Ei flaske, ei anna tid

Ja, kven drøymer seg ikkje vekk til andre strender og andre tider, i desse innetider. Frå H.G. Wells til Terminator, har litteratur, scenekunst og film teke for seg draumen om å vere i ei anna tid. Men utanom Dr. Emmet Brown og Marty McFly er det få som har gjort noko med det. Eller var det òg berre ein film?

Arbeidarklassevin?

Akkurat som kvardagsliv, arbeidsliv og kulturliv vert endra jamnleg av styressmaktene sine restriksjonar, er også vinprisane i endring. Noko går ned, men mest går opp i pris frå i morgon. I skåpet hadde eg ei flaske som det viser seg vil stige i pris i morgon, så eg tenkte ho var på ein måte aktuell. Det alle mest aktuelle å drikke i morgon er vel ein vin frå Trier-området, der Marx vaks opp. Helst ein raudvin, frå eit kooperativ, der alle arbeidarane er organisert og får tariffløn. Men akkurat det har eg ikkje i skåpet.

Blazer og proletar

I departementet Gironde heiter vinen Bordeaux. Her er det mykje store eigedomar. Med store volum og eit oppblåst sjølvbilete og prising av vinen, kjem også utfordringar med å selja alt saman. Men både den raude og kvite vinen toler mange år in bond, transit eller logistikk-lager, så då finst sjansen for at det er eldre årgangar i sirkulasjon. Til og med for proletarar i grisgrendte strok.

Prisen for juicen

Arbeidsfolk i ymse yrke har, med hjelp av dårlig kronekurs og griske toppleiarar hatt reallønsnedgang i år. Men mange har det endå verre, dei har mista arbeidet, som følgje av korona-restriksjonar. Då vert det naturlegvis naudsynt for gutta på gølvet, som har fått smaken på overklassens vintypar, å handle medan prisen enno er overkommeleg. Akkurat når det gjeld claret, er det ikkje heilt godt å seie kva som er rett pris.

Siste sjanse på fyrste tranche

Mykje fin vin med chateau i namnet vert seld på den immatrielle staden Place de Bordeaux, der prisen på trancher varierer alt etter kor nært talet 100 folk med namn som Jancis, Jeb og Neil kan telje. Negociantar og mellommenn med blanke sko og skitne knep forsøker å sikre seg tønner, flasker og feit forteneste.

2011 i Graves

Uansett, Chateau LaTour-Martillac har stilfull art deco-etikett og vintokkane trygt planta i det sørlege Pessac-Leognan. 2011 er knapt ni år gamal, men open for business. Ein mellom-årgang seier dei som kjenner åra som har gått. Sjølv melder slottet sine eigarar, at det var ein mild vinter med påfølgjande varm og tørr vår. Det var sommartemperaturar i april og opp til 40 grader i juni. Noko kjøligare og fuktigare vêr i juli og august gjorde at veksten slakka av på farten. I september vart det sol og fint, og haustinga kunne halde på frå 8. til 28. september.

Druene vart hausta for hand. Gjæring i tank og sidan mogning i 16 månader på eikefat, der 40% er nye. Druemiksen i 2011 var 50% cabernet sauvignon, 43% merlot, 7% petit verdot. Kostar i dag, 30. mars 448,- Om du skal handle til den prisen i framtida, må du skaffe deg ein DeLorean med ekstrautstyr.

Chateau LaTour-Martillac 2011

Smakt heime frå Riedel Vinum Bordeaux, rett frå vinskåpet. Litt kjølig, men kjem snart opp i 15-16 grader, og då er det bra. Semitransparent, utvikla granatraud farge. Utvikla og med litt bruning, men ikkje heilt murstein. Ekspressiv, intens lukt med solmogne varme bær, plomme, terrakotta og treverk. Med lufting dukkar det opp solbærlikør, grilla paprika og mørk sjokolade. Solid fyrsteinntrykk. Middels fylde. Mykje frukt, som er på god veg over i sekundærfasen. Tørr vin med rik frukt, men utan å vere søt eller overmogen. Gode støttande tannin som tørrar i ettersmaken.

God 1. mai og elitisme for alle!

Leave a Reply