Ein liten krok i Paradis

På bestefarsgarden Château de Lacarelle, ved St. Etienne des Oullières i Beaujolais, har Romain des Grottes fått ta seg til rette i litt av vinmarkane under namnet Domaine des Grottes. Her har han har han røska opp annankvar busk for å gje gamayen betre plass til å puste. Førstehaustinga er ikkje mindre eksentrisk – her blir druene pressa umiddelbart til ein søt, lavalkoholisk rosa pet-nat.

Dom. Des Grottes Un Petit Coin de Paradis PetNat

100% Gamay, 5%(!) alkohol, biodynamisk, spontanfermentert, ikkje tilsett svovel, ferdiggjæra på flaske.

Fyrrig og eruptiv til å ‘berre’ vera perlande vin. Gjær og blomstereng frå nyopna flaske. Får selskap av bringebær, markjordbær og litt hylleblome med tid i glaset. Litt funk langt bakom, men hovudsakleg rein og pen snute.

Julebrus! Prikkande anslag, midtparti med  jordbær og søte bringebær saman med raudt epleskrell. Søt. Akkurat når sødmen er på grensa til å bli emmen, kicker friske, knuste bringebær inn og følgjer vinen ut i ei balansert og lang avslutning.

Morosam og skummelt lettdrikkeleg  vin som var friskare enn eg hadde venta meg. Fungerte supert som aperitiff, men dette må vel vera den ultimate panna cotta-vinen.

 Musikkbonus: Simply Red – Blue Eyed Soul

Med tittelen på ny plate har Mick Hucknall tydelegvis omsider innrømt for seg sjølv det vi andre har visst sidan 80talet – kvit soul er uansett ingenting å skamma seg over om det blir gjort ordentleg.

Inspirasjonen er tydeleg, her er litt Stax og Otis Redding, her er litt Sam Cooke, og James Brown rundt Living in America-perioden. Røysta til Hucknall er framleis like uanstrengt elegant som for 35 år sidan, men samstundes litt røffare i kantane. Arrangementa er i overkant glatte, men eg medgjev litt motvillig at eg tar meg i å stampe foten til musikken. Funksjonell lounge-plate som eg likte betre enn eg hadde trudd, men autograf-fagleg signerer Hucknall som ein gris…  

Kjelder:
Div Wikipedia
www.allmusic.com
https://www.domainedesgrottes.com/


Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *