Halvvegs til sherry, men heilstøypt i Jerez

Utsøkt vin i blyg bunad

Ingenting er skrive i stein, syng Luli, tidlegare trommis i Frk. Fryd. Vinverda endrar seg sakte med sikkert, trass i at mange har eit bein i status quo. Også tjukke bøker kan ha blinde sider, eller i det minste utelate viktig informasjon. Det siste har eg oppdaga gjennom nokre nettsøk og eit par utsøkte flasker vin. Vin frå sherry-triangelet utan Sherry DO-klassifisering. Ja, faktisk med det nesten vestlandske og smålåtne “vino blanco”, som identifikasjonsmerkje. Men som vi veit; ein bunad, ei Levis-bukse eller eit palestinaskjerf markerer ei tilhøyrsle eller motstand.

Asoleo tilbake i lyset

Det viser seg at sherry er meir enn flor og fino. Meir enn bodegas og store brands. Meir enn solera og storslått historie, og meir enn palomino og palo cortado. Det finst altså deler av vinhistoria frå jerez som ikkje i stor nok grad har fått kome ut i sola. Asoleo til dømes. Tørking av druene ute i sola i nokre timar eller dagar for å auke sukkernivået, i staden for tilsetjing av druesprit. Visste du at Tio Pepe ein gong var ein årgangsvin? Før omkring 1850, eller phylloxera-epedemien, var det 43 ulike druesortar i Jerez. Alle med ulike eigenskapar som gav ulike stilar. Desse stilane vart alle etterlikna, med palominodrua sin dominans etter phylloxera. Og med kontrollert vinifiksjon og påfølgjande oppspriting og lagring under flor, eller oksidativt.

Undergang som kreativ kraft

Sidan 70-80-talet har Jerez vore i ei konstant nedgangstid. Men som i andre vindistrikt fører dette til nytenkjing og kreativitet. Sjå på Douro, Tokaj og Sauternes. Sviktande sal av portvin førte til ein svakvinsrevolusjon i Douro. I Tokaj var lang kapitalbindande lagring av Aszu-vinen, og minkande marknader for søt vin, spiren til å utforske spanande vulkansk terroir gjennom tørr kvitvin på den lokale furmint, og til dels harslevelu. I Sauternes gjer erverdige slott det same med sémillon og sauvignon blanc. Tørr vin er rimelegare og mindre risikabelt å lage, og det gjev raskare kapital.

Vinarkeologar

Dei to kanskje fremste i den ny-gamle orienteringa i Jerez, er Ramiro Ibáñes Espinar og Luis Pérez. Fyrstnemde driv mellom anna sitt eige Cota 45, og har vore konsulent og fødselshjelpar for nokre nye vinar hjå Callejuela. Frå sistnemde kom det to vinar på polet i juli. Den kvite La Escribana og ein raudvin på drua tintilia de rota (graciano). La Escribana er interessant på mange måtar. Det er ein årgangsvin med tilleggsnemninga “Vino do Pasto”. Dette var tidlegare i Jerez ein vin utan tilsetjing av sprit, altså ein type bordvin, som gjerne var høgt prisa. Litt som gode Vino da Tavola i Toscana, som valde å stå utanfor det gode selskap.

Luis Pérez La Escribana 2018

“Fyldig” lukt, men ikkje fruktig. Rik, med lukt av mandlar, blomar og steinfrukt. Etter kvart noko søtleg i retning eple. Tørr, feit og fenolisk vin i munnen med godt grep, fylde og alkoholvarme. Smakane sentrerer seg rundt mandel, mogen sitrus og eit svakt fino-preg. Kalk og snev av østers. Ein balansert og pen vin med lekker smooth munnkjensle. Ah! Eg let meg begeistre! Ein heiltstøypt kvitvin som hintar om kvit burgund, utan å misse sitt opphav i Andalucia. 13,5% alkohol. Kosta 239,- noko som var eit godt kjøp.

Druene er palomino frå Cerro de Obispo i Macharnudo, 100 meter over havet. Noko av druene er hausta tidleg for syre, medan resten er hausta til “vanleg” tid. Druene får liggje ute asoleo i 5 til 6 timar før gjæring på ståltank. Vinen ligg så i 12 månader på sherryfat, med ein liten snerk av flor over seg. Truleg er fatet fylt noko meir enn tradisjonell fino, der det blir fylt 500 liter i eit 600-liters fat. Synd at vinen no er utseld på polet, men vi kan jo drøyme om at det kjem inn eit nytt parti.

Hobby-laget

Ein annan som har klart å gjennopplive ein flik av den døyande DO Jerez, er Eduardo Ojeda. Saman med vinskribent Jesús Barquín starta dei opp Equipo Navazos i 2005, fyrst som eit hobbyprosjekt. Barquín som er vinmakingssjef i Groupo Estevez hadde oppdaga nokre frekke kvalitetar i nokre fat inst i ein bodega, og tenkte det hadde vore kult å tappe dette separat. Den fyrste amontillado under Equipo Navazos-etikett vart berre tappa i nokre få hundre flasker. Men sidan 2008 vart det kommersielt. Her òg hadde dei kika i historiebøkene, og tanken om å lage ein vino blanco, utan oppspriting vart kveikt. La Bota de Florpower MMXV er enno tilgjengelig på polet til 320 kr.

Equipo Navazos La Bota de Florpower 2015

Strågul+. Rund, manzanilla-aktig lukt med salt sjø, kamomille. Men her er det i ein dempa og diskre tone. Sylta sitron og litt mandel melder seg på etter kvart. I munnen er vinen rund og smooth. Smaken følgjer opp nasen sitt resonnement; sitron, mandel og så kjem tang og fjøre sjø og kamomille. Ok syre til slik vin. Ein fin introduksjon til området Jerez og ei bru mellom kvitvin og fino/manzanilla.

Palomino-druer frå området Miraflores La Baja nær Sanlúcar. Gjæra i fat og etterpå mogna under flor i 20 månader. Fyrst i 8 månader i sherry-fat, sidan på stål. Totalt 3800 flasker er laga av denne årgangen.

Sement-kalk

For eit tid tilbake var det endå ein kvit luring frå Jerez tilgjengelig på polet. Men ikkje lenger no. Tosca Cerrada Palomino Fino 2016 frå Mario Rovira kosta i si tid 199,- Mario Rovira driv mest på med mencia i Bierzo under namnet Bodegas Akilia. Men han flyg stundom sørover til Jerez, der Delgado Zuleta hyser og tappar vinen han lagar frå druer frå albariza-jord av typen tosca cerrada. Dette er ein type grå kalkjord, veldig kompakt og sement-aktig med 50-60% kalkinnhald. Opp til 80% av vinmarkene som er i drift i Jerez i dag har denne typen jord.

Mario Rovira Tosca Cerrada Palomino Fino 2016

Djup strågul farge. Nøtteaktig preg med ein gong. Rista mandlar og nøtter, litt fino-preg og gul frukt. Smaken har ein fin balanse mellom gul moderat nedtona frukt, og flor-aktige aroma av mandlar, kamomille og sotolon. Godt grep trass i låg syre. Pen vin allikevel. Prøvd til raudkittost, då kom frukta meir fram i vinen. 12,5% alkohol.

Callejuela Blanco de Hornillos 2016 har eg skrive om før, sjå denne posten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *