Kult eller kalkun #2

Vinverda har sine eigne ekkokammer, saueflokkar og rottefangarar med lokkande fløytelått. Det skal difor ikkje så mykje til for å oppdage noko nytt og spanande. Ein må berre stille inn antenna på ein litt vidare frekvens. Har de høyrd om Clos Cibonne? Nei, det hadde ikkje eg heller.

Glatt

Rosévin som kategori er veldig lettsindig og glatt. Synest eg, då. Det manglar knaggar av terroir, typisitet, vinmarker med særpreg eller historier som fangar interessa. Trass i at det finst eigne område og appellasjonar dedikert til rosé, prøver dei alle å selje rosé på same måten som leskedrikk. Difor når dei ut til hundre millionar urbane kvinner, medan eg fnys av heile greia.

Styggen på ryggen

“Men er du sikker på at du har sett deg nok inn i materien?” seier ei bikinikledd røyst på skuldra mi. På den andre skuldra sit ei anna bikinikledd, berre med to raude horn i panna, og seier: “Det er så overflatisk. Kom så ser vi om det er noko Chablis i kjøleskåpet.” Medan dei på skuldrene mine kranglar, har eg fått eit nyheitsbrev i innboksen. Hmm.. ein kult-rosé?

Antipati og antipasti

Det viser seg at rosé-verda inneheld meir enn salad nicoise, cabincruiser i Cannes, bringebær-luktande rosa prosecco og Il Mimo. Faktisk finst det ein idiosynkratisk, sær og historisk rosé eg ikkje har visst om. Og då har den huka av i alle mine boksar. Ja, det finst nok sikkert fleire der ute, men denne fann eg nesten sjølv. Takk, Alf!

Tibouren

Appellasjonen er trauste Côtes de Provence, men det er meir bak den gamaldagse etiketten. Familien Roux har eigd ein eigedom oppe i bakkane ved byen Toulon sidan 1797. I 1930 hadde André Roux ein idé om å satse på den litt ujamne druesorten tibouren. Om du stig i land på italiensk side av grense oppe i Genova-bukta, går sorten under namnet rossese di dolceacqua. Vinmarkene til Clos Cibonne er dels bunde opp på wire og dels er det enkeltbuskar, eller gobelet. Det er kort veg til sjøen, og vinden bidreg til god ventilasjon og mindre problem med soppangrep. Berggrunnen under vinstokkane er glimmerskifer og leire.

Gamal metode

Men det er meir enn druesort og arbeidskrevjande oppbinding. Etter knusing og maserasjon for å få rosafargen, vert mosten spontangjæra i ståltank. Vinen ligg så i 5000-liters foudre som er 100 år gamle. Fata vert ikkje fylt heilt opp, så det legg seg eit lag med flor på toppen av vinen. Etter 12-18 månader vert vinen tappa på flasker. I samsvar med reglane i Côtes de Provence, kan det ikkje vere meir enn 90% av ein druesort i rosé, og vinen inneheld 10% grenache.

Fleurette

I Jerez heiter det flor, i Jura kallar dei det voile og om Clos Cibonne ser eg at nokre har brukt det franske ordet fleurette. Dette er tre stader der ein medvite lagar vin med dette laget av gjærsopp på toppen av vinen i eit fat eller tank. Men flor kan oppstå i vinproduksjon andre stader òg, særleg om det er høg alkohol og fat eller tank har ei luftlomme. Hjå Clos Cibonne er det både berme i botnen av foudre, og flor på toppen. Dette bidreg til ein sær og rik rosé, og er ein måte som kanskje fleire nytta for 50-100 år sidan. Det kan sjå ut som det er vinane “Tradition” og “Cuvée Speciale de Vignette” som har flor-lagring, medan “Cuvée Caroline” gjærar og mognar i 8-10 mnd i 300-liters eikefat utan flor.

Clos Cibonne Tradition Côte de Provence Tibouren Cru Classé Rosé 2019

Meir oransje enn rosa, faktisk mot lys koparfarge. Oh, her er både høge tonar og bass. Noko friskt og steinete som eg av og til finn i chardonnay og savagnin frå Jura. Tydeleg at tid på fat har teke vekk ein del av frukta. Her er litt bringebær, gule eple og klementin. Rik, glatt og fenolisk munnkjensle som kjem av fatlagring. Samtidig er det eit løft her som kanskje kjem av floren. Noko bringebær og klementin i smaken òg. Gøy vin! Veldig konsentrasjon til rosévin. Ein klar kult-vin i min munn! Dette tåler nok mykje forskjellig mat, både sjømat, kjøtmat og sterkare smakar. Notat på eldre årgangar på Cellartracker tyder på at denne kan vere verd å lagre nokre år. 13,5% alkohol. Vinen kostar 275 kr. Flaska vart sendt av importør.

PS: I 1955 klarte 23 eigedomar i Provence å tuske til seg ein Cru Classé-status, som ein av få utanfor 1855-klassifiseringa i Médoc. Clos Cibonne fekk òg unnatak frå INAO sin konservative reglar, og har druesorten “Tibouren” på etiketten.

Her finn de Kult eller kalkun #1.

Linn skriv meir om rosé, her frå i fjor.

2 tankar på “Kult eller kalkun #2

Leave a Reply