Chianti Classico 2019

Tida flyg, folk har pengar og vinen flyttar seg raskare frå produsent, lager og butikkhyller. I allefall kjennest det slik ut. Det er færre eldre årgangar på lur i BU, og prisane er på veg opp. Det er berre å lære seg å like fersk jus. Og slik ung, vital og fruktsprengd vin er då godt til mykje. Med godt behandla tanninar kan vinen vere drikkande sjølv før toårsdagen er feira.

Kjerneområde

La oss sjå litt på Toscana og Chianti Classico. Her finst ein stor produksjon av kvalitetsvin, men det manglar dei store stjernene. Dette gjer at området ikkje heilt kjem med på listene: topp 3, favoritt-vindistrikt, eller beste vinen eg har drukke i år. Utanom Montalcino er Chianti Classico  kjerneområde for druesorten sangiovese. No er det mykje 2019 som er i handelen. Elles finst det litt 2018 og 2017, og for Riserva og Gran Selezione er det 2016 og eldre.

På etterskot

Diverre er “Concorzio Gallo Nero” ikkje heilt på ballen når det gjeld terroir og geografisk skilje innan Chianti Classico. I 1716 var Cosimo III i offside då han før dei fleste andre vindistrikt i Europa, bestemte kvar den kvite stripa rundt Chianti skulle vere. No er det på overtid med å kunne definere på etiketten kva kommune vinen kjem frå. 

Nye soner

I fjor vart concorzio-et samde om eit kompromiss der nokre nye underområde var definerte. Men desse kan kun nyttast på etiketten til vin i kategorien Gran Selezione. Dei elleve nye Unità Geografica Aggiuntiva (UGA) er nokre einingar som tilsvarer Chianti-sona i kommunane Castellina, Castelnouvo Berardenga, Gaiole, Greve og San Casciano. I tillegg er det dei mindre UGA innan Greve; Lamole, Panzano og Montefioralle, og den vestre delen av Castelnouvo Berardenga som kan gå under UGA Vagliali. Chianti-sona som var innom kommunane Poggibonsi og Barberino Tavarnelle har fått UGA San Donato.

Kommune-Chianti no!

Det hadde vore betre om kommunen eller UGA-en kunne vore nytta på etiketten til “standard-vinen” sidan denne gjerne er sett saman av fleire vinmarker i kommunen og slik vert ein meir typisk vin. Gran Selezione er stort sett eit uttrykk for ei enkelt-vinmark og med ein begrensa produksjon og høg pris. Det blir difor eit mykje mindre publikum for desse vinane. I mellomtida går det an å leite på etikette etter adressa til produsenten, om ein ikkje allereie veit dette. Men somme lagar vin med druer frå fleire kommunar, og då kan ein ikkje vite kva vin som er “kommune-Chianti” og kva som er “regional-Chianti”.

Årgang 2019

Her følgjer notat på nokre gode Chianti-Classico frå 2019, og frå litt ulike kommunar. Sesongen hadde godt og tenleg ver, og gav god grøde, med 10% meir enn 2018. Fint ver og god vekst i april, før ein kald og regnfull mai. I bløminga i juni var det sol, og jamn og fin fruktsetjing gav potensielt godt utbytte. Ein sommar utan lange hetebølgjer og tørke sikra eit godt utgangspunkt for hausten. Det gode veret held fram, og det var lite rôte og sopp-problem når innhaustinga tok til. Dette gav vin med god friskheit og litt lægre alkohol enn i dei fire siste åra.

Barberino Tavarnelle/San Donato

Monsanto Chianti Classico 2019

Mørk granatraud, nesten transparent. “Mørkt” og kjølig preg av kirsebær, stilk og lakrisrot. Stilig, rein og saumlaus i lukta, litt urter etter noko luft. Mørkt og kjølig fruktuttrykk. Mykje kirsebær. God syre, faste men passe tanninar. Korrekt og godt laga vin, som nok vil vinne litt på elegansen ved å la ligge i nokre år. 90% sangiovese, 5% canaiolo, 5% colorino. Kr 248,-. Flaske levert av importør.

Castellina

Querceto di Castellina L’Aura Chianti Classico 2019

Granatraud, så vidt transparent. God intensitet i lukta, vinen byr verkeleg på seg sjølv. Fjøs og mørke, mogne kirsebær og kirsebærlikør. Spanande og kanskje litt rustikk. Fruktig vin med god syre og tilgjengelige og balanserte tanninar. Sursøt smak av kirsebær og snev av stilk. Tørrar litt i finish. Svært god vin til prisen. Økologisk. 100% sangiovese. Kr 209,90. Flaske levert av importør.

Greve/Lamole

I Fabbri Lamole Chianti Classico 2019

Transparent og lys rubinraud. Lekker høgtona lukt av friske kirsebær, litt lakris og fjøs. Frisk sursøt Chianti med lekker syre og eit lett og svevande uttrykk. Taper seg litt på dag to. Økologisk, kjem på rund bastkledd flaske. 100% sangiovese. Kr 280,-

Radda

Istine Chianti Classico 2019

Ung, frisk granatraud med lyseraud kant. Middels intensitet. Syrlege, mørke kirsebær, litt lakrisrot og treverk. Sursøt raudbærsfruktig vin med solide tanninar. Litt tight og strukturert, men på dag to har vinen opna seg opp på lukt og smak. Tanninane har sleppt taket litt og latt ei lekker søt frukt sleppe ut. Økologisk. 100% sangiovese. Ganske ny produsent. Angela Fronti tappa fyrste årgang i 2009. Kr 299,30. Flaska vart send av importør.

Tenuta di Carleone Chianti Classico 2019

Mine forfattar-ferdigheiter kan ikkje yte rettferd til denne vinen. Dette er så bra, og ein skulle tru det sto ein kø av folk utanfor døra på Tenuta di Carleone for å få sjå korleis dei gjer dette. Sean O’Callahan har elles på pedagogisk vis forsøkt å forklare det på baketiketten. Uansett: granatraud og transparent vin. Super-clean, super-smooth, super-elegant. Frisk, fruktig Chianti med reint og lekkert kirsebærpreg. Faste men utruleg lekkert polerte tanninar. Nydeleg tekstur. Mykje vin for pengane. Det er enno ikkje så komplekst, men drit i kompeksitet når resten er så digg som dette. 100% sangiovese. Økologiske og biodynamiske prinsipp vert følgde i vinmarksarbeidet, men er ikkje sertifisert. Kr 295,00.

Gaiole

Badia a Coltibuono Chianti Classico 2019

Ung rubinraud og transparent vin. På nasen er det syrleg, høgtona raudbærsfrukt. Mykje rein frukt i starten, og så dukkar det opp teglstein og eit snev av gjær. Juicy, fersk og frisk Chianti med tydeleg syre og fine, lett tørrande tannin. Rein og liketil vin som må vere strålande til pizza. Kanskje litt uforløyst enno, men kom seg på dag 2. Eg trur her kan kome fram noko meir kompleksitet i aromablete og harmoni i teksturen. Er du litt meir punkete, er dette herlig drikke slik vinen er no. 100% sangivese, økologisk dyrka. Kr 235 er ikkje ille.

Her kan du lese om alternativ Chianti.

Her er eit intervju Heine gjorde med Ricardo Campinotti, som held til i Montalcino.

4 tankar på “Chianti Classico 2019

  1. Bestilte endel flasker av Carleone. Helt motbydelig vin med klart naturvinpreg. Tror dere burde flagge slike ting mye tydeligere! Det virker som om naturvin splitter preferansene i menigheten to! For meg var den som guffen druesaft!

    1. Hei, takk for kritikk.
      Eg er ikkje nokon naturvinsapologet, og for meg er ikkje dette det eg forbinder med typisk raud naturvin. Men naturvinsbegrepet er jo flyktig og ikkje skrive i stein, så sjansen for at vi snakkar forbi kvarandre er jo til stades. Eg har tidlegare sagt i frå om naturvin som har dei karakteristikka som eg tenkjer på som (litt negative) ved naturvin: snev av gjær, volatile syrer, funk, animalske aroma eller eddikstikk. Og det hender at eg har skrive om positive opplevingar ved naturvin (helst raud) som har ein veldig rein og open fruktprofil.

      Frå Tenuta di Carleone har eg smakt Il Guercio, Uno og Chianti Classico, som alle vert laga meir eller mindre med “metodo Piemnotese”, ein type lang ekstraksjon, delvis med stilkar og nedsenka “hatt” i gjæringskaret. Eg står ved orda mine om at denne Chianti Classico frå Tenuta di Carleone får fram ei flott, rein og elegant side av sangiovese. Så er eg ingen meister i å skrive smaksnotat, og at publikum kanskje ikkje likar det same, får så vere. Druene trur eg er dyrka økologisk, utan at det er noko sertifisering på etiketten. Det er ikkje tilsett gjær (spontangjæra) og elles lite tukling med druer og most i vinifikasjonen. Det er tilsett svovelsulfitt før tapping, så vidt eg veit. Ut i frå eit vagt naturvinsbegrep kan denne vinen då kallast naturvin. Men då må ein kalle all vin som er frå økologiske druer og spontangjæra for naturvin, og det blir ei alt for vid gruppe med vin. Dersom du sit på mange flasker, trur eg ikkje det er noko problem å få seld dei på Blomqvist.

    2. Snodig. Jeg har drukket mye naturvin og følte ikke den hadde noe slikt preg. Fant den som en nydelig vin! Blitt en av mine chianti-favoritter

Leave a Reply