Kardinalsynd og juksepavar #4

Kva har Siv Jensen sitt indianarkostyme, og isbit-utvinning frå Svartisen med vin å gjere? Det kjem vi til. Men du har kanskje allereie byrja å sjå teikninga her? Det handlar om å følgje skrivne og uskrivne reglar, om moralske kompass ute av kurs, ja slike ting.

Fellesskap

Som vinbonde og/eller vinprodusent er ein som regel del av eit fellesskap med andre i same situasjon på same stad. Dei fleste vindistrikt er samanhengande vinmarker, ikkje spreidde øyer av kulturlandskap midt i øydemarka. Som aktør i dette kulturlandskapet må ein pent halde seg til gjeldande lover og reglar innan landet og regionen. Samtaler og samspel med kollegaer i same landsby eller vinmark, bidreg til kunnskapsutveksling, men truleg også til ei form for kulturbyggjing. Om ein er fersk eller har lang fartstid, vil det uansett vere freistande å forsøke å gjere litt som dei som utmerkjer seg med dei beste vinane.

Sol, regn og økonomi

I dei fleste vindistrikt finst det allikevel somme hardnakka individualistar med sære meiningar. Men dei òg er bundne av dei same lovene og reglane som tradisjonalistane. Og dei kjem heller ikkje unna vêret, klimaet og geologien. Regnet er likt for alle. Dette bidreg til å setje nokre grenser. Økonomi er også ein faktor, og tilgangen til land, eller vinmark. Om ein er ny i eit vindistrikt er det ikkje sikkert det er nokon som vil selje eller leige ut vinmark. Eller ein har ikkje råd til å betale. Men marknadskreftene ser ut til å vere på lag med dei rike. Har du nok pengar er det ein pris på alt. Auka popularitet har gjort at det som tidlegare var eit ork av ein vinmarksarv i Barolo eller Barbaresco, no er blitt lukrativt å selje ut til pengesterke folk med jordsjuke i Nebbiolo-land.

Dyrt land

Høge landprisar er kjekt for ein familie som har arbeidd med nøysemd i generasjonar, og som har tenkt å gje seg. Men det betyr også at om neste generasjon har tenkt å ta over, vert arveavgifta urimeleg høg. Dei astronomiske summane som vert kravd for ein hektar i Serralunga, Chambolle-Musigny eller Pauillac, gjer at det berre er styrtrike personar eller investeringsselskap som har råd til dei gjævaste vinmarksparsellane. Eksepsjonelt terroir vert sett pris på. Og prisen er høg.

Sjølvlaga

Verda elles har mykje areal som er mogleg å dyrke vindruer. Men med om lag 8000 år med prøving og feiling, skulle ein tru at dei beste stadane alt var oppdaga. Det er ikkje til hinder for folk med sjølvtillit, feit lommebok og slik marknadsføringssjargong som amerikanarane likar. Og er det noko dei likar der borte i USA, så er det self made men.

Frå pels til Cayman Islands

Ein slik mann er Alexander Vik. Han har norsk pass, men er elles svært internasjonal. Oppvaksen i Sverige i ein familie som handla med pels. Utdanning frå Harvard og gode skussmål for golfspel. Kva land som får glede av skattekronene hans, er ikkje godt å seie. Kanskje Monaco, der han har eit krypinn. Wikipedia-artikkelen om han er kort, trass i nokre forbløffande fakta. Men den svenske wikipedia-sida har med nokre fleire pusslebitar. Og bilete som trer fram er ikkje veldig pent… Det kan sjå ut som han selde forsikringsselskapet Home til Trygg Hansa for 800 millionar dollar, trass i at det var konkurs. Saman med broren Gustav kjøpte dei i 1997 eit svensk internett-selskap med namn Mirror Image. Selskapet skifta namn til Xcelera og vart registrert på Cayman Islands.

Dot.com

Selskapet sine aksjar var våren 1999 berre verd 36 øre. Men frå Xcelera kom det pressemeldingar om samarbeid med dei fremste teknologi-gigantane på den tida, noko som presse og investorar slukte med søkke og snøre. Fram til toppen 23. mars 2000, då ein aksje var verd 2000 kroner, hadde selskapet ein auke i verdi på 74 333 %! Sidan det var registrert på Cayman Island, var det ikkje pliktig å leggje fram kvartalsresultat. I ettertid viste det seg at selskapet hadde ei omsetjing på under to millionar kroner. Vik selde seg ut før bobla sprakk, og sat att med 250 millionar dollar.

Akrobatikk og semnatikk

Den opprinnelege grunnen til å “anmelde” vinen til Alexander Vik, var semantikk. Det er måten han tek i bruk ordet terroir, som er litt respektlaust. Det er utan omsyn til historia, og meir som ein kulturell appropriasjon eller eit tjuveri. Denne finansakrobatikken hans er det opp til ymse rettsinstansar å setje ein dom over. Og det er det fleire som har prøvd på, men Vik har kome seg heilskinna unna dei fleste. Måten Vik har drive forretning på i fortida, gjer også noko med truverdet i det han seier om sine prosjekt av i dag. Mangel på transparens, tilbakehalding av informasjon og lurendreieri synast å vere refrenget som går att.

Nytt terroir

Å seie at Alexander Vik har kjøpt seg ein vingard, vert litt feil. Han har kjøpt seg ein heil dal. Totalt 4300 hektar, og planta om lag 364 av dei med vinstokkar. Då skjønar du sikkert at dette ikkje ligg i Saint-Julien, Castiglione Falletto, Vosne-Romanée eller Montalcino. Vik har sett seg eit mål om å lage “one of the world´s best wines”. Då ville det vore naturleg å forsøke seg i vinområder eller terroir med velprøvd suksess eller sterk konkurranse. For med slike ambisjonar har han vel tenkt å måle seg mot dei beste. Eller?

Øydemark med potensial

Nei, Vik har nærast skapt noko frå inkje. Det ser unekteleg flott ut i Millahue, Cachapoal, Chile, der Alexander og kona Carrie har ranchen sin. Men å seie at dette er det beste terroir-et i Sør-Amerika, når det er heilt upløyd mark, er ei misforståing av begrepet terroir. Berre fordi ein plantar vinstokkar på ein flekk jord, vert det ikkje eksepsjonelt terroir. Ein stad vert heller ikkje den beste staden å dyrke vindruer, berre fordi ein rik mann seier det. Show, don´t tell. Terroir vert til gjennom eit tidsspenn. Terroir vert til gjennom at mange smakar vin frå den aktuelle staden, og at særskilde kjenneteikn ved terroiret viser att i vinen og vert verdsett av kritikarar og publikum.

Ei kjensle av..?

Måten Viña Vik nyttar ordet terroir, er i beste fall grønmåling av eige prosjekt. Han tek eit litt vagt, men positivt lada ord og klistrar det over eiga nettside og ambisjonar. Terroir har ikkje den same tydinga over alt i vinverda. Terroir må forståast ulikt i Bourgogne, Bordeaux, Mosel, Champagne, Chianti, Jerez eller Cachapoal. Vik har nytta ekspertar på geologi og vindyrking for å finne ein god stad for dei ulike druesortane. Området var berre øydemark før dei fyrste vinplantane kom i jorda i 2004. Om vi skal forstå ordet terroir i den mest generelle tydinga, som sikkert mange vil kunne stille seg bak; ei kjensle av opphav, a sense of place, som engelske vinfolk seier, kva er typisk for Millahue, Cachapoal i Chile? Dette seier Vik ikkje noko om.

Vik frå meg

Med 4300 hektar, er det eit stykke til næraste nabo, så å gjere noko samanlikning med andre vinar frå området er ikkje lett. Men, det kan synast som om berre 20% av druene frå dei 364 hektar med vinmarker går til eigen produksjon, og resten vert seld vidare til andre produsentar. Kven desse er, har eg ikkje kunne finne ut av. Visst går det an å hente is frå Svartisen med helikopter, til eksklusiv isbitproduksjon. Men er det verkeleg så berekraftig? Vi får håpe på at milliardane som Vik “fekk” av aksjeeigarar i Xcelera ein dag er blitt til verdas beste vin. Førebels er det mykje tomt prat. Jane Anson skriv her om eit ønskje om meir transparens og ansvar hjå dei som aspirerer til å lage fine wine. Eg tenkjer litt i same baner i denne artikkelen om Dom Perignon.

Vik Milla Cala 2014

Djup, opak rubinraud vin, som er noko utvikla mot brunlege tonar. Eg trur nok vinen var meir mot det lilla i heilt ung alder. Lukta som stig opp or glaset er rik og søtleg. Her er solbærsirup, men også noko syrlige bjærnebær og garrigue. Ganske mykje laktiske eikearoma melder seg på, med smør, eik og karamell. Fyldig, rund og litt svær vin i munnen. Polerte tanniner, men dei gjev i det minste litt motstand og struktur til resten. Mykje søte bær på smak, men ok syre. Noko alkoholstikk i ettersmaken trekkjer ned. Ein vellaga vin av godt mogne druer, så handverket er det ikkje noko å seie på. Men det vert litt over the top. Det smakar av seint hausta cabernet med mykje ny eik, og dette kunne vore frå Bolgheri, Stellenbosch, Catalonia eller Napa Valley. Milla Cala er Vik sin rimelegaste vin. Druemiksen er 55% cabernet sauvignon, 27% carmenere, 12% syrah, 4% merlot og 2% cabernet franc. Kva kostar dette? Vinen vart sett ned i pris 1. mai frå 599,- til 329,90. Om du er ein av dei som hadde verdilause aksjar i Xcelera i april 2000, ville eg ikkje betalt så mykje..

Ein tanke på “Kardinalsynd og juksepavar #4

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *