I skuggen av Helikon

Med Pegasus gampande rundt i dalen, samt ni muser for estetisk inspirasjon og ein sjølvopptatt Narkissos, så badar druene i gresk mytologi der dei veks utanfor Askre halvannan times biltur nordvest for Aten. Her driv familien Samartzis berekraftig vindyrking – delvis med populistiske druesortar, delvis med lokale druer som malagousia og moutharo.

Og kontoura, som bestefar Samartzis planta i skråningane under Helikon i 1962. Drua er ei slektning av savatiano, og stokkane dyrka fram av viltgroande variantar funne i området.  

Samartzis Two Rivers Kontoura 2019

100% kontoura. Handplukka druer, økologiske prinsipp.  

Rein og aromatisk snute. Pære, ananas og sitrongras. Tropiske blomar og våt stein snik seg rundt i bakgrunnen. Behagelege duftar.

Friskt anslag med mykje lime. Midtparti med tropisk nektar og grøne urter. Lang, lang avslutning med sitron og sitrondrops. Tydelege, men samstundes forsiktige smakar.

Rein og sjarmerande, men litt sjenert vin som fungerte bra til falafel. Godt kjøp til 250 kroner.

Meir gresk vin HER

Musikkbonus: Supergroove – Traction

Nyzealandske Supergroove – bandet som lèt som ei blanding av Red Hot Chili Peppers og Beastie Boys. Og Blues Brothers… Debutplata frå 1994 – Traction – vart ein kjempesuksess både heime og ute i verda – inkludert ein slags kultstatus i bergensk musikkmiljø midt på nittitalet. Så sparka dei vokalisten. Og trompetisten. Og ga ut ei elendig andreplate. Og vart oppløyst i 1997… I dag er dei visst sameinte att og store i Indonesia.  

Ser ein vekk frå eit noko mudrete lydbilete som kunne hatt godt av ei remastring, så er det framleis lett å bli riven med av Traction. Tett samspelt – dei kan knapt vore fylt 20 då plata vart laga, smarte og uventa arrangement, og tekstleg bittersøt, sjølvironisk om stort sett mislukka kontakt med jenter. Energisk og gøy musikk som står seg godt snart 30 år seinare.  

Kjelder:
https://www.samartziswines.gr/
Diverse Wikipedia


Leave a Reply