J.L. Chave Sélection Crozes-Hermitage Silene 2011

J.L. Chave Sélection Crozes-Hermitage Silene 2011

Modne blåplommer, lakris, potetskrell, svart pepar, lyng, skinnjakke, oliven;  kraftige -på grensa til brutale-  duftar. Rå potet tar litt mykje plass frå nyopna flaske. Med litt tid kjem parfymerte kryddertoner, nellik og einebær, saman med bringebær og litt treverk. Runder av etter ei stund og får eit slags fioler-i-fjøset-preg der blomar møter animalske sniff.

Roleg anslag, litt kaotisk midtparti med plommer, moreller, tyttebær, skarp lakris og litt vanilje. Syrleg bringebær i avslutninga. Blir ikkje heilt komfortabel med smaken åleine, men fungerer supert saman med hjortebiff. Ikkje noko særleg merbare tanniner undervegs. Saknar litt konsentrasjon, men no er antakeleg litt kjip med tanke på at dette er ein til vin rundt 200,-

Vin som roper etter eit stykke raudt kjøt, eventuelt treng mykje luft for å kunna fungera utan mat.

Musikkbonus: 2 Foot Yard – Borrowed Arms

«…could almost pass for “pop” in an alternate world in which Fiona Apple and Björk played the role of, say, Britney Spears and Christina Aguilera.» (Allmusic.com)

I påvente av ny plate frå Kihlstedt i mars er det blitt 10 år sidan 2 Foot Yard skifta status frå Carla Kihlstedt (Tom Waits, Sleepytime Gorilla Museum, Rabbit Rabbit Radio) sitt soloprosjekt til eit ‘ordentleg’ band med Shahzad Ismaily (Marc Ribot, Secret Chiefs 3, Bonnie ‘Prince’ Billy, Laurie Anderson, Yoko Ono) og Marika Hughes (Charming Hostess, Whitney Houston, D’Angelo). Låtbasert, tilgjengeleg art-pop, med catchy melodiar i eit slags Kate Bush-møter-Björk-land der gitar og bass er bytta ut med fiolin og cello, utan at det gjer noko som helst for energinivå eller trøkk.

 

Ein tanke på “J.L. Chave Sélection Crozes-Hermitage Silene 2011

Leave a Reply