Clover Hill Tasmanian Cuvèe

Det vesle eg veit om antipodane i Tasmania er at ei av dei gifta seg med den danske kronprinsen og ein annan har ved fleire høve prøvd å ete Snurre Sprett. Dette har likevel ikkje hindra den australske delstaten å ha ein vinindustri som nyttar eit kjøligare klima til å laga ein annan stil enn …øh… fastlandsaustralia. Snur ein globusen på hovudet så havnar Clover Hill sånn omtrent ved Madrid, men Tasmania får kald vind frå omtrent alle kantar, noko som gjer at druene mognar langsomt (om i det heile).

Nuvel – på heimesida går produsenten ut med at målet med prosjektet har sidan starten i 1986 vore å bli ein rival til Champagne, og meiner at mellom anna lang mogningstid og høg druekvalitet forsvarar eit litt breialt utgangspunkt. Vi får sjå…

Clover Hill Tasmanian Cuvèe NV

Handplukka druer, sjampanjemetode, tradisjonell treeining med 53% Chardonnay, 42% Pinot Noir og 5% Pinot Meunier, minst to år på botnfallet før degorgering.  

Brødbakst til heving og limeskal frå nyopna (og i overkant kald) flaske. Etter kvart som temperaturen stig får snuten selskap av nøttetonar og søte eple. Forsiktige, men behagelege og reine duftar.

Friskt anslag, saumlaus overgong til saftig, konsentrert Granny Smith og grønt epleskrell. Grapefruktbitter sitrus og sjø mot slutten – litt sånn som når ein har bada og kjem på land med saltvatn på leppene. Fin avslutning  med lagvise eple- og sitrontonar som varer lenge.

Gøy vin med konsentrerte og reine smakar. Meir trøkk enn kva duften indikerar – ein vin som eg syns er verd sine 280 kroner, og glatt kan konkurrere med meir heimlege bobler i 300-kronersklassen og vel så det…

Musikkbonus: Nusrat Fateh Ali Khan – Live at WOMAD 1985

«Ladies and gentlemen.
This is our very famous qawwali: Haq Ali Ali…»

Real World Records, plateselskapet til Peter Gabriel, fyller 30 i år og har funne gull i arkivet. I 1985 haldt Nusrat Fateh Ali Khan sin første konsert utanfor Asia – midnattskonserten på WOMAD i Essex har i etterkant blitt mytologisert som den mest intense opplevinga på festivalen nokon gong, der bandet holdt det gåande til dagen lysna. No har eit gløymt opptak av konserten blitt restaurert og fire av låtane (dei varer liksom i 20 minutt kvar…) blir presentert på cd og dobbel-lp.     

Persisk a-capella-jazz? Qawwali-musikken kjem frå Sufi-tradisjonen med tekstar på urdu, oftast henta frå persiske dikt. Ali Khan sjølv har ei ekstremt kraftfull og vakker røyst, musikken byggjer langsamt og hypnotiserande før tablas og vokal eksploderer i febrilsk call and response mellom musikarane. Intens, mystisk og nydeleg musikk!



Kjelder:
https://realworldrecords.com/
https://cloverhillwines.com.au
https://www.nattverden.com/vin-og-vinyl/josef-chromy-non-vintage-tasmanian-sparkling-cuvee/

3 tankar på “Clover Hill Tasmanian Cuvèe

Leave a Reply