
Japansk vin har blitt litt mindre eksotisk dei siste åra. Stadeigne Koshu har fått sine norske fans, og innimellom dukkar det opp Bordeaux-inspirerte raude. No er det tydeligvis tid for japansk naturvin representert av nykommaren Grape Republic – starta i 2017 – og pådrivar for å utvida druedyrkinga rundt Nanyo, 4 timars kjøretur nord for Tokyo.
Grape Republic Aromatico 2023

Yamagata, Japan. 56 % Delaware, 14 % Rosario Bianco, 10 % Steuben, 8 % Niagara, 7 % Seibel 9110, 5 % Neo Muscat. Har ikkje sjekka om prosenten går opp… Koko blanding av handplukka hybrid-druer der hovuddrua Delaware har hatt eitt døgns skalkontakt. Méthode ancestrale (eller berre méthode som dei kalla det i 1550) der vinen blir tappa på flasker før han er ferdig gjæra. Ufiltrert, uklarna, usvovla, økologiske prinsipp.

Appelsinskal, smågodthylle, banan og sumarleg blomstereng. Med tid litt jordlege tonar. Reine og behagelege duftar.
Forsiktig anslag. Moden mango, tropisk nektar, sur-øl, og eit grapefruktbittert stikk som blir med heilt ut. Vinn litt syre med tid, men endar i ei avslutning – for så vidt med anstendig lengde – på den bitre sida.
Milde duftar og smakar i ein leskande og vellukka lavintervensjonsvin som fungerte godt til kimchi-pannekake, men eg skulle likevel ønska vinen hadde litt meir syre. Firehundreogtretti kroner for eventyrlystne og til aperitiff på Nesodden-fest…

–Men, tenkjer du nok no. –Skal han ikkje teste oransjevin laga på heilsprø hybrid-drueblanding..?
Grape Republic Bianco Macerato 2023

Yamagata, Japan. 50 % Delaware, 32 % Niagara, 12 % Rosario Bianco, 6 % Neo Muscar Ei vekes skalkontakt, modning i ei blanding av amfora og ståltankar. Ufiltrert, uklarna, usvovla, økologiske prinsipp.
Gyllen oransje. Aromatisk på grensa til intens; appelsinskal, kløvereng, eplesekt, cola-smågodt og urter. Heftige, men reine duftar.

Slankt anslag. Midtparti med moden appelsin, krydderskuffe og bittersøt appelsinmarmelade. Vinn sitrus-syre i ei lang avslutning.

Vellukka og vellaga oransjevin på den særs moderate naturvinsida. Fungerte godt til gyoza med reker. Gøy vin til ein firehundreogtrettilapp…
Carla Kihlstedt / Present Music – 26 Little Deaths
A is for Amy who fell down the stairs.
B is for Basil assaulted by bears.

Som medstiftar av Sleepytime Gorilla Museum – verdas skumlaste band med verdas snillaste folk – er det neppe noko overrasking at Carla Kihlstedt har eit hjarte for det makabre.
E is for Ernest who choked on a peach.
F is for Fanny sucked dry by a leech.
No har ho tatt for seg The Gashlycrumb Tinies av Edward Gorey frå 1963 – sjølve ur-opphavet til alle barna-vitsane der samtlege små dør alfabetisk på fantasifullt vis – og skrive 26 miniatyrar for ensemble og syngande fiolinist, der ho tolkar kvart vers og illustrasjon frå boka.
M is for Maud who was swept out to sea.
N is for Neville who died of ennui.
At kvar tekst berre har ei linje har gjeve Kihlstedt sjansen til å leika både tekstleg og musikalsk. Fleire av dei forulykka har fått backstory i tekstane, komposisjonane er ekstremt varierte – frå Tom Waits-aktig morbid tivoli-vals til Broadway, catchy pop, amerikansk storbandmusikk og krevjande dissonansar. Eit særdeles vellukka memento mori mellom tekst, bilete og musikk
Y is for Yorick whose head was knocked in.
Z is for Zillah who drank too much gin.
Kjelder:
https://shop.grape-republic.com/
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
https://www.carlakihlstedt.com/
https://edwardgoreyhouse.org/