Immich-Batterieberg

Sidan eg er i Traben-Trarbach er det greit å besøke nokon av dei andre vinprodusentane i området. Eg tok difor ein tur til nabobyen Enkirch, fem km nedstraums, der Immich-Batterieberg held hus. Vinmakar og frontfigur Gernot Kollman er så vidt ferdig å fylle pressa for dagen. Han er ikkje nøgd med vêret og årgangen. Med ein portefølje av hovudsakleg tørr vin, er vinmarker fulle av botrytis og høge oechsle-nivå ikkje det han ønskjer seg mest.

Gamle hus

Eigedomen har røter tilbake til 908, og søylene i kjellaren har resikulert stein frå ein bygning frå romartida. Deler av hovudbygningen “Escheburg” er frå 1100-talet. Frå 1425 til 1989 var det familien Immich som styrte. Carl August Immich spengde frå 1841-1845 ut steinblokker i ein del av vinmarka Zeppwingert for å kunne dyrke meir. Parsellen vart monopolvinmarka Batterieberg. Vinane hadde godt ry i Tyskland. Frå 1989-2008 laga eigedomen under nye eigarar vin i ein meir konvensjonell og moderne stil. I 2008 gjekk dei konkurs. Gernot Kollmann fekk med seg to investorar og tok over frå 2009.

Filosofi

Den joviale og verdsvande Gernot byr inn i smakerommet. Han finn fram vinar frå fleire årgangar. Han byrja karriera hjå Dr. Loosen på tidleg 90-tal. Sidan har han arbeidd hjå Bischöflicher Weingüter og Van Volxem i Saar og Knebel i Winningen. Filosofien hans hjå Immich-Batterieberg minner om Van Volxem. Det er hovudsakleg tørre vinar av riesling, men utan å bruke ordet “Trocken” på etiketten. I vinmarka har han eit lag med Karl Höhlein som sjef. Der vert det praktisert økologisk filosofi, utan at dei er sertifisert. Druene vert som regel knust før dei går i pressa. Ein del av vinen får 3-18 timar skalkontakt. Dei fleste vinane vert gjæra og mogna i brukte piece frå Burgund.

Vinmarker

Gernot vinifiserer druer frå 13 hektar vinmarker, noko er kjøpte druer frå Mosel og Saar. I Monteneubel bak byen Enkirch har han noko spätburgunder. Så kjem det riesling frå Steffensberg, og mest heile Starkenburger hang til Trarbach. I Zeppwingert er det ein parsell med 100 år gamle vinstokkar. Batterieberg vert også eigen vin, medan den flatare parsellen nede ved vegen går inn i andrevinen Escheburg. I Ellergrub er det ein parsell på ca 1 hektar. Dei siste åra har også Immich-Batterieberg laga vin frå Trabener Zollturm. Den originale delen har terrassar som i stor grad vender mor sørvest medan resten, som er eit rektangulær stykke, vender mot vest og nordvest.

Vinane

Gernot lagar ein musserande riesling med fatgjæring og tre år på botnfallet. Ein sekt som lener seg meir over mot autolyseprega Champagne enn fruktig riesling. Han heiter Jour Fixe og er brut nature. Djup farge, fint fatpreg og ein del autolyse på lukt. Tørr, sitrusprega og med ein liten bitter finish. C.A.I. Riesling 2018, er nokre knepp med restsukker over heilt tørr. Strågul, rein og søtleg lukt av eple og pære. Prega av årgangen sin varme og meir mogne druer enn vanleg på dette nivået. Detonation Riesling 2018 er knusktørr. Fin lukt av kvit fersken, friske eple og steinstøv. Denne og C.A.I. er ståltankgjæra. Escheburg Riesling 2017 er altså sett saman av andresortering frå enkeltvinmarksvinane. Ganske utvikla allereie, og med litt badeball-aroma. Årgangen er konsentrert og med mykje ekstrakt, og det viser denne vinen også. Mogen syre og lekker syrleg ettersmak. Escheburg Riesling 2018 er ikkje like spanande. Mange tørre vinar i 2018 er litt runde og greie, utan snert. Denne smakar av mogne gule eple har ein fruktig søt snert, trass i at vinen er tørr. Ellergrub Riesling 2018 har eit ope og luftig preg. Steinete, men feit og rund. Lett å like. Litt preg av å ha vore på fat. Vinen har ein alkoholsøtleg snert i ettersmaken. Betydeleg meir open enn Weiser-Künstler sin Ellergrub 2018 på noverande tidspunkt. Steffensberg Riesling 2017 er syrleg med epler og mykje salt steinpreg. Frisk og slank vin på smak. Zeppwingert Riesling 2014 er svært utvikla og djup strågul. Det luktar kandisert sitron, eple og badeball. Vinen har smak av bakte eple, vanlije og sitron. Interessant vin, men ville ikkje lagra denne for lenge. Zeppwingert Riesling 2015 ber preg av ein rik årgang. Fint preg av mogne eple, og vinen er frisk, tørr, balansert og lang. Zeppwingert Riesling 2016 er også allereie byrja å få ei fin utvikling. Stram, lett og luftig riesling som vitnar ærleg om årgangen. Syrlige eple. God konsentrasjon. Frisk stil.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *