Kvinneleg intuisjon?

Lieser, Mosel 1984; den kalde krigen er på sitt mest intense i Europa. Men i Vest-Tyskland går det framover. I tre tiår har søthungrige tyskarar meska seg i det søte, etter ramsalte år under krigen. No er det tyske vinpublikum ikkje lenger så interessert i halvtørre og søte vinar. No er dei byrja å sjå kva vinar som er populære i andre land, og kvitvinen skal vere tørr. Sybille Kuntz har teke over ein liten vinmarksflekk etter foreldra. Det er for smått til å leve av, men ho har ein visjon.

Sybille Kuntz tok på midten av 80-talet ei utdanning i formgjeving ved universitetet i Wuppertal. Og i oppgåva laga ho etikettane til vineigedomen. Samanlikna med det som var vanlig design på etikettane i Tyskland på den tida, var ho svært utradisjonell og modig. Men trulig også smart. For etikettar med snirklete border og håplaust lange vinnamn i frakturskrift, var nok ikkje det enklast for konsumentar med anna morsmål enn tysk.

Ho var også klar på at vinen ho skulle lage i framtida måtte vere tørr. Og det måtte vere riesling. Det var drua som hadde vore brukt i dei beste vinmarkene langs Mosel i hundrevis av år. Etter krigen var det blitt planta druesortar som var enklare å dyrke og som gav høgre sukkerinnhald i druene. Men desse vart planta på flate vinmarker og på bekostning av riesling. I dei bratte bakkane over byen Lieser, var det riesling som ville gje best resultat. Her får druene sol fleire timar om dagen, og vert mogne nok til at vinen kan gjærast heilt tørr. Og det utan at syrenivået vert ubehagelig høgt. Sybille Kuntz skjøna at det ville bli mykje arbeid, for dei fleste av vinmarkene hennar var for bratte for traktor og maskiner. Ho var også ein av svært få kvinner i Tyskland på denne tida som tok leiinga i eit vinhus.

I dag driv Sybille Kuntz 15 hektar vinmarker totalt. I 2013 fekk ho økologisk sertifisering og i 2016 den biodynamiske sertifiseringa Demeter. Dei eldste vinstokkane i vinmarka Niederberg Helden er planta i 1920. Det meste er laga i ein tørr, rein og stram stil, og det er vinar som er meir passande rundt middagsbordet enn på fuktige forspiel. Men ho har også tenkt på esoterikarane der ute; Organic Riesling er ein oransje-aktig naturvin med skalkontakt.

Sybille Kuntz Mosel Riesling Trocken 2016

Svært lys på farge. Lukta er rein, frisk og høgtona. Litt metallisk, noko stein og syrlig sitron og friske eple. Ikkje verldig fruktig, men det luktar friskt og syrlig. Ein slank, tørr og stram vin med mykje mineralpreg og elektrisk syre. Det smakar av gule eple og sitrusfrukter. Rein og godt laga vin. 12% alkohol, 7,4 g/l restsukker, 7,4 g/l syre. Skrukork. Smakt frå Riedel Vinum Riesling 21.01.19. Flaska vart stilt til rådvelde av importøren.

Denne artikkelen er basert på ein tekst som stod på trykk i Helgavin-spalta i Sogn Avis i fjor, i høve kvinnedagen. God 8. mars til alle kvinner og menn!

2 tankar på “Kvinneleg intuisjon?

  1. Tilbakeping: Kvinnefilm & kvinnevin

Leave a Reply