Jord: Castiglione Falletto

Barolo. Eg vender stadig tilbake. Til vinen altså. Enno er det mykje godt å få tak i innanfor rimelegheitenes grenser. Enno har det ikkje teke heilt av. Enno er det håp og gode flasker. Men snart er det nok slutt. Teikna er der. No når Burgund er på veg gjennom taket, er nok Piemonte og pinot noir sin tanninrike storebror nebbiolo, neste stopp for jegerar med strukturert eleganse i siktet.

Barolo vart DOC i 1967 (DOCG i 1980). Då var det 644,79 hektar (ha) planta med nebbiolo til Barolo-produksjon. I dag er det 1984,17 ha. (tal frå 2013). Auken har kome i rykk og napp. Det bikka 1000 ha i 1973. Så gjekk det heilt til 2002 før det kom over 1500 ha. Og etterpå har det vore stigande kurve heilt til dagens tal på nesten 2000 ha. Det er ikkje berre nyplanting, men også Dolcetto og andre sortar som har måtte vike for den edle nebbiolo. Av dei elleve kommunane som Barolo-vinmarkene ligg i, er det særskild i Novello, Serralunga og Monforte d´Alba det har vore stor auke. I Castiglione Falletto, som ligg midt i, har vinmarksarealet vore ganske stabilt.

Castiglione Falletto har 140,17 ha med vinmarker som er dedikert til Barolo, pluss 107 ha med barbera, dolcetto og andre sortar. Det er 20 Menzioni Geografiche Aggiuntive (MGA) og landsbyen hyser 24 vinprodusentar. Om ein kjem frå nord går vegen gjennom kommunen oppe på ein åsrygg, på veg mot Monforte d´Alba i sør. Landsbyen Castiglione ligg oppe på denne ryggen som deler vinmarkene i to leirar. På vestsida går det fleire småryggar ut frå hovudryggen, og her finn vi nokre av dei beste vinmarkene, som alle har sør/sørvest eksponering. På austsida har vinmarkene naturleg nok søraustleg eksponering, og her kan nemnast Pira og Rocche di Castiglione, som gode marker. Om vi går under jorda, er sjikta under det øverste jordlaget danna i tre tidsaldrar. Det er dei tre yngste aldrane i epoken Miocen. Serravallium, Tortonium og Messinium, frå 13,8 millionar til 5,3 millionar år sidan. Det er sandstein, sand, og grå og gråblå mergel, med litt leire somme stader i La Morra og Verduno. Dei ulike sjikta ligg litt ulikt rundt om i dei elleve Barolo-kommunane, og mange små og store åsar, erosjon og vinkelen på vinmarka, gjer at geologien er ganske kompleks. Castiglione Falletto er av dei kommunane med mest sand og innslag av kaliumkarbonat. Kaliumkarbonat er ein bestanddel i kalkstein, og dette gjev struktur til vinen. Sand i fleire lag gjer at røtene går gjennom og nedover til lag der det finst vatn og næringsstoff. Fleire produsentar meiner sandrike vinmarker gjev meir eleganse.

Under følgjer nokre notat på vinar med heilt eller delvis tilknytning til Castiglione Falletto.

Paolo Scavino Langhe Nebbiolo 2013

Notat frå 21.02.17. Mørk burgundfarga vin med brunt og lilla i kjernen. Transparent. Flott parfymert fruktmiks av søte jordbær, sure bjørnebær og lakrisrot. Smooth vin i munnen. glatt tekstur. (Det er vel nokre dyre rotofermenterar her som gjer jobben). Bra med frukt på smak. Det går i mørke bær, lakris og haustlauv. Tanninane kjem snikande på slutten og tørrar litt. Denne har fleire sexy år framfor seg. Scavino held til i Castiglione Falletto, men ifølge Skurnik Wines kjem druene til denne vinen frå to vinmarker i La Morra. Kosta i 2016 kr 239,-

Vietti Perbacco Langhe Nebbiolo 2012

Notat frå 23.04.16. Medium raud burgund med brunsvart skjær. Tett frukt, kompleks, med trekrydder, syrlige bær, nypete, appelsin og sopp. Kraftig attakk i munnen med rikelig syrlig frukt, tanninstruktur som tørrar, og ettersmak som sit godt i. Litt uintegrert alkohol, men gje denne litt tid så vil det bli bra. Kjem frå vinmarker i Castiglione Falletto. Vietti eig parsellar i Rocche di Castiglione, Scarrone og Villero. Får to års lagring, medan Baroloen får tre. Elles er det Barolo i alt unnateke namnet. Nyare årgangar får også frukt frå unge vinstokkar i Barbaresco. Kosta i 2016 kr 249,-

Monchiero Barolo Rocche di Castiglione Riserva 2009

Notat frå 14.04.18. Medium mørk burgunder. Noko utvikla farge, med oransje kant. Lett utvikla nebbiolo, med sursøt frukt. Syrlige raude bær, gamalt treverk og nedlagt jernbanespor. Ganske stilfull og elegant på dag to. Bra frukt i munnen. God syre. Smooth tekstur, men tanninane har eit grep allikevel. Litt “brune” tannin, noko som kan skuldast varm årgang. Rocche er bratt og med god drenering. Kan ha blitt lite vatn i eit slikt år? Litt steikt sopp og noko mineral i finish. God Barolo til 376 kroner. Står ikkje i varenamnet på Vinmonopolet at dette er ein enkelvinmarksvin frå Rocche. Kjøpt våren 2018 for 376,-

Roagna Langhe Rosso 2011

Notat frå 20.05.17. Utvikla medium burgund på farge. Strålande nebbiololukt med tobakk, tjære, gamalt treverk, tinte jordbær, mørk frukt og litt stall. Frisk, tørr vin med utvikla frukt og slipte tørre tanniner. Røyk, maltwhisky, gamalt treverk og lakris på smak. Godt tanningrep. Ein matvin. Litt mykje røyk og tre og litt lite frukt. Rustikk. Denne har fått fem år i botte. Druematerialet er frå unge vinstokkar i vinmarka Pira i Castiglione Falletto, og frå Paje i Barbaresco. Kjøpt i 2016 for 299,-

G. Mascarello Barolo dai Vigneti di Proprieta 2009

Notat frå 11.01.18. Lys transparent. Ser ut som sliten raud saft, blanda av ein sunnmørsk pietist. Den svært lyse fargen er vel litt husstil hjå Mascarello. Det er litt som ein god tryllekunst; eg forstår det ikkje, men er både forbløffa og imponert. Fyrste gong eg opna ei Mascarello og skjenka eit glas, byrja eg å le. Ok, lukt og smak då, Håvard? Sursøt, elegant på nasen. Syrlige og søte raude bær som rips og tinte jordbær. Sandaktig mineralitet med typisk Castiglione Falletto-karakter. Ei aning tobakk og gamle fat. Lett og elegant i strukturen, men allikevel fast. Det smakar av raude bær. Litt sylta, men ikkje utprega dominert av ein varm årgang. Lang ettersmak der det kjem fram litt lakris og mørk sjokolade. Oh yeah, dette er vin å bli glad i! Kjøpt i 2017 for 598,- Kostar våren 2018 kr 649,90

Finst det nokre likheiter mellom desse? Ja, eg kan vel berre stemme i med litteraturen, som seier at vin frå Castiglione Falletto har både eleganse og bra med struktur. Her er naturleg nok svært ulik vinifikasjon. Korleis dei forskjellige produsentane arbeider i vinmarkene har eg ikkje oversikt over, men det spelar også inn. Men eg tykkjer her er noko som gjer at eg har kjøpt desse og vel å hamre ned nokre ord om dei. Dei er ikkje så gamle, men er likevel svært gode å drikke no. Er dei gode kjøp? Ja. Samanlikna med kva ein får i Burgund, er dei fleste eit hestehovud framom. Samanlikna med andre nebbiolo- og Barolovinar frå andre kommunar, så finst det nok av gode kandidatar. Sjølv om topprodusentane som Aldo Conterno, Giacomo Conterno, Bruno Giacosa, Giuseppe Rinaldi og Bartolo Mascarello er dyre, finst det rikeleg med Barolo og Langhe Nebbiolo frå gode produsentar å få tak i. Stilmessig var det litt ulikt, men så var det fleire årgangar representert. Scavino var typisk utan å vere frå Castiglione…, Vietti litt umogen og ung. Roagna vert svært rustikk, samanlikna med dei andre. Mascarello er dyr, men presumtivt av dei beste i kommunen. Det var tidlegare ein Langhe Nebbiolo tilgjengelig til 349, som var eit godt kjøp. Mascarello kombinerer nesten burgundersk eleganse med indre kraft, på ein måte eg har til gode å oppleve andre stader i Barolo. Monchiero, som eg ikkje hadde høyrd om før, var ei positiv overrasking, og eg trur at denne vinen vil kunne skine endå klårare i eit meir klassisk år.

Leave a Reply