda treng enno fleire versjonar av ‘Cosmik Debris’ og ‘Why Does it Hurt When I Pee?’. Best når bandet får lov å strekka ut låtane.

Då er det meir interessant med Waka/Wazoo-boksen som markerer 50års-jubileet til “storbandplatene” Waka/Jawaka og The Grand Wazoo. I tillegg til Blue-Ray Audio/Dolby Atmos av begge platene, får vi alternative variantar av nesten alle låtane – inkludert ein steelgitarsolo frå Sneaky Pete Kleinow som er verd heile boksen, og heftige trompetbidrag frå Sal Marquez.

Oppå dette kjem eit gjenfunne konsertopptak med musikken frå platene, og demoar spelt inn med George Duke på tidleg 70-tal. Om du likar jazz-Zappa, er dette herleg påfyll.   

Kjelder:
https://chassenay.com/
https://www.zappa.com/
https://www.champagne.fr/
Richard Juhlin – Duften av Champagne

Leave a Reply