François Villard Jouvet Cornas 2013

Vanlegvis handlar desse introane om ein eller annan tippoldefar som med druer og dynamitt la grunnlaget for bruket. François Villard har ikkje ei slik ættetavle – han har restaurantbakgrunn og er sjølvlært vinmann. Første stokkane vart planta i 1991 – etter kvart har jordsjuke og eksperimentlyst balla på seg og han produserer årleg over 200 000 flasker i 25 ulike cuveear.

François Villard Jouvet Cornas 2013

Kraftig og fyldig blåplommeduft, solbær, litt nellik og svart pepar, litt brent treverk, potetskrell, litt syrleg rips lurer langt baki. Når temperaturen i glaset stig kjem noko kjøtaktig – hengt hjort eller noko, pluss mjølkesjokolade. Flotte og elegante duftar – tar meg sjølv i å utsetja første slurk for berre eitt sniff til…

Kraftig og saftig anslag – mykje plommer, fyldig men samstundes friskt og fløyelsmjukt midtparti med litt krydder. Saumlaus overgang til ei lang avslutning med tyttebær og mykje rips. Tanniner som byggjer seg umerkeleg opp og gjev akkurat passe motstand til maten. Smatter på blåbær mellom slurkane.      

Herleg balanse mellom kraftig energi og sart eleganse – nydelege detaljar både på snute og smak. Fungerte veldig bra til eit stykke hjort med traktkantarell. Eg er ikkje røynd med vinar frå Cornas, men dette kjennes ut som ein framleis ung vin – trur denne har potensiale til å utvikla seg enno meir…

Frank Zappa/Ensemble Modern – The Yellow Shark

I starten på nittitalet vart det travelt for ein meir og meir kreft-tæra kropp som ville ha ut musikken han bar inni seg. Løysinga vart Synclavier – ein av dei første komplette arbeidsstasjonane for sampling, notering av musikk og opptak, heilt i starten på den digitale revolusjonen. På den måten kunne han med eit lite team jobba i eigen kjellar utan å måtte gå ‘omvegen’ gjennom musikarar.

Sånn gjekk det likevel ikkje – i 1992 ville Frankfurt Festival ha eit Zappa-program, Ensemble Modern banka på døra i 1991 og ville spela musikken hans. Frank Zappa hadde tidlegare dårleg erfaring med orkestersamarbeid. Økonomi sat grenser for øvings- og innspelingstid, noko som gjorde at korkje Los Angeles Philharmonic Orchestra eller London Symphony Orchestra fekk til musikken slik komponisten ønska det. Finansieringa gjorde denne gongen at Zappa kunne jobba med orkesteret i eit heilt år, og etter kvart byrja å omtala Ensemble Modern som ‘bandet sitt’. Resultatet vart utselde konsertar i Tyskland, og plata The Yellow Shark som vart sloppe i november 1993, ein månad før Frank Zappa døydde.

Ein del av musikken er gamle kjenningar, mellom anna ting frå Uncle Meat, med den typiske Zappa-touchen: det er samtidsmusikk, men han har behaldt eit melodisk tema; mykje perkusjon og rytmer gjer det heile veldig visuelt – førestil deg ein Snurre Sprett-episode, men regissert av David Cronenberg. I nyare ting verkar han meir melankolsk og opptatt av å utforska klangar. Zappa hadde ikkje vore Zappa utan både sylskarp og stupid satire. Food Gathering in Post-industrial America  er skremmande aktuell med tanke på forureining og borgarrettigheiter, medan Welcome to the United States er Spike Jones i immigrasjonskø og for all del ganske morosam.

Ensemble Modern gjennomfører det heile med kirurgisk presisjon utan at det går på bekostning av musikaliteten – på eige initiativ prøvde dei seg på G-Spot Tornado frå Jazz From Hell – eit stykke som vart rekna som kun mogleg for maskiner å koma gjennom. Zappa tok dei på ordet og arrangerte ein versjon som vart ekstranummer under konsertane. Du kan høyra orkesteret knaka i skøytane, samstundes er det umogleg å ikkje la seg imponere av gjennomføringa.   

Kjelder:
http://www.domainevillard.com/
Oz Clarke, Margaret Rand – Druer og viner
Don Penn – The mother of all interviews


2 tankar på “François Villard Jouvet Cornas 2013

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *