Kardinalsynd og juksepavar #3

I musikkverda er det ikkje uvanleg å “låne” parti frå andre songar og verk. Ei akkordrekkje, eit par riff, ei vokalfrasering. Er det halveges gjøymd, eller berre ein lita aning, kan det kallast ein hommage. Utgjer det for mykje av songen vert det tjuveri.

Nasking

Fyrste gong eg såg etiketten til Mayer Pinot Noir, tenkte eg det var eit småfrekt tjuveri. Eg har vore så heldig å smake Chambertin frå Rousseau. Eg har endåtil helsa på Eric Rousseau. No er det ikkje lenger så aktuelt å drikke slike vinar. Men etikett-tjuven med tysk pass og vinstokkar gjøymd unna på den sørlege halvkule, tok eg meg råd til. Andre gong eg såg etiketten til Timo Mayer, var på eit pol i Bergen. Flaska blei med heim.

Lakris og funk

Om vi ser bort frå etiketten, er det lite ved innhaldet som er forsøkt kopiert frå meisteren i Gevrey. Drua er pinot noir, men musikalsk er det meir mot funk, der raud Burgund spelar på klassiske instrument. Men her er noko som kan tolkast som Gevrey-aktige tonar, det er litt jord og lakris. Det kan kome uhøyrde tonar frå fiolinar og cello òg.

Frå Württemberg til down under

Timo Mayer er altså frå ein vinfamilie med lange røter. Heimstaden er Fellbach i vindistriktet Württemberg. Men han reiste til Australia for å lære seg meir om vin. Hjå Steve Webber på De Bortoli i Yarra Valley lærte han å like funk. I vin då. 2,5 hektar vinmarker vart fiksa i 1999, og fyrste årgang var 2002. Dei fyrste åra vart vinen laga på Gembrook Hill, litt lengre sør i Yarra Valley, der Timo arbeidde som vinmakar.

Metode

Timo kallar seg “just a farmer” men beherskar naturlegvis falsk beskjedenhet til fingerspissane. Vinmarka, som Timo kallar “Bloody Hill”, er planta med pinot noir, gamay, syrah, cabernet sauvignon, nebbiolo og chardonnay. Vinmarka vert stelt med kjærleik og kunnskap om beskjæring av bladverket. Druene er naturlegvis hausta for hand. Han har stor tru på heile klasar i gjæringskaret, basert på gamle dagars metoder. Dei hadde ikkje avstilkingsmaskiner før, men dei laga god vin. Close Planted Pinot Noir er laga med om lag 50% heile klasar. Vinen ligg elleve månader på fransk eik. Elles er det “hands off” og ein minimal tilsetjing av svovelsulfitt ved tapping.

Timo Mayer Close Planted Pinot Noir 2018

Medium burgunderraud på farge. Ah! Funky lukt. Her er fudge, raude bær og eukalyptus. Med eit par timar open og litt høgre temperatur, kjem det fram jord, møkakjellar og lakris. Er det eit snev av Gevrey her? Litt eik etter kvart. Sexy eik. Syrlig og lett vin med lite tannin. Lett Gevrey-aktig rustikk munnkjensle. Artig vin! Prog og funk. Altså utviklar han seg i glaset. Smakt i lag med Arne 12.02.20 frå Zalto Burgundy, ved eit kvitt firkanta bord. Ikkje at det betyr noko for meg, men kanskje for andre. Vinen kosta 499 spenn, og det er han jammen verd. I skrivande stund finst det fem flasker att i Noreg, og dei står på Bystasjonen i Bergen. 2019 vert visst ikkje laga, pga litt mykje smoky preg på druene… Så kvifor denne vinen, då? Her er mykje drikkeglede. Vinen er pinot på ein litt funky måte, men det er innafor. Og det er ei fin utvikling i glaset og over eit par timar med opa flaske.

Men skulle du ikkje ta nokon i juks, Håvard? Var ikkje det liksom greia med artiklar i denne serien?!

Ok, etiketten er kul og ein hommage til Rousseau Chambertin. Men om han skulle vore skikkeleg bad guy, så måtte han skrudd til detaljnivået. Men, om eg får leike djevelens politiadvokat, så kan eg tilføye desse tiltalepunkta:

Ein. Vinen er den som tidlegare heitte “Close Planted”, men det står ikkje lenger på etiketten. Timo seier at det er 6000 planter pr hektar. Vel, i Burgund er det ikkje uvanlig med 10000 planter pr hektar, altså med 1×1 meter mellomrom. Timo sine står tett på rekkje, men det er god plass mellom rekkjene.

To. Timo kallar vinmarka “Bloody Hill” fordi ho er bratt. Bileta av vinmarka gjer inntrykk av ei langt brattare vinmark enn mykje av det som finst i Australia, men bloody bratt? Vel, som tyskar burde han kjenne til ein del langt frekkare brattbakkar i sitt Faterland, for eksempel i Mosel.

Tre. Timo Mayer har ei enkel nettside med seks setningar, og kontaktopplysningar. Ei av setningane lyder: “By the way, we don’t do back labels and bar codes.” Es tut mir leid, Herr Mayer, aber die Vinmonopolet brauche die Strichcode.

Ein tanke på “Kardinalsynd og juksepavar #3

Leave a Reply