Ei flaske: rett opp i glaset!

Har du nokonsinne opplevd #denkjensla av at vinen i glaset på ein måte har hoppa over eit ledd eller to i produksjonsprosessen? Når det er som om essensen av jorda og druene ikkje vert forstyrra av gjær, eik eller malolaktisk omdanning. Ah, det er litt av ei openberring. Men det skjer ikkje så ofte. Kanskje er det ein gong i blant at vêr, vinmaking og vingudane står i den rette konstellasjonen?

Her ein fredag opna eg ei flaske chardonnay frå Jura. Ein vinstil som eg stadig vender tilbake til. Det er det fleire grunnar til. Jura har mykje småskala-vinbønder, med jordnær tilnærming til livet. Mange driv økologisk. Chardonnay er eit kjend medium, men prisane i Jura har vore overkommelege, i motsetnad til den forgylte naboåsen i vest. Samtidig er stilen gjenkjenneleg, men dei ulike produsentane har si greie som gjer det kjekt å prøve nye vinar.

Domaine l’Aigle à Deux Têtes har eg ikkje vore borti før, men eg hadde spora opp desse flaskene via ein importør i Sverige. Henry Le Roy starta opp i 2004, etter fyrst å ha drøymd om eigedom i Burgund. Som så mange andre tilflyttarar i Jura, er Jura eit andreval… Han slo seg ned i Vincelles, rett nord for Rotalier i Sud Revermont. Denne delen av Jura står for usle 7,5% av den totale vinproduksjonen, men kan skilte med leiestjerner som Jean-Francois Ganevat og familien Labet.

Som utdanna biolog, er det kanskje ikkje så rart at ønskje om å drive utan kjemiske sprøytemiddel var det frå starten. Men som mange har røynd, terrenget er alltid meir krevjande enn det ser ut på kartet. Frå 2012 har eigedomen vore økologisk sertifisert. Vinen i glaset kjem frå parsellen Griffez, som ligg ved landsbyen Grusse, rett aust for Vincelles. Her er det 1 hektar som er eigd av ein ven av familien. Totalt driv Henry 2,5 ha, med 1,5 ha nyplanting som snart er klar for å gje druer.

L’Aigle à Deux Têtes Côtes du Jura Chardonnay Cuvée Griffez 2018

Strågul og klar. Ah! Så open, rein og tindrande vin. Lukta er Jura-typisk med dette kalkmergel-preget, som saman med sitron og diskret hint av eikekrydder, løftar vinen på usynlege venger. Smaken er like elegant, lett og transparent. Steinete, frisk og med denne foførande eigenskapen at du grip etter flaska for å fylle eit nytt glas. Dette er jordnært utan å bli naturvin-grumsete. Det er chardonnay, men der drua er sjølvutslettande i sin iver etter å vise fram vekststaden. Og alt saman på ein så mjuk og imøtekommande måte. Dette er ikkje enormt komplekst, stort eller imponerande. Berre sabla godt. Kjøpt for 265 SEK frå Systembolaget via spesialimport frå Pompette.se. Vinen er gjæra på gamle fat, og har sidan 12 månader på dei same fata.

Leave a Reply