I Want Your Sekt

Familien Allendorf har hatt adresse i Rheingau sidan 1200-talet, vin har dei laga frå rundtom 1910, og sjølv om vingarden er mellom dei største i Rheingau hevdar dei å framleis ha eit familieperspektiv overfor alle ansatte.  

Allendorf Riesling Extra Dry 2015

100% Riesling.

Veldig steinete frå nyopna flaske. Med godvilje gøymer det seg nypete, men det meste er løynd bak skifer og badeball. Med litt tid i glaset løsner det – bivoks, blomstereng, honning og ørlite brødbakst. Litt urein snute, men på rett veg…  

Get Up (Like a) Sekt Machine – Nattverden testar austerikske bobler

Røft anslag med gule eple, fruktig midtparti med fersken, pære og honning – til å vere ‘extra dry’ er det overraskande mykje fruktsødme her. Blir fint balansert med ei eplesyrleg avslutning – som å gnafse på eit friskt Granny Smith-eple.

Blood Suger Sekt MagikNattverden smakar Schloss Vaux

Enkel, ukomplisert og litt kantete, men lett å like. Meir sødme enn venta, men når eg likevel drakk vinen til ein slags halv-asiatisk sjøkrepsrett så passa det fint. Mykje vin for pengane…        

Musikkbonus: Thomas Dahl & Court – Quilter

Gitaristen Thomas T Dahl har det ikkje akkurat travelt med solokarriera si. Undervegs har det mest handla om å hjelpa andre til å låta betre. Frå Krøyt og Dingobats i førre hundreår til Skydive Trio, Vaksne Herrers Orkester og amanuensisjobb på Griegakademiet i dag – pluss leigesoldatjobbar for Lill Lindfors, Ephemera og Herborg Kråkevik.

Omsider er soloplata her – og for ei plate – kompromisslaus, men samstundes melodisk jazz; god plass for medmusikantane, men samstundes ein tydeleg visjon. I botn ligg Magne Thormodsæter på kontrabass og Håkon Mjåset Johansen på trommer – lenge samspelt i Svein Olav Herstad Trio, medan Harmen Fraanje (frå diverse variantar av Skydive med Mats Eilertsen) på piano får rikeleg med plass.

Høgdepunkt? Opningslåta Hermit kunne vore med på When Elephants Dream-plata til Bob Moses, eller kanskje heller på soundtracket til Night on Earth med dvelande gitar-twang, og eit band som vekslar på å dytta gitaristen utpå glattisen og hala han inn igjen. Rad 3310 er den meste heavy låten med tromme-visper nokon gong – ekstra bonus for ekstra sprø pianosolo.

Avslutningsballaden Procession er ei låt både Terje Rypdal og Bill Frisell kan angra på at dei ikkje skreiv – her slåst bass og piano om å vera mest melankolsk, før gitaren skil dei med verdas trist-vakraste melodilinjer.

Ei plate som har fanga det spontane, sjølv om eg nok personleg føretrekk musikk som dette på konsert. Ein «debut» i verdsklasse.

Kjelder:
www.allendorf.de

Leave a Reply