J.B. Becker Wallufer Walkenberg Riesling Kabinett Trocken 2017

Rheingaus tøffaste mustasje er trygt festa til Hans-Joseph Becker som kompromisslaust tar hand om tradisjonen frå  bestefar Jean Baptiste. Vinhuset J.B. Becker er nyleg sertifisert økologisk, men dette er slik dei alltid har drive garden berre at no er det dokumentert. Samstundes var dei i forkant – eigentleg altfor tidleg ute – med å laga tørr riesling.

 Innimellom har det dukka opp lagra vin frå bruket  – mellom anna kunne ein kjøpa godt prisa Kabinett Trocken 1988 der gode flasker gav eple, honning og enorm drikkeglede. Eit kjapt polsøk syner at det er vin å få frå J.B. Becker heilt attende til 1971. Vi veit at vinen kan lagra godt – korleis vil ein ung og relativt rimeleg Kabinett fungera?

J.B. Becker Wallufer Walkenberg Riesling Kabinett Trocken 2017

100% Riesling. Handplukka druer, spontanfermentering, 1 år på digre fat før flasking. Glaspropp i staden for kork.

Honning og epleduft frå nyopna flaske – forsvinn fort bak flintstein. Får to timar på karaffel før vi smakar på ordentleg.   

Gule eple, eplenektar og honning. Eit lett støvete krydderpreg bakom og ørlite yoghurt naturell bakom der igjen.  Behageleg snute.

Spissare anslag enn kva duften indikerar. Syrleg sitron glir over i rabarbra og Granny Smith. Litt karamell med tid i glaset Lang avslutning med fersken og grøne eple.

Herleg vin der eg berre saknar litt meir konsentrasjon i midtpartiet – eg sit med ei kjensle av at denne vinen har meir å gje med litt kjellartid. Vart litt kaotisk i møte med asiatiske smakar, trur meir heimlege sjømatrettar vil fungera betre.   

Musikkbonus: Sheryl Crow – Threads

Når Sheryl Crow har signalisert at dette kanskje blir hennar siste utgjeving med nyskriven musikk – så gjer ho i det minste ut ei djevelsk god plate med gjesteartistar nok til å fylla ein festival. Pust djupt inn: Stevie Nicks, Mavis Staples, Bonnie Raitt, Chris Stapleton, Chuck D(!), Eric Clapton, Sting, Brandi Carlile, Johnny Cash, Neil Young, Keith Richards, Willie Nelson, Kris Kristofferson, St Vincent, Emmylou Harris, James Taylor, Vince Gill og ei handfull fleire…  

Popete, melodisk countryrock som brukar ein tradisjonelt konservativ sjanger til å spreie eit liberalt bodskap innimellom americana, blues og hiphop. Story of Everything er veldig politisk, Redemption Day er intens.

Stødig låtskrivarhandverk som innimellom toucher det geniale, samt sidevisittar til George Harrison, Bob Dylan og Mick Jagger.

Ekstra nerdepluss for detaljert låt-for-låt-beskriving av korleis samarbeid og musikk vart til – ført i pennen av Crow sjølv.  

Kjelder:
https://www.jbbecker.de/
Liner notes

Leave a Reply