Ei flaske, MANZANILLA!

For nokre år sidan abonnerte eg på papirmagasinet The art of eating, som kom ut med fire nummer i året. Her var det ei vinspalte med namnet: why this bottle, really? Og sidan det berre vart meld fire flasker vin i året, måtte det jo vere vinar som sette spor hjå smakaren. Manzanilla er ein type vin med så mykje oompf at han burde skrivast med versalskrift. Det er vanskeleg å vere nøytral til manzanilla. Allikevel er det ein type vin som få drikk her til lands. Difor må han stadig skubbast fram i lyset for ikkje å bli gløymd.

Sett frå Noreg, er Jerez ein kvit flekk på kartet. Og då meiner eg ikkje den kvite albariza-jorda som kontrasterer dei grøne rekkjene med vinrankar. Nei, sherry i Noreg er svært marginalt. Det einaste solide er nedgangen i salet. For 20 år sidan vart det faktisk seld dryge 266 000 liter sherry, i alle kategoriar. Så har det gått jamnt nedover. I 2015 var talet 87 000 liter, og i 2019 har det berre gått 64 522 liter gjennom kassene på Vinmonopolet. Men det skjer faktisk saker på Europa sitt sørvestligaste hjørne. Folk med litt meir utdanning og sjølvtillit ville kanskje brukt ord som dynamisk. Ei grov oppteljing viser at det er om lag 70 ulike bodegas med sherry liggjande i criaderas, meir eller mindre dekka av flor. Ikkje alle desse tappar vin under eige namn. Det har også dukka opp nye aktørar dei siste 10-15 åra, og desse skaper såpass uro i flor-laget at ein del av den gamle garde også finn på eit og anna nytt.

Antonio Barbadillo braut ut av Bodegas Barbadillo i 2008. I 2010 hadde kona og dei fire sønene blitt overtalt til å vere med på den nye reisa. Men Antonio behøvde ikkje finne fram korkje pass eller tannbørste dit han var på veg. Sacristia AB er ikkje ein tradisjonell sherry-bodega. Han er meir ein negociant, som tappar vin frå andre bodegaer og almacenistas. Og han byrja i heimbyen Sanlucar de Barrameda. Dei fyrste tappingane (2010-2012) av manzanilla-vinen kom frå fat tilhøyrande Bodegas Sánches Ayala. Sidan har det kome fleire tappingar frå Bodegas Francisco Yuste. Han har stort sett to tappingar (saca) i året. Denne manzanilla-en er 8 til 10 år gamal, og er stilmessig ein stad mellom manzanilla og amontillado. Det betyr at her er noko meir avrunding og harmoni, på bekostning av ungdommelege friskustakter og intensitet.

Manzanilla er dei lettaste og lysaste i sherry-spektrumet. Men la deg ikkje lure. Her er mykje intensitet og smak. Ein manzanilla er ein fino som er mogna i ein solera i byen Sanlúcar de Barrameda. Byen ligg ved kysten, og elva Guadalquivir renn òg ut her. Begge bidreg med fuktig luft. Flor-laget blir difor tjukkare og meir robust enn i Jerez, som ligg 15 kilometer inn i landet.

Sacristía AB Manzanilla (Segunda Saca 2017)

Lysebrun vin som er noko uklar. En rama-tapping betyr minimalt med filtrering, og då kan vinen bli slik litt skya. Rik og “svær” amontillado-aktig lukt med karamelliserte mandlar, kamomille, gjær og jod. Rund og elegant, heller enn det forventa friske og pikante. I munnen ein tørr, avslipen manzanilla med amontillado-vibber. Det smakar av tørka frukt, treverk og teak-olje. Glyserisk, konsentrert og pent utvikla vin. Tørr, stram ettersmak. 295 kr for ei halvflaske er i øvre prisklasse for sherry. Men dette er også ein spesiell vin.

Tørst på meir stoff om sherry? Her er ein artikkel om fino. Og her er ein om manzanilla.

Leave a Reply