Om du skulle velje deg tysk vin frå ei anna kvitvinsdrue enn riesling, kva hadde du gått for? Kerner? Bacchus eller müller-thurgau? Nei, ikkje akkurat. Kanskje weissburgunder, men eg trur nok at eg hadde landa på silvaner. Ho er ikkje like brukarvenleg eller så sexy som riesling, men det er mogleg å lage solid vin med spanande kvalitetar. Det er iallefall ein slags konklusjon etter å ha smakt meg igjennom ti ulike silvaner-vinar frå Franken.
Mat
Dette er gode matvinar, som med ein meir tørr, mineralsk og nøytral profil er gode attåt mykje forskjellig. Eg har hatt gode opplevingar med dømes kvit asparges med hollandaise, urtebakt kylling og steikt torsk.

Motgang
Druesorten silvaner var den mest planta i Tyskland fram til 1968. I 1964, som er det fyrste året eg har fått statistikk i frå, var det 18 781 hektar silvaner av totalt 66 685 ha, noko som tilsvarer 28% av vinmarksarealet. Sidan har det vore ein jamn nedgang, medan müller-thurgau tok over fyrsteplassen frå 1970, med riesling på tredjeplass. Slik held det seg i toppen fram til ca 1996, då riesling var den mest planta. I 2023 er dei fire fremste: riesling (23,5%) spätburgunder (11,1%) müller-thurgau (10,4%) og grauburgunder (8,1%). Det totale vinmarksarealet er òg større no, men truleg er tala frå før 1990 for Vest-Tyskland. I 2023 var det 104 000 hektar vinmarker i landet.
Medgang
Om vi ser på Franken, vindistriktet nordvest i Bayern, er det her at silvaner framleis held stand. Faktisk er det ein auke, for i 1990 var det 1155 ha, medan i 2024 var det 1552 ha silvaner. Franken har no 25,3 % silvaner, 22,3 % müller-thurgau, 11,9 % bacchus, og 5,5 % riesling.
Muschelkalk
Det er 6173 ha vinmarker totalt i Franken og 83% av desse er planta med kvitvinsdruer. Distriktet kan delast inn i tre underområde, som i stor grad korresponderer med jordsmonn og geologi. I vest har vi Mainviereck, med bundtsandstein, i midten Maindreieck med muschelkalk, og lengst aust er det Steigerwald med keuper. Desse tre ulike strata med sandstein, skjelrik kalkstein og leirskifer, dolomitt og mergel (keuper) vart avsett i perioden trias, rundt rekna frå 251-201 millionar år sidan.
Vinane eg smakte var frå ortswein, via erste gewächs og til grosses gewächs. Dei var hovudsakleg frå dei tre åra 2021, 2022 og 2023. Særleg vinane frå 2023 var nok litt ferske og ikkje heilt slått ut i full mundur, medan dei andre stort sett gav mykje glede. Nesten samtlege av silvaner-vinane på polet er med skrukork. Det er pr 1. juni 2025, 40 varelinjer silvaner frå Franken, frå 150-750 kr.

2021 var som i mange andre vindistrikt i Tyskland og Europa, kjølig i regnfull på sommaren samanlikna med den nye normalen. Mykje å gjere i vinmarkene, med tynning og sprøyting mot sopp. Hausten var betre i Franken enn lenger vest, med rolig ver og det gjorde at innhaustinga kunne gjerast planlagd og med god logistikk. Litt lægre mostvekt enn vanlig, og litt høgre syre jamnt over.
2022 var motsett av året før, tørt og varmt. I Franken var det behov for å tynne både i avling og bladverk, ettersom plantene gjekk i dvalemodus på grunn av vassmangel. Innhaustinga byrja i september, og silvaner var svært vellukka. Det kom noko regn i oktober, og det vart problem med riesling og bacchus.
2023 hadde noko hagl og kraftig regn som gjorde skade før bløminga. Men frå mai og ut i juli var det vamt og tørt, og unge vinstokkar leid, medan dei eldre klarte seg bra. Sommaren hadde dagar med opp mot 40 grader, men òg store forskjellar i natt- og dagtemperatur. Då hausten kom, var alle druene mogne samtidig, og det vart ein rekordrask innhausting. Journalistar og produsentar melder om aromatiske og elegante vinar.
Dr. Heigel Mainstockheimer Hofstück Silvaner Spätlese Trocken 2016
Moderat intensitet i lukta. Rein, fruktig nase med pære, stjernefrukt og urtegrønt. Hint av sitrus og rotgrønsaker. Slank, rein og noko utvikla vin med mjuk tekstur og mjuk frukt som lener seg sterkast på kvit steinfrukt. Både steinpreg og frukt, men noko manglande konsentrasjon i høve til ein del andre. 300 kr. Flaske sendt av importør.
Bürgerspital Würzburger Silvaner 2023
Fersk lukt med litt fruktsødme mot fersken og gule eple. Rein og polert i stilen. Tørr, men litt rund og generøs silvaner som speglar årgangen godt. Fint potensiale her, og verd å la liggje eit år eller to. 255 kr. Sendt av importør.
Rudolf May Retzstadt Silvaner 2022
Rein og lett søtleg fruktig lukt med kvite blomar, friske urter og kvit steinfrukt. Lett sitrande tørr, frisk og slank vin med pen konsentrasjon og noko fruktsødme. Årgangens rike stil skin igjennom, og løftar denne ortswein til eit godt nivå. Kanskje det beste kjøpet av alle, til 270 kr. Flaske sendt av importør.
Schmitts Kinder Randersackerer Sonnenstuhl Erste Gewächs Silvaner 2023
Noko djupare farge enn mange av dei andre vinane. Fruktig, rund og godsleg på lukt. Mogne, gule eple, kvit steinfrukt, gule plommer. Flott heilstøypt vin med fin fylde, i ein jovial stil til silvaner å vere. God vin til prisen. 270 kr.
Schloss Sommerhausen Steinbach Erste Gewächs Silvaner 2021
Lys, lett og frisk lukt. Aprikos og slike syrlege eple som du plukka på slang i barndommen. Noko urter og flint. Lett undermogen aprikos og mineralsk kitling. Slank vin med lekkert syrespel. 295 kr. Flaske sendt av importør.
Rudolf May Langenberg Erste Gewächs Silvaner 2021
Frisk og høgtona i lukta, med litt gul frukt og utvikling. Frisk, slank og med god konsentrasjon, men det vert kanskje litt for nøytralt. Livleg syre og grapefrukt i ettersmaken. 346,90 kr.
Weingut am Stein Würzburger Innere Leiste Erste Gewächs Silvaner 2022
Litt gjerrig på lukt og smak. Det dukkar då opp aroma som går i retning gule plomme, aprikos, flint og metall. Middels fyldig, tørr og godt laga vin. Kjem seg på dag tre. Då har vinen lagt seg ut med litt fenolisk grep og smakane er meir intense. 339 kr er vel greit, men flaskevekt på 790 gram er for mykje.

Juliusspital Stein-Berg Grosses Gewächs Silvaner 2022
Rik og mogen frukt stig opp frå glaset. Aprikos, mogne gule plommer i solide porsjonar vert balansert av silvaneren sin sitrande, slanke stil. Fyldig og ganske rik i munnen, men knusktørr. Solid vin som viser at det er ein grunn til at dette er GG og at prisen på 480 kr kan forsvarast. Ein svært bra silvaner. 550 gr flaskevekt er moderat og bra, sjølv med “GG” og ørna på halsen.
Rainer Sauer Escherndorfer Am Lumpen 1655 Grosses Gewächs Silvaner 2022
Stål og stein, ung og tilknappa. Grapefrukt, umogen steinfrukt, og blomar. Kjem seg på dag to, men dette bør lagrast nokre år for verkeleg å få vist seg fram. Tørr og konsentrert i smaken, med innebygd og uforløyst spenning. 490 kr. 710 gram flaskevekt samsvarar ikkje med øko-profil.

Rudolf May Himmelspfad Grosses Gewächs Silvaner 2022
Strågul. Medium intensitet, men spanande og kompleks med hint av fat, syrleg frukt og kvite blomar. Tørr, stram vin med flott fylde. Mjuk kvit frukt, grapefrukt og klementin. Filigrant syrespel og litt fenolisk grep i munnen frå fat og skalkontakt. Djup og kompleks. Gir mykje fra opning og held greit på dag to òg. Svært flott vin, og den beste silvaner eg har smakt. Diverre er prisen 750 kr. Flaske sendt av importør.
Lurer du kva Heine meiner om GG? Her finn du fleire notat.