Chianti Classico Riserva 2016

Konsortiet i Chianti Classico markerte i 2016 at det var 300 år sidan storhertug Cosimo III signerte eit skriv som skildra det geografiske området for Chianti. No er det ein del vin frå 2016 tilgjengeleg, så då kan vi markere det med å smake på jubileumsårgangen. Betre seint enn aldri. Og vinen er verd ei lita feiring. 

Kommunar og klassar

Kjerneområdet som vart nedteikna i 1716 var det som er kommunane Radda, Gaiole og Castellina, med noko land nord for desse rundt landsbyane Panzano, Spedaluzzo og Greve. I 1924 vart det danna eit konsortium for å forsvare Chianti mot utbreidd forfalsking og utnytting av namnet “Chianti” på vin frå andre område. Litt politisk hestehandel gjorde at større område fekk rett til “Chianti”-namnet, og i 1932 vart den harde kjerne til Chianti Classico. I 1967 vart det DOC Chianti Classico, og i 1984 fekk dei DOCG.

Oppskrift i endring

Chianti har tradisjonelt vore ein blandingsvin, og Bettino Ricasoli-oppskrifta frå 1890 inneheld 70% sangiovese, 15% trebbiano, 15% canaiolo og evt noko colorino. Men går vi lenger attende var det anleis. Frå siste del av 1700-talet til midten av 1800-talet var canaiolo den domnierande druesorten, medan sangiovese var ei av fleire som supplerte heilheiten. Frå 1996 har det vore lov å lage Chianti Classico med 100% sangiovese.

Reaksjon

Dårleg jordbruk, dårlege kloner, overproduksjon og for stor tru på kunstgjødsel, gjorde at det var mykje dårleg Chianti frå 1960-talet og framover. Dei viktige produsentane mista trua på DOC Chianti Classico, og køyrde sitt eige løp med “super-Toscana”-vinar på 100% sangiovese, eller med cabernet sauvignon, merlot og syrah. Som oftast med god hjelp frå franske barriques.

Ny kategori

I 2014 vart siste forslag frå konsortiet banka igjennom, topp-kategorien Gran Selezione. Diverre verkar det ikkje som dette har skapt den store entusiasmen hjå vinkritikarar. Reglane er om lag som for Riserva, berre med 30 mnd kontra 24 mnd lagring før sal. Det er ikkje noko geografiske grenser eller særskilde vinmarker som er utvalde, berre at druene må kome frå vinmarker som produsenten disponerer. Dei store aktørane fekk det som dei ville. 

2016-vinar

Eg har difor smakt nokre 2016 i kategorien Riserva, og her det flotte vinar og gode kjøp. Per 22. august er det 12 ulike Riserva frå 2016-årgangen tilgjengeleg på Vinmonopolet.  

Greve/Panzano

Le Fonti Chianti Classico Riserva 2016

Noko utvikla, men vital granatraud farge. Lekker lukt av akkurat mogne kirsebær, litt varme raude bær og stilk. God intensitet. Juicy og frisk, men samtidig opplever eg at her er det power og litt varme, som tyder på druer som er godt mogne. Faste tannin som tørrar ein del. Her er det potensial for ein del vidare lagring. 14,5% alkohol. 90% sangiovese, 5% cabernet sauvignon, 5% merlot. Kosta 407 kr. Diverre utseld no. Flaska vart sendt av importør.

Radda

Caparsa Chianti Classico Riserva Caparsino 2016

Granatraud med snev av utvikling og bruning i kjernen. Mykje morell i starten, veldig rein og pur frukt. Lite fat og animalske tonar, men på dag to er det kome litt meir. Relativt fast og tannisk sangiovese med flott kirsebærfrukt og saliverande syre. Litt ung enno. Fast i finish, og med ein fin ettersmak av mørk sjokolade. 13,5% alkohol. 100% sangiovese. Kosta 411,30 og er i spesialutvalet.

Istine Chianti Classico Riserva Le Vigne 2016

Ung og frisk raudfarge og transparent i glaset. Mmm.. kjølig men sexy kirsebærsødme, djup og heilstøypt. Smaken er balansert og frisk. Ganske rik og fyldig sangiovese utan preg av eik. Polerte, men faste tannin. Tight og litt treaktig i ettersmaken. Vil nok bli meir harmonisk med nokre års lagring. Solid potensiale. 13,5% alkohol. 100% sangiovese. Kostar 527 kr og er i spesialutvalet. Flaska vart sendt av importør.

Gaiole

Rocca di Castagnoli Chianti Classico Riserva Poggio a’Frati 2016

Granatraud med raud kant og begynnande bruning i kjerne. Det luktar av solid, mogen kirsebærfrukt, hint av gamal eik, stilk og stein. Pen, ung sangiovese, med god trøkk i frukta, utan at den er varm eller søt. Pen syre og unge, spenstige tanninar. Litt kompakt vin på noverande tidspunkt, men her er bra potensiale for nokre års lagring. 14% alkohol, 95% sangiovese, 5% canaiolo. Spratt frå 1. september opp frå 339,00 til 389,90.

Castelnouvo Berardenga

Fattoria Corsignano Chianti Classico Riserva L’Imperatore 2016

Noko utvikla granatraud mot mørk murstein. Svak bruning i kjernen og lyseraud kant. Kjøtfull lukt av morell, rein frukt, noko sødme i lukta. Hint av treverk og noko fjøs. Lovande. Balansert, fruktig men fast Chianti. Rein og innbydande, med solid frukt og litt tørrande tannin. Godt potensiale for 4-8 års lagring. 14% alkohol. 90% sangiovese, 10% malvasia nera. Kostar kr 361,00.

Her kan du lese om Chianti Classico frå 2019-årgangen.

Heine er då òg positiv til sangiovese.

Ein tanke på “Chianti Classico Riserva 2016

Leave a Reply