Hey 19

Det er ikkje utan grunn at eg ser med ekstra stor forventning på 2019-årgangen. Og då særskild i Mosel. Eg var med på innhaustinga av druer hjå Weingut Weiser-Künstler i Traben-Trarbach. Sjå til dømes denne, og denne, som eg skreiv medan eg var der i september-oktober. Difor måtte eg prøve ein blodfersk 2019-vin som kom no i mars.

Vêret i 2019 gav mykje grå hår til vinbønder og folk med pengar investert i Mosel. Det var frost i deler av Mosel, og særskild i Saar i byrjinga av mai. Bløminga var sein, rundt midten av juni. Men så kom det rekordhøge temperaturar i byrjinga av juli, opp i over 40 grader, som solbrende store mengder druer i heile Mosel. Bøndene kunne sjå fram til/grue seg til mykje sorteringsarbeid og redusert avling, allereie tidleg på sommaren.

Mogninga var på god veg alt i midten av september, med oechsle-verdiar som skulle tilseie kabinett og spätlese. Men syrenivået var også høgt, så mange venta enno ei stund. Eg var på plass i Traben-Trarbach 9. september. Fram til vi starta innhausting 26. september var vêret bra. Varmt og tørt. Men sidan la det seg eit lågtrykk over midtre Tyskland, som gav regnbyger og litt for varme netter. Altså oppskrifta på rôte… Det vart mykje sortering, og ingen enkel jobb for innhaustingsgjengane rundt om i Mosel denne hausten.

Men resultatet er truleg ein god del spanande vinar. Mykje botrytis gjorde det vanskeleg å lage tørre vinar i GG-stil, somme stader i Mosel. Men botrytis-en var også medverkande til lægre utbytte og høgre mostvekt. Kanskje litt i meste laget, her og der. Men dei som har hausta på rett tidpunkt og fått med tilsvarande høge syrenivå, kan ha skote nokre gullfuglar i 2019. Jean Fisch og David Rayer, som har vore rundt og stukke nasen i fuder rundt om i Mosel, trur det kan vere spektakulære saker i gjære. Men dei seier også at det er ein ujamn årgang med ein del vinar som ikkje er heilt på nivå med vanleg standard.

Ein som overraska i 2018, var Julian Haart. Og då tenkjer eg på vinen Goldtröpfchen Kabinett 2018, som eg drakk i Trier. 2018 var ein varm, stor og rik årgang med, for Mosel, relativt låge syrenivå over heile fjøla. Mykje vin mangla litt snert, spør du meg. Men denne kabinetten til Haart hadde dette i rikt monn. No er 2019-utgåva av Goldtröpfchen Kabinett akkurat komen til landet, og vinen er verd ein smak. Weiser-Künstler plar tappe i april, så eg må vente litt på resultatet derfrå.

Julian Haart Goldtröpfchen Kabinett 2019

Heilt lys. Osar av kvalitet frå fyrste sniffy sniff. Ei forventning stig i kroppen. Det luktar superaromatiskt, friskt og eplete. Men her er også trøkk, som kjem av at Goldtröpfchen er ein solfangar av ei vinmark. Ikkje like elektrisk syre som Haart Attack, men meir oomf og heilskap. Digg kabinett men er veldig fersk og har nok meir på lager, om vinen får litt tid i kjellaren. Men det er ingen skam å opne ei flaske no og glugge nedpå til sashimi eller ein raud curry. Julian seier at han hausta vinen ved 83 oechsle, heilt i starten av sesongen, ein gong mellom 17. og 21. september. Vinmonopolet sine tal seier 8,5% alkohol, 10,5 g/l syre og 40 g/l restsukker. Vinen kostar 214,90, og det er ikkje verst. Julian Haart sine tørre vinar vert fort vekke frå hyllene. Denne kabinetten viser at han beherskar dei halvtørre også.

Leave a Reply