Zind-Humbrecht treng ikkje så mykje introduksjon. Mor og far til Olivier Humbrecht har sett saman sine parsellar, og domainet har i dag 40 hektar vinmarker som vert dyrka biodynamisk og med gjennomtenkt filosofi. Dette skaper av og til kompromisslause vinar som ikkje alle likar. Vi nordmenn likar vel generelt ting som er friskt og slankt, og då fell mykje pinot gris, gewürztraminer og muscat på steingrunn.
Clos Häuserer er ikkje ein tradisjonell “clos”, men ein moderne klassikar skapt gjennom fleire år med arbeid. Vinmarka ligg rett nedafor Hengst i Wintzenheim. Riesling Clos Häuserer er ein vin som har vore på marknaden i Noreg i mange år, og til rundt 300 kr er dette ein spanande vin. Far til Olivier, Léonard kjøpte fleire små parsellar på 60-talet, og til saman vart det 1,2 hektar som i 1973 vart planta med riesling. Fyrste årgang med vinmarksnamn på etiketten var 1981. Vinmarka ligg rett nedafor Grand Cru Hengst, moderat helling og austvend. Det geologiske underlaget består av kalkrik mergel.
Olivier Humbrecht har ein hands off-tilnærming til gjæringa, og difor hender det at vin kan liggje i opp til to år før gjæringa er ferdig. Det hender òg at ein del vin endar med noko restsukker. Domainet har ein eigne skala for opplevd sødme, frå 1 til 5 der 1 er knusktørr og 5 er i nærleiken av ein Vendange Tardive. Sidan 2010 har det i hovudsak vore ein tørr riesling (Indice 1) frå Clos Häuserer. 2013 hadde Indice 3, 2014 hadde 2, og 2015 med 3.
Zind-Humbrecht Riesling Clos Häuserer 2010
Strågul vin, ganske djup farge for ein så fersk vin. På nasen er det friskt og det luktar av ulike former for sitron, lime og grapefrukt. Litt tilknappa vin på dette tidspunktet, den har godt av å stå open ei stund for å lufte seg. Med litt snurring i glaset kjem det fram litt søte element som vitnar om moge druematerial. Også noko steinmineralsk er det her. På smak er vinen også tørr og svært frisk med bra trøkk og fylde. Sitron, fersken og noko våt stein. Ettersmaken er syrlig og lang. Notat frå juli 2013.
12,5% alkohol, 5,3 g/l syre, 8,0 g/l restsukker, 29 hl/ha utbytte. Indice 1.
Zind-Humbrecht Riesling Clos Häuserer 2012
Brilliant strågul mot gullfarga. Tight, syrlig lukt av sitron og syrlige eple. Med snurring på glaset kjem det fram diskret tonar av aprikos og noko litt meir kjøtfull frukt. Eg finn steinstøv også. Frisk og god riesling på smak. Men det er ein litt krevjande vin dette. Ingen forførar i fyrste omgang. Her må det smattast og luftast for å få fram godsakene. Mykje sitrus og eple på smak. Slank og streng struktur. Treng tid. Notat frå januar 2015.
12,5% alkohol, 3,9 g/l syre, 4,5 g/l restsukker, 55 hl/ha utbytte. Indice 1.
Zind-Humbrecht Riesling Clos Häuserer 2015
Strågul. Det luktar rikt, men med ei pen underliggjande syre. Søte mogne eple, søt sitron og syrlig metallisk lukt. Også noko tropisk frukt. På smak er det ein halvtørr vin med smak av søte eple og mykje av det som finst på lukt. Fint syrebitt i ettersmaken. Notat frå juli 2017.
13% alkohol, 5,0 g/l syre, 18,0 g/l restsukker, 37 hl/ha utbytte. Indice 3.
Zind-Humbrecht Riesling Clos Häuserer 2017
Strågul og brilliant. Tight, men vinen gjev frå seg eit hint av at denne er laga av perfekt mogne druer. Lukt av søt fersken, gule men friske eple, og noko saltaktig sting. Fyldig, pen vin med glatt tekstur. Tørr vin med integrert syre. Eple, grapefrukt og fersken. Litt grov og uforløyst i ettersmaken, noko som peikar på at vinen treng litt tid på å gå seg til. Notat frå juli 2019.
12,6% alkohol, 4,5 g/l syre, 7,8 g/l restsukker, 38 hl/ha utbytte. Indice 1
Zind-Humbrecht Riesling Clos Häuserer 2018
Lys strå. Det luktar av friske syrlege eple i starten, men ganske fort merkar eg at det er lag med rik og kraftfull frukt frå ein varm sesong. Litt tilknappa i starten, vinen har vore open i to timar. I munnen er det ein rik variant av Clos Häuserer, gjenkjenneleg, men samtidig speglar vinen årgangen. Rik, tørr vin med varm frukt til riesling å vere. Eple og gul frukt. Ein slant som har stått to dagar i kjøleskåpet viser meir mineralsk og metallisk snert ved kjøleskåpstemperatur. Når temperaturen går opp, vert vinen igjen rik og gul. Denne vil eg tru kan stramme seg opp med ein del års lagring. Notat frå mars 2022.
13,0% alkohol, 4,3 g/l syre, 8,2 g/l restsukker, 55 hl/ha utbytte. Indice 1
Zind-Humbrecht Riesling Clos Häuserer 2019
Strågul. Tillknappa vin, men han er smakt over nokre dagar, og han opnar seg opp. Faktisk utan at så mykje toppfrukt blir borte. Her er litt utvikling, men det er jo enno ein ung vin med spanande potensiale for nokre år i kjellaren. Her er syrlege eple, steinfrukt og noko søtt og snuskete. Er det litt botrytis? Lekker spenst i munnen med frisk inngang og ei kjensle av rik og mogen frukt i slutten. Kjem seg betydeleg med eit par dagar i kjøleskåpet. Saliverande syrespel. Verd å kjøpe og lagre. Kostar i mars 2022 kr 319,90. Det er det verd, om du set pris på tørr riesling med mykje karakter. Så klart mindre frukt og opulens enn ein Pfalz GG, men i ein litt streng stil er dette bra. Notat frå mars 2022.
13,2% alkohol, 4,6 g/l syre, 2 g/l restsukker, 53 hl/ha utbytte. Indice 1
Er du interessert i å lese om andre riesling-vinar frå Zind-Humbrecht?
Her er ein om Clos Windsbuhl frå april 2018.