Dom. Alain Voge Les Bulles d’Alain 2012

Ah, Rhône – området som matcher norsk kjøkken så godt med dei vilt-venlege raudvinane sine. Frå Côte-Rôtie øvst i dalen og nedover er dette sentrum for ekstremt god Syrah. Vindrikkarar som vil framstå meir verdsvante vil kanskje insistera at variert kosthald er viktig, og at det også vert laga kvit vin i området.

Og så har du Saint-Péray – ein liten flekk av ein AOC –  som lagar musserande vin, var omtykt av Napoleon, og for 200 år sidan hadde betre omdømme enn Champagne!


Dom. Alain Voge Les Bulles d’Alain 2012

100% Marsanne frå 30 år gamle stokkar, økologiske og biodynamiske prinsipp i dyrking og produksjon. Sjampanjemetode, 2 år på botnfallet, ingen dosage.

Sjampanjeaktig snute. Bolledeig til heving, gult epleskrell, pærer, litt gjær. Fersken og tropisk blanding hinter om at ein skal til eit anna distrikt… Noko mineralsk, våt stein-aktig skubbar i bakgrunnen. Veldig behageleg å sniffa på – fine, reine dufter.

Sexylubbent anslag med ei lett oljete munnkjensle. Midtparti med modne eple, tørka frukt og eit valnøttpreg som blindt antakeleg hadde sendt meg snublande inn i Jura. Pære og ørlite bitterpreg som glir mellom anis og kjørvel. Litt stutt avslutning.

Flott vin, men som lovar meir på snute enn han leverer i smak. Til liks med stille kvit rhône eg har smakt saknar eg litt meir syre, spesielt i avslutninga. Mest ein matvin – fungerte til både røykelaks og rekecocktail, men vil antakeleg stå enno betre til speka kjøt eller ein vaktel.


Kate Bush – The Other Sides

Damned if you do, damned if you don’t. Seint i 2018 kom Kate Bush med to cd-boksar der samtlege plater var remastra.  Boks II går frå Aerial i 2005 og fram til liveplata i 2016, men har i tillegg b-sider og sånt som ikkje er sloppe før. «Ja men,» sa fansen, «vi har jo allereie kjøpt alle platene dine dette sekelet. Kvifor skal vi måtte kjøpa dei på nytt for å få tak i dei sjeldne godbitane?»

Det kan verka som plateselskapet hadde følarane ute, for i februar slakta dei grisen og ga ut The Other Sides som ei sjølvstendig ‘bok’ med dei 4 CDane. «Ja men» sa fansen, «vi har jo allereie kjøpt boksen…»

Om ikkje komplett, så i alle fall ein spanande samling med ‘gløymde’ Kate Bush-låtar. Cd1 har maxisinglane og remixane frå musikken vi kjenner. CD2 og 3 har b-sidene og mellom anna Home for Christmas, og (i kontrast) Under The Ivy som er noko av det mest intenst emosjonelle ho har laga.

CD4 er stoppestaden for coverlåtane. Her er Rocket Man i reggae-versjon

«I remember buying this when it came out as a single by Elton John. I couldn’t stop playing it – I loved it so much. Most artists in the mid seventies played guitar but Elton played piano and I dreamed of being able to play like him.

Years later in 1989, Elton and Bernie Taupin were putting together an album called Two Rooms, which was a collection of cover versions of their songs, each featuring a different singer. To my delight they asked me to be involved and I chose Rocket Man. They gave me complete creative control and although it was a bit daunting to be let loose on one of my favourite tracks ever, it was really exciting. I wanted to make it different from the original and thought it could be fun to turn it into a reggae version. It meant a great deal to me that they chose it to be the first single release from the album.»

Vidare kjem mellom anna Sexual Healing, ein nydeleg versjon av Handsome Cabin Boy, teaterjazz med The Man I Love og ein i overkant glatt variant av Candle in the Wind.    

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og Viner
Diverse Wikipedia
http://www.katebush.com/
https://www.alain-voge.com/

2 tankar på “Dom. Alain Voge Les Bulles d’Alain 2012

Leave a Reply