Ei flaske, St.-Moric

Dei som lagar vin, anten det er av druer frå eigne vingardar, eller frå innkjøpte råvarer, har ein idé om kva type vin dei vil lage. Somme er opptekne av å gjere minst mogleg med druene, så den ibuande kvaliteten kjem fram. Andre har ei oppskrift som dei følgjer kvart år. Men om du er økonomisk avhengig av å selje vinen, kan det vere freistande å lage vinen slik at kritikarkorpset vil leggje merke til han.

Det er diverre slik at tida og merksemda til vinjournalistar er knapp og begrensa. Dersom dei smakar seg igjennom 50 vinar på ein dag, og skal vurdere dei og skrive ein artikkel, er det lett at det er nokre typar vin som stikk seg fram. Sanseapparatet vert svekka etter mange påfølgjande smakar i hurtig tempo. Vinar som har eit imponerade fyrsteinntrykk har lett for å feste seg og få gode poeng. Det kan vere at vinen har søt frukt, smak av dyr eik, har rund tekstur eller imponerande fylde. Spesielt i blindsmaking med mange vinar, har ikkje vinar som har ein enklare og meir harmonisk og finesserikt uttrykk nokon sjanse.

Roland Velich frå Burgenland i Austerrike er ein av dei som forsøker å lage vin på den heimlege drua blaufränkisch på ein måte som viser fram området og druesorten. Han starta opp under namnet Moric i 2001, og var heldig med kritikkane. Han seier at vinen må lagast slik at konsumenten får lyst på heile flaska. Vin vert ikkje laga for at ein kritikar skal bli imponert i løpet av 30 sekund saman med 2 centiliter av vinen. Vin er til for å nytast og drikkast.

Burgenland er ein del av den pannoniske sletta som strekk seg austover gjennom Ungarn mot Romania. Vinområda i Burgenland høyrde før 1921 til Ungarn. For hundre år sidan var vin frå Burgenland høgt verdsett, men etter to verdskrigar og eit endra Europa, gjekk området i gløymeboka. Druesorten blaufränkisch har gjennom mange hundre år tilpassa seg området. Det er akkurat riktig temperatur og klima, og her finst gamle vinstokkar som gjev frukt av høg kvalitet. Velich sine eldste er over 100 år gamle. Av alle vinar med verdsklassepotensiale du enno ikkje har omfamna, er blaufränkisch frå Austerrike neste på lista. Ikkje legg inn kommentar om fem år og sei at det har teke av og prisen er for høg. Eg sa i frå.

Moric Blaufränkisch Reserve 2015

Vinen er mørk, tett og lillaraud. Noko brunskjær. Ung og viril blaufränkisch er gjerne det. Reint, konsentrert og elegant frukttrøkk av sursøte raude og mørke bær. Det er brukt noko eik, men det er umulig å merke. Vinen går til eit seriøst angrep på munnen, men det er gjort på ein slik herlig måte at det er berre å gje seg over. Konsentrert men elegant fruktbombe med faste tannin.

Denne hadde eg tenkt å lagre, men vart freista til å prøve. Trur nok at det dette kan bli interessant med noko meir flaskelagring i mørkret. Alle ting er på plass, så det burde gå bra. Eg har ikkje prøvd å lagre blaufränkisch, men denne er nok eit av dei sikre korta om du skal prøve. 14% alkohol tek ein liten hoftesving i ettersmaken, men det er ikkje grunn til å gje gult kort eller kome med noko #metoo.

Stilmessig er vinen ein stad i nærleiken av eit tenkt kjærleiksbarn mellom syrah frå Nord-Rhône, Douro-raudvin og nebbiolo frå Piemonte. Dersom du drikk Bourgogne Rouge på måndagar er 349,- slett ingen upris for denne kvaliteten. Vinstokkane er 25-55 år gamle og veks i Neckenmarkt og Lutzmannsburg i Mittelburgenland, ikkje mange steinkast frå grensa til Ungarn. Gjæring i opne kar av eik og sidan mogning i fat frå Franz Stockinger. Det vert tilsett ein liten svoveldose ved tapping.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *