Keep palm & carry on – Vin på Bali

Middelklassen treng vin, men vin treng også middelklasse. Med turismen har Bali hatt ein enorm økonomisk utvikling –  kombinasjonen turisme, busetnad av expats frå resten av verda, og ei gryande middelklasse i lokalbefolkninga har skapt ein etterspurnad etter vin som har fått fleire og fleire produsentar på bana..

Indonesia har eit konservativt luksusvaresyn på alkohol og har klaska 150% alkoholavgift oppå alt som skal importerast – i praksis betyr det om vi tar pinot noiren til Cloudy Bay som døme, kostar den 320,- i Noreg, men rundtom 800 kroner i vinhjørnet på supermarknaden!

Kva blir så strategien? Mange av high end-restaurantane har funne ein tredje veg: lag drikkemeny med cocktails og tilpass smakane til kvar enkelt rett, noko som fungerar veldig bra. For vinen sin del gjenstår to moglegheiter: importer frosne druer og omdann til alkohol på innsida av tollgrensene – Cape Discovery gjer dette med druer frå Margaret River – eller dyrk druene sjølv.

Innimellom papaya, rambutan, nellik og ris blir det dyrka vindruer på Bali. Heilårshausting i tropisk klima kan fort bli litt komisk – lokalprodusenten Hatting sin rosé har hatt 300 “årganger” dei siste 17 åra, og druene heiter rare ting som probolinggo biru og belgia. Denne gongen skal vi smaka to forskjellige boblevinar med ulik strategi.

Cape Discovery Sparkling Brut Cuvée NV

100 prosent chardonnay med frosne druer frå Margaret River. Vinen er laga på Bali med charmatmetoden, der andregongsgjæringa skjer under trykk i store tankar.

Intens stikkelsbærduft frå nyopna flaske – minnar meir om ein sauvignon blanc frå Marlborough enn ein chardonnay, roer seg kjapt ned og får smågodt, lime og florale toner på snuten.

Stikkelsbær, kiwi, tropisk nektar, litt bitre urter. Fin smak, men slutter litt stumt – uansett leskande og prisgunstig alternativ som sto godt til verdas beste golden prawns. Pris i butikk, oktober 2018: 95 kroner.

Hatten Tunjung Brut Sparkling NV

Veteranen på Bali har måtta skjerpa seg med stadig nye konkurrentar, og har løfta kvaliteten kraftig dei siste åra. Eg har hatt dei i sidesynet ved tidlegare besøk på Bali, men det er først i år eg oppdaga at dei lagar ein musserande med sjampanjemetoden, frå druer dyrka på øya!

Det er vanskeleg å finna ut av druesorten probolinggo biru – enkelte kjelder spekulerer i om det er ein variant av frankenthaler, andre meiner schiava grossa eller trollinger om du vil. I forvirrande indonesisk stil er det også uklart om vinen har litt belgia frå muscat of Alexandria-familien i seg.

Herleg duft. Litt brødbakst, pasjonsfrukt, agurk, blomst, sitrongras og lime – ikkje noko kraftpakke på snuten, men reine og fine dufter.

Desto meir trøkk i munn. Spisst anslag, midtparti med mykje eple, sitronskal og tropisk nektar, litt kantete overgong til ei lang avslutning med kvass lime som renskar opp. Reine, leskande smakar som gjev lyst på ein ny slurk. Pris i butikk, oktober 2018: 150 kroner.

Musikkbonus:  Luh Luwih Gamelan Orchestra. I eit komplekst patriarkalsk samfunn som på Bali har det dukka opp eit reint kvinneleg gamelanorkester som antakeleg har måtta prestera betre enn snittet for å verta akseptert. Då eg høyrde dei første gongen i 2007 – mind you, dette er danse(r)musikk der to trommer, ei feminin og ei maskulin styrer musikken og dansarane – var det ikkje meir akseptert enn at ein mann™ måtte handtera den maskuline tromma. Seinare år er vi forbi dette.

Vanvittig kompleks musikk som samstundes kan vera veldig hypnotisk – eg har opplevd at straumen har gått under framsyning – stupmørkt i 20 sekund, men damene mista ikkje ein beat…

 

 

 

Leave a Reply