Framtiden, farsan!

Whatever the future holds, the future takes VISA, sa ein reklame ein gong. No, nokre år seinare er framtida her, men betalingskort er snart på veg ut. Ulike betalingsløysingar finst og er på veg, der ein ikkje lenger treng eit plastkort. Det er med andre ord ikkje så lett å spå om framtida. I Oslo fikla sporvegane og Ruter med ei ny løysing med betalingskort og sluser inn på T-banestasjonane. Medan dei held på, og millionane rulla, kom smart-telefonen og framtida var ein app.

Opp og ned

Fuglane veit kva dei tenkte om framtida i Mosel, vinprodusentane som held på kring år 1900. Prisane var høge, vinen var «in fashion», phylloxera var i sjakk, og det var belle epoque. To verdskrigar sette ein effektiv stoppar for glansdagane. Promoteringa av billig vin i Liebfraumilch- og Reiler vom Heissen Stein-stilen og ei klønete og vanskelig ny vinlov i 1971 var med på nedbrytinga av renomméet til Riesling™.

GG-kulten

Om vi spoler fram til tidleg 2000-tal, så kjem GG-vinane frå VDP-gjengen. Tørre, digre, tøffe og seriøse vinar, og i Noreg hovudsakleg riesling frå Pfalz, Rheinhessen og Nahe som skaper ny interesse for tysk vin. Utetter på 2000-talet stig prisane, og etterspurnaden. Nokre produsentar skaper stjerner i augo på vinofile her på berget. Etter kvart er stjernene bytta ut med dollarteikn. Keller, Wittmann og Bürklin-Wolf har fått kult-status.

Bratt

Samtidig, i Mosel, er det berre Egon Müller som klarer å oppnå luksusfelle-prisar. Men her er også stigande stjerner, og nokon frå den gamle garde som alltid har laga god vin. Men med stigande prisar vert det vanskeligare å kapre ungdomen. Det er ikkje lett å lage ein innstegs-vin til rimeleg penge frå bratte og arbeidsintensive vinmarker.

Dilemma

Om du då er ein liten produsent og produksjonskostnaden for alle cuvée-an du lagar er tilnærma lik, skal du då selje noko av produksjonen «litt for billig», eller skal du skru opp prisen og selje dyrt til nye og svoltne kundar som bankar på døra? Og då kanskje miste delar av marknaden der du hadde opparbeidd ein posisjon?

Heilhjarta

Framtida ser ut til å vere å ekspandere. Om du ikkje har råd til nye vinmarker, kan gode naboar selje deg druer som du kan vinifisere. Eit par slike vinar har no kome frå eit par framtidsretta vinmakarar. Julian Haart har skaffa seg eit namn, og med det namnet på etiketten går vinen unna! Ein ny vin i rimeleg prisleie er kjekt for alle dei som ikkje kan ta seg råd til GG til lunch og Meursault til middag. Fiffige Riesling Haart Attack 2018 er laga av delvis eigen druer. Resten har Julian fått på bygda, som i dette tilfellet er heimstaden Piesport. 11% alkohol, 13 g/l restukker er nett slik det skal vere. Polet opplyser at syrenivået er 8,5 g/l, men det rette skal nok vere batteri! Dette sparkar på ein herlig frekk og frisk måte. Kostar 169,90, men diverre utseld no, med mindre du bur i Knarvik. Då har ditt lokale pol ein solid lagerstatus.

Julian Haart Riesling Haart Attack 2018

Lys på farge, det er jo ungt dette. Lukta er fersk og yppig, med nypressa syrlige eple, kvit fersken og litt blomstereng. Woha! Dette er syrlig! Men på ein lett, filigran og fin måte. Det smakar eple og steinfrukt. Det er ein neve sødme inni her, men det er syra som både startar og endar showet.

Max cool

Maximin Schubert på Maximin Grünhaus i Ruwer, ber eit tradisjonsrikt vingods på sine skuldre. Men tydeligvis tyngjer det ikkje så mykje at han ikkje kan svinge kappa etter vinden. Dei barokke etikettane frå Bruderberg, Abtsberg og Herrenberg er for dyre for ungdomen. Men etter ein handletur i distriktet, fekk Maximin nok druer til å lage ein ny vin. Maximin Riesling 2017 er betre enn prisen på 154,90 skulle tilseie. Ein lett vin utan vanskelig namn eller problematiske prädikat. Gjæra til 11% og med attraktive 18 g/l restsukker. Ingen «Feinherb» på etiketten, då dette i følgje Maximin er fullstendig turn-off i Deutschland. Takk til importøren som sendte flaska.

Maximin Riesling 2017

Riesling- og Ruwer-typisk lukt av blomar, og gule og grøne eple. Crisp og litt «grøn» på lukt. Herlig mjuk frukt og spenstig syre. Vinen er lett og ledig, og i generøs feinherb-stil. Smakar av eple, fersken og smør. God til sashimi.

Leave a Reply